Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

Hagevandring i Ullensvang

Ullensvang Bonde- og Småbrukarlag arrangerte hagevandring 21.august.

Ullensvang Bonde- og Småbrukarlag arrangerte den årlege hagevandringa sundag 21.august.

Denne gongen var turen lagt til Alsåker, ein nydeleg og velstelt stad mellom Utne og Herand.  Me starta i tunet til Aud Mari Eitrheim og Lars Johan Alvsåker, og vandra mellom frukthagar med moreller og eple langs hovudvegen. Turleiar Arne Lofthus og eigarane av frukttrea fortalde undervegs om plantingar, sortar, dekkesystem, årets sesong mm og svarte på spørsmål. Det var mykje å sjå og kommentera  undervegs, så turen vart ikkje så lang.

Etterpå samla me oss i det koselege tunet til Aud Mari og Lars Johan. Etter betasup, kaffi og kaker vart det litt meir fagprat og litt landbrukspolitikk.

Me var heldige med været denne dagen, og me trur at dei 28 deltakarane (+ 3 barn) hadde ein hyggeleg og utbyterik dag. Ein stor takk til Aud Mari og Lars Johan som tok så godt i mot oss og la alt til rette for at det vart ein fin dag.


Velg ditt fylkeslag
Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Innkalling til Landsmøtet
(innkalling-til-landsmotet.pdf, 37kB)

/share/mime/48/pdf.png Kjøreplan Landsmøtet
(kjoreplan-landsmotet-9-10-november-2019.pdf, 80kB)

/share/mime/48/pdf.png Landsmøtehefte
(landsmotehefte-2019-2210-.pdf, 727kB)

/share/mime/48/pdf.png Politisk plattform
(politisk-plattform-endelig.pdf, 551kB)

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2019
(moteplan-nbs-2019.pdf, 96kB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41
    0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970 16 7943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vipps nummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as