Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

Fylkesårsmøte 2016

På fylkesårsmøtet 12.-13.mars 2016 vart Jarle Helland attvald som styreleiar i Hordaland Bonde- og Småbrukarlag. Nye styremedlemmer vart Jon Korff Lofthus frå Ullensvang og Gaute Røssland frå Osterøy. Nils-Brynjulf Bøe frå Os tok attval. Dag Kyrre Lygre, Øystein Hole og Birte Larsen var ikkje på val.

Årsmøtesamlinga vart halde i lag med Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag, og om lag 40 småbrukarlagsmedlemmer var samla i Førde.

Hovudtema var ”Aksjon Ny landbrukspolitikk”, og politisk nestleiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Arne Lofthus, heldt eit godt og engasjerande innlegg om dette. Med oss hadde me og Arne Næs som mange kjenner frå Brennpunktprogrammet ”Fremtidsbonden” på NRK. Han fortalde om sine erfaringar med Tine og den rådande landbrukspolitikken då han ville investere i ny driftsbygning i Veitastrond.

Årsmøtet vedtok uttalen ”Lausdriftskravet for mjølkekyr må endrast”.

 

Etter ein innhaldsrik møtedag med gode innlegg og debatt hadde me ein hyggeleg kveld med nydeleg mat i flotte omgjevnadar hos det gode vertskapet på Åmot Operagard.


Velg ditt fylkeslag
Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Innkalling til Landsmøtet
(innkalling-til-landsmotet.pdf, 37kB)

/share/mime/48/pdf.png Kjøreplan Landsmøtet
(kjoreplan-landsmotet-9-10-november-2019.pdf, 80kB)

/share/mime/48/pdf.png Landsmøtehefte
(landsmotehefte-2019-2210-.pdf, 727kB)

/share/mime/48/pdf.png Politisk plattform
(politisk-plattform-endelig.pdf, 551kB)

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2019
(moteplan-nbs-2019.pdf, 96kB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41
    0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970 16 7943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vipps nummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as