Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

"HAGEVANDRING PÅ FJORDEN" 16.JULI

Ullensvang Bonde- og Småbrukarlag inviterer denne gongen til ein litt spesiell hagevandring.

Båten "Lindenes" går frå Odda (kaien ved torget) kl.11, og tek oss med utover heile Sørfjorden til Utne.

Turen vil ta ca. 5 timar, og vil gå langs begge fjordsidene.

Ein kan og stiga på/av på Nå og Lofthus (på Nå ca.12.15).

Faglege innslag om fruktproduksjonen og lokalt jordbruk.

Sal av mat og drikke om bord.

Pris: 150,- for vaksne og 100,- for barn.

Alle er velkomne  - både medlemmer og andre interesserte.

For meir opplysningar: Kontakt Arne på 99355590

 

Den årlege hagevandringa til Ullensvang Bonde- og Småbrukarlag går av stabelen sundag 16. juli med start frå Odda, der me har alliert oss med mannskapet på turistbåten «Lindenes». Etter mange år med hagevandringar i ulike grender og bygder er det dette året duka for ei «vandring» langs fjordsidene for å få med heilskapen i jordbrukslandskapet.

Sørfjorden med grender og bygder frå Odda i sør , vidare til Ullensvang ut mot Utne har mykje flott å by på av natur og ikkje minst aktive fruktgardar som klorar seg fast i bratthellingane. Turen må av tidsmessige årsaker avgrensast til omlag litt forbi Utne. Sidan laget vårt hadde hagevandringa på Alsåker sist sommar blir me nok orsaka om ikkje «Lindenes» rekk dette området denne gongen.

 

Å arrangera ein fagtur på denne måten vil alltid vera vanskeleg og risikabelt, men me satsar på at mange vil vera med på denne vandringa i fjordlandskapet. Båten tek 100 personar og det vert naturleg nok den 1. avgrensinga. Det vil koma annonse i Hardanger Folkeblad for nærare informasjon. Turen er ikkje meint å vera rein turisfrakt, men ein kombinasjon av faglege innslag omkring jor