Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

Bli med på vandring i frukthagane på Espe.

Ullensvang Bonde- og Småbrukarlag skipar til den årlege hagevandringa sundag 18.august.

Møt opp kl.12.00 ved oppkøyringa til Meland/Brattespe.

Det vert litt fagleg prat, litt landbrukspolitisk prat, sosialt, mat og kaffi.

Alle er velkomne  - både medlemmer og andre interesserte.

Hagevandringa sundag 18. august 2019 føregår i jordbrukslandskapet på Meland, Brattespe og Espe. Styret i Ullensvang Bonde- og Småbrukarlag inviterer medlemer og ikkje-medlemer til ei vandring i noko av det mest krevjande og utfordrande jordbrukslandskapet Ullensvang kan visa til.

Den årlege Hagevandringa har ofte ulike tema, og flyttar seg frå grender og bygder i kommunen slik at mange skal få eit inntrykk av jordbruket og landskapet i dei ulike delene av heradet. Når me no skal verta ny kommune etter lokalvalet i september kan det vera høve for fleire til å gjera seg kjend med grender og bygder dei gjerne ikkje kjenner godt.

Ullensvang Bonde- og Småbrukarlag har lenge hatt som jordbrukspolitisk sak korleis dei mest vanskelegstilte jordbruksareala skal få del i den teknologiske utviklinga som andre meir lettdrivne areal får til sitt jordbruk. Dette er svært viktig å fokusera på fordi vanskeleg og bratt areal er ein del av kvardagen til mange bondefamiliar. Utviklinga av reidskapar og maskinar har etterkvart fått eit stort fokus på grunn av miljø- og klimakrav, men det blir fort eit fokus som ikkje inkluderer dei minste gardsbruka på dei mest krevjande jordbruksareala. For bønder som driv fruktproduksjon i bratte bakkar er grasslått og sprøytearbeid ofte svært krevjande, og me ynskjer å oppretthalda ein høg verdi på dette arealet fordi fruktproduksjon gjev høve til stor verdiskaping. Temaet er viktig også fordi arbeidskvardagen til bønder er svært ulik frå grend til grend på grunn av utforminga av landskapet, og me ynskjer at teknologien skal nå alle til ein kostnad som er akseptabel.

Hagevandringa startar innom Kvalnes opp den kommunale vegen til Meland og Brattespe, og me tek oss ned til Espe på den bratte gamlevegen. Grunneigarane på ruta er informert, og det er fint om dei det passar for er med og gjerne informerer oss litt. Det er tradisjonell fruktproduksjon langs etter løypa, alle fruktartane er representert, og me passerer husdyrbruk med sau og storfe. Sauene er nok enno i fjellet når me fèr forbi, men landskapet ligg der.

Matøkta og kaffi tek me i tunet hjå storfebøndene ved slutten av løypa. Me skal syta for at borna også får litt mat og drikke dei likar.Det blir naturlegvis litt informasjon omkring jordbrukspolitikk, og korleis denne politikken påverkar bønder i vårt område.

Heile hendinga passar godt for familiar med born, og også for folk som ikkje driv med jordbruk i det daglege. Maskinteknikk og utfordringar i det bratte terrenget i dette området blir også tema. Ein del av landskapet er oppdyrka i moderne tid, men er også i dag svært utfordrande å driva jordbruk i.

Hagevandringa blir annonsert i Hardanger Folkeblad og gjennom sosiale media som facebook og e-post. Alle som har interesse av fruktproduksjon, husdyr, jordbrukslandskap og jordbrukspolitikken som skal hjelpa til å stella dette landskapet er velkomne.

Med helsing

Styret i Ullensvang

Bonde- og Småbrukarlag.


Velg ditt fylkeslag
Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Innkalling til Landsmøtet
(innkalling-til-landsmotet.pdf, 37kB)

/share/mime/48/pdf.png Kjøreplan Landsmøtet
(kjoreplan-landsmotet-9-10-november-2019.pdf, 80kB)

/share/mime/48/pdf.png Landsmøtehefte
(landsmotehefte-2019-2210-.pdf, 727kB)

/share/mime/48/pdf.png Politisk plattform
(politisk-plattform-endelig.pdf, 551kB)

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2019
(moteplan-nbs-2019.pdf, 96kB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41
    0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970 16 7943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vipps nummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as