Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

Invitasjon til hagevandring i Ullensvang

Ullensvang Bonde- og Småbrukarlag skipar til hagevandring sundag 21. august på Alsåker.

Me startar i tunet til Lars Johan Alvsåker kl.11.30 (vert skilta).

Det vert matservering, kaffi og sosialt samvær.

Alle er velkomne – både medlemmer og andre.

 

Helsing styret i Ullensvang Bonde- og Småbrukarlag.

 

(Bildet er teke av Johannes Sekse).

ULLENSVANG BONDE- OG SMÅBRUKARLAG

SKIPAR TIL HAGEVANDRING

 

på Alsåker sundag den 21.august. Hagevandringa startar i tunet til Lars Johan Alvsåker (skilta).

Hagevandringa startar klokka 11.30, og er lagt opp etter ferjer Kinsarvik/ Utne.

 

Tema vert morelldyrking, plommeproduksjonen og ein del om eple og tynning.

 

Moreller har fått litt omtale i lokalavisa i det siste, og trenden for produksjon er litt negativ for Hardanger. Fruktlagera i området vårt oppmodar til å planta moreller, og studieturar til andre område med auke i produksjonen er del av opplegget.

Vår Hagevandring tek for seg morellproduksjonen i eit område av Hardanger som ser ut til å ha ein stabil produksjon, kanskje aukande- og der moderne tunnellar og diverse tradisjonelle dekkesystem er i bruk.

Me vil få Oddmund Frøynes, NIBIO, til å fortelja litt om nye sortar, og ikkje minst om gode pollensortar som passar i eit moderne dyrkingsopplegg.

Ein morelldyrkar vil fortelja om sitt plastdekkesystem som er raskt av og på alt etter veret.

Hagevandringa vil føregå etter at produksjonen i år stort sett er over, men det kan vera nyttig å diskutera korleis sommaren vart for morelldyrkarane. Tidspunktet passar i så måte gjerne betre for plommeproduksjonen.

 

Plommene får merksemnd, og særleg grunnen til ulik avling i ulike deler av Hardanger. Pollineringa må få ein viktigare plass i eit moderne plantesystem. Når ulike vertilhøve i bløminga gjer pollineringa usikker, må dyrkarane gjerne finna seg i å planta fleire sortar i blanding. Mange har positive resultat frå dette. Me ser litt på øko-dyrking av plommer. Me vonar at NIBIO, Ullensvang kan bidra med nyttig plommeinformasjon, gjerne også om nye sortar.

 

I området til gamle «Folgefonn Fruktlager» finst det og ein del flotte epleplantingar.

Hovudtemaet her vert tynning.

 

Som vanleg vert det matservering og kaffi. Me legg opp til at det heile er ei familiehending for store og små. Det vert sosialt samvære, og i matpausen legg me og inn litt politikk for fruktbøndene i Hardanger. Bøndene i Hardanger har dei minste areala i fylket og landet. Korleis lagar me ein politikk for dei, både med investeringar og budsjettstøtte frå storsamfunnet. Hagevandringa er open for alle interesserte.

 

NIBIO Ullensvang er vorte del av den nye forskings-strukturen. Korleis greier me å halda på fagkompetanse, og utvikla denne inn i framtida?  Skal me framleis ha som mål at Hardanger er fruktområde nr 1 i landet?

 

Det er fint om dei ulike fruktlagerområda spreier dette til sine medlemer. Det er travelt no om hausten, men me meiner at ein sundag i eit svært flott fruktområde er turen verdt. Skal morellproduksjonen få eit oppsving, er det vel og slik at me må reklamera for den.

 

 

Styret i Ullensvang Bonde- og

Småbrukarlag.

 


Velg ditt fylkeslag
Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Innkalling til Landsmøtet
(innkalling-til-landsmotet.pdf, 37kB)

/share/mime/48/pdf.png Kjøreplan Landsmøtet
(kjoreplan-landsmotet-9-10-november-2019.pdf, 80kB)

/share/mime/48/pdf.png Landsmøtehefte
(landsmotehefte-2019-2210-.pdf, 727kB)

/share/mime/48/pdf.png Politisk plattform
(politisk-plattform-endelig.pdf, 551kB)

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2019
(moteplan-nbs-2019.pdf, 96kB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41
    0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970 16 7943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vipps nummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as