Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

Investeringsmidlar til fornying av frukthagar

Årsmøtet i Hordaland Bonde- og Småbrukarlag og Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag vedtok ein uttale om investeringsmidlar til fornying av frukthagar som ikkje kjem dei minste fruktbruka til nytte.

Investeringsmidlar til fornying av frukthagar kjem ikkje dei minste fruktbruka til nytte. Bonde- og Småbrukarlaga i våre to fylke, Hordaland og Sogn- og Fjordane protesterer på dette.

 

Innovasjon Norge i Hordaland set dei minste fruktbruka sjakk matt når dei no signaliserer at mindre areal ikkje er interessante for tildeling av investeringsmidlar til fornying/oppgradering av frukthagar.

 

Tidlegare var det i Hordaland ei nedre arealgrense på 3 daa for investeringar til fornying av fruktarealet. Innovasjon Norge ville ha denne grensa til 5 daa, men etter at Hordaland Bonde- og Småbrukarlag protesterte på endringa, vart det på ein kreativ måte frå Innovasjon Norge avgjort at det ikkje skulle vera noko nedre grense. Samstundes signaliserer Innovasjon Norge at mindre areal enn 5 daa berre vil bli vurderte som søkjegode frå sak til sak, og i særlege tilhøve.

 

Årsmøtet i dei to fylkeslaga vil peika på at snittstorleiken på fruktarealet på gardsbruk i Hardanger er omlag 30 daa. I Sogn- og Fjordane er situasjonen den same. Dersom eit frukt-bruk skal fornya fruktarealet sitt slik fornyinga helst bør skje, med årleg nyplanting på ca 5 %, vil større søknadsplanar for mange fruktbønder sin del vera vanskeleg å få til. Innovasjon Norge sine ynskje om store prosjekt passar ikkje inn med fruktareala på svært mange mindre fruktbruk.

 

Statlege pengar som er framforhandla gjennom jordbruksavtalane skal gå til investeringar på alle fruktbruk som er søkjegode for produksjonstilskot. Innovasjon Norge tek seg til rette med å løyva størstedelen av pengane til større prosjekt på gardsbruk som i utgangspunktet også mottek mest statlege pengar som produksjonstilskot og arealtilskot.

 

Investeringspengane gjennom Innovasjon Norge er meint som vedlikehaldspengar til frukbruka slik at fornyingane av frukthagane kan føregå på alle fruktbruk.

Den ideelle fornyinga skal ifylgje faglege råd føregå med ca 5% kvart år slik at total fornying av fruktarealet på eit bruk er gjennomført etter 20 år. Slik Innovasjon Norge no vil forvalta investeringsmidlane fører dette til større skilje mellom fruktbruk med mykje jord og dei med mindre areal. Det nye fylket Vestland, med dei minste snittstorleikane i landet på sine gardsbruk, må syta for at alle fruktbruka blir likestilte når det gjeld investeringsmidlar. Dette vil føra til at næringa får ei sunn og god utvikling i fornyinga av frukthagane i det nye storfylket. Det må vera faglaga rundt i fylka som skal vedta struktur og ramme for tildeling av IBU-midlar i fylka.


Velg ditt fylkeslag
Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Nr 9 - 15 november side 2
(landsmoteapning.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Nr 9 - 15 november side 6
(kombiku-middag.pdf, 2MB)

/share/mime/48/pdf.png Nr 9 - 15 november side 7
(fransk-dyreparkulv.pdf, 2MB)

/share/mime/48/pdf.png Nr 9 - 15 november side 10
(gardsreportasje-vigdenes.pdf, 2MB)

/share/mime/48/pdf.png Nr 9 - 15 november side 24
(laviacampesina.pdf, 9MB)

/share/mime/48/pdf.png Politisk plattform
(politisk-plattform-endelig.pdf, 551kB)

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2019
(moteplan-nbs-2019.pdf, 96kB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41
    0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970 16 7943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vipps nummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as