Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

Foredrag med Dag Jørund Lønning

Dag Jørund Lønning held foredrag i Jordvernforeininga i Bømlo!

Sett av kvelden torsdag 6. oktober kl 19.30, på bibloteket på Sams Senter, Svortland i Bømlo!

 

Jordvernforeininga i Bømlo er glade for å ha profesor Dag Jørund Lønning som foredragshaldar om tema, "Jordvern i Bømlo?". Lønning er landets første professor i nyskaping og bygdeutvikling, og tildagleg tilsett som rektor på Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling. Han vart kåra til Årets norske landbruksbloggar i 2014 og Årets norske bygdeprofil i 2015. Dag Jørund Lønning har dei siste åra vore knytt til EU-kommisjonen som ekspert på landbruk, bygdeutvikling, entreprenørskap og kulturarv.

Jordvernforeinga i Bømlo oppsto hausten 2015. Den direkte årsaka var avmakta fleire grunneigarar erfarte i møte med Statens Vegvesen og Bømlo kommune. Enorme summar skal investerast i bustadfelt, industriområder og nye vegar.

Fleire har følt seg ført bak lyset i demokratiets navn. Det å navigera inn i ein jungel av spelereglar som er laga av vegvesen, vegselskap, kommune politikarar, og kommune administrasjon, er eit sjakk spel der bonden blir sjakkmatt. Alle blir lova at dei skal bli høyrt, alle skal få lov å komma med innspel i aktuelle saker. Mange erfarar at vegvesen og kommune ikkje svarar på hendvendingar.

Folket trur at Storting og regjering har vedteke gode lover som skal ivareta biologisk mangfald, kulturlandskap, og jordvern. Me erfarar at desse lovane har liten og ingen verdi når dei skal brukast lokalt. Tvert i mot synest me å sjå at byråkratane leitar etter smutthull for å komma klar alle gode lover som skal sikra etterkommande generasjonar kulturlandskap, biologiskmangfald og mat.

I 2007 vedtok Bømlo kommune ein landbruksplan som skulle vara i 50-70 år. Dette var eit iniativ etter den gong landbruksminister Lars Sponheim. Der vart kalla til folkemøte på det lokale hotellet i Bømlo, der ca 90 bønder var samla, saman med landbruksleiar i Bømlo, samt 3 representantar frå fylkesmannen i Hordaland. Me blei fortalt at planen var meint å skulle sikra kommande generasjonar mat. Planen blei vedteken i kommunestyret. Deretter skjedde det oppsiktsvekkande at det eine område etter det andre i landbruksplanen blir omregulert etter berre nokre få år. Her kunne me lista opp mange dømer på kor lite akta bønder er.

Me ser at der føregår ei fragmantering av landbruksareal, med kommunens velsigning. Grunneigarar sel til lokale handelsfolk, som straks prøver å få areala omregulert til tomter og industri. Prisane på landbruksareal har blitt himmel høge – vanlege folke som bønder, har ingen mulighet til å vera med på budgivinga. Samstundes sitt dei same byråkratane og hjelper bønder med søknadar til nye fjøs –! Inovasjon Norge gir millionar, samstundes som areala blir øydelagt for landbruk. Der blir neppe mat nok om 50-70 år, slik Sponheim planla.

Kvifor er matjorda på Bømlo viktig? Fordi jord er ein høg etisk verdi, - som gir mat til ein auka befolkning i ei svolten verd! Vårt ansvar for å produsera mat til nasjonen, er like stor som vår etiske plikt til å visa solidaritet med dei svoltne i verda. Skal kommande generajsonar overleve, så lyt ein ta vare på matjorda. Det er vårt ansvar å sjå til at verda har bærekraft for kommande generasjonar. Då er våre små jordlappar i vårt øyrike like viktige som den gong våre foreldre og besteforeldre sette sine poteter på dei små teigane me har mellom bakkar og berg, og livnærte seg på sild og poteta.

 


Velg ditt fylkeslag
Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Innkalling til Landsmøtet
(innkalling-til-landsmotet.pdf, 37kB)

/share/mime/48/pdf.png Kjøreplan Landsmøtet
(kjoreplan-landsmotet-9-10-november-2019.pdf, 80kB)

/share/mime/48/pdf.png Landsmøtehefte
(landsmotehefte-2019-2210-.pdf, 727kB)

/share/mime/48/pdf.png Politisk plattform
(politisk-plattform-endelig.pdf, 551kB)

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2019
(moteplan-nbs-2019.pdf, 96kB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41
    0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970 16 7943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vipps nummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as