Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

Jordvernaksjon i Bergen.

På "Verdens Matvaredag" aksjonerte bondeorganisasjonane i lag med Latin-Amerika-Gruppa.

16.oktober er ”Verdens Matvaredag”, og i Bergen vart dette markert på Festplassen. Latin-Amerika-Gruppene (LAG), Hordaland Bondelag og Hordaland Bonde- og Småbrukarlag hadde felles stand med traktor, rundballe og ein ver frå Langegården på Fjøsanger. Hedda Østgaard frå LAG heldt ein appell om kor viktig rolle familielandbruket spelar over heile verda, og løpestlar vart delt ut til folk som kom forbi.

Norsk Bonde- og Småbrukarlag har saman med 7 andre organisasjonar skrive under erklæringa ”Familielandbruk for solidaritet”, og i samband med det vert det utført liknande aksjonar rundt om i landet. Parolen i erklæringa er ”Vi krever lokal mat på lokale ressurser i Norge og Brasil”.

Samstundes hadde FN Sambandet ein stand like ved, der det vart delt ut norske eple og program for Internasjonal uke i Bergen.

 


Velg ditt fylkeslag
Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Innkalling til Landsmøtet
(innkalling-til-landsmotet.pdf, 37kB)

/share/mime/48/pdf.png Kjøreplan Landsmøtet
(kjoreplan-landsmotet-9-10-november-2019.pdf, 80kB)

/share/mime/48/pdf.png Landsmøtehefte
(landsmotehefte-2019-2210-.pdf, 727kB)

/share/mime/48/pdf.png Politisk plattform
(politisk-plattform-endelig.pdf, 551kB)

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2019
(moteplan-nbs-2019.pdf, 96kB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41
    0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970 16 7943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vipps nummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as