Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

Budsjettforslag vil råka mange vestlandsbønder

Regjeringa sitt budsjettforslag om å heva grensa for registrering i meirverdiavgiftsregisteret frå 50.000 til 150.000 vil råka meir enn 7000 bønder på landsbasis.

Regjeringa foreslår i statsbudsjettet å heva grensa for registrering i Meirverdiavgifts-registeret frå 50.000 kroner til 150.000 kroner. Dette forslaget vil råka mange i landbruket, over 7000 bønder vil truleg ha for liten omsetnad til å fylla dei nye krava.

For å oppnå ein omsetnad på 150.000 kroner treng ein minst 70 vinterfora sauer. I Hordaland har eit gjennomsnittleg sauebruk i dag litt over 50. Store og små investeringar på mange sauebruk i fylket vårt kan fort verta for kostbare når ein ikkje får attendebetalt meirverdiavgifta. Ei investering på 1 million vil verta 250.000 kroner dyrare enn i dag.

Regjeringa seier at dei ”vil leggja til rette for å få fleire unge til å gå inn i næringa”. Dette forslaget vil spesielt råka unge som vil skapa seg ei framtid i landbruket, og som i etableringsfasen ikkje greier å oppnå ein årsomsetnad på 150.000 kroner.

Kombinert med jordbruksoppgjeret i år vil forslaget føra til færre nyetableringar og færre unge som vil satsa på landbruk. Naudsynte investeringar på mindre bruk vil ikkje verta gjort, og på sikt vert bruka lagt ned. Resultatet av dette vert mindre rekruttering, mindre matproduksjon, meir arealavgang og meir attgroing og forfall. Er det dette Regjeringa ønskjer?


Velg ditt fylkeslag
Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Innkalling til Landsmøtet
(innkalling-til-landsmotet.pdf, 37kB)

/share/mime/48/pdf.png Kjøreplan Landsmøtet
(kjoreplan-landsmotet-9-10-november-2019.pdf, 80kB)

/share/mime/48/pdf.png Landsmøtehefte
(landsmotehefte-2019-2210-.pdf, 727kB)

/share/mime/48/pdf.png Politisk plattform
(politisk-plattform-endelig.pdf, 551kB)

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2019
(moteplan-nbs-2019.pdf, 96kB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41
    0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970 16 7943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vipps nummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as