Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

Markvandring på Radøy

Triveleg og nyttig HMS-kveld på Radøy.

22.mai inviterte Hordaland Bonde- og Småbrukarlag til markvandring på Radøy i samarbeid med lokallaget. Henning Koppedal var sporty og stilte garden sin til disposisjon.

Øystein Tholo frå Norsk Landbruksrådgiving Vestland tok oss med på ein runde både innandørs og utandørs. Ting som vart kommentert og diskutert var nok velkjende for dei fleste av oss. Alle dei aktuelle problemstillingane, dramatiske og lærerike historiar, nokre sjølvopplevde, fortald på ein ofte humoristisk måte, gjorde at dette alvorlege temaet vart langt frå kjedeleg.

Andreas Granli frå Radøy kommune var også med oss. Han fortalde litt om skogshogsten som er i gang i området. Mange av dei frammøtte fekk svar på spørsmål dei hadde om dette.

Jarle Helland tok ein gjennomgang av resultatet av jordbruksforhandlingane. Ein del stilte spørsmål og litt diskusjon vart det.

Til slutt grilla me pølser og drakk kaffi. Litt kaldt vart det utover kvelden, men det var likevel ein hyggeleg kveld for dei 20 frammøtte. Takk til Henning Koppedal som tok i mot oss, Øystein Tholo, Andreas Granli, lokallagsleiar Johnny Ystebø som ordna med grillane mm og Geir Smith som ordna med kaffi og bollar til oss.


Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Akersgata 41
0158 Oslo

Telefon sentralbord: 22 00 59 10
E-post: post@smabrukarlaget.no

Organisasjonsnummer: 970 16 7943

Kontonummer: 8101.05.36928

Vipps nummer: 55 89 91

Utviklet av Imaker as