Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

Årsmøte i Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

Felles årsmøtesamling for Småbrukarlaga i Hordaland og Sogn og Fjordane.

 

Hordaland  Bonde- og Småbrukarlag hadde årsmøtesamling 30.-31.mars i Ulvik. Som vanleg hadde me samlinga i lag med Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag.

 

Hovudtema på samlinga var «Klimavenleg landbruk. Kva er bærekraftig og klimavenleg?».

Kjersti Hoff, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Mari Gjengedal, organisasjonsrådgjevar i Norges Bygdekvinnelag og Arnfinn Gjerdåker, bonde og engasjert i karbonfangstprosjekt på Voss, heldt kvar sine innlegg om temaet. Alle tre innlegga var spennande, og temaet engasjerte dei om lag 50 deltakarane på møtet.

 

Årsmøtet valde Leif Grutle frå Sveio til ny leiar for laget. Jarle Helland frå Radøy gjekk av som leiar etter 12 år.


Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Akersgata 41
0158 Oslo

Telefon sentralbord: 22 00 59 10
E-post: post@smabrukarlaget.no

Organisasjonsnummer: 970 16 7943

Kontonummer: 8101.05.36928

Vipps nummer: 55 89 91

Utviklet av Imaker as