Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

Småbrukarlagstur til Bulandet og Værlandet

Hordaland Bonde- og Småbrukarlag arrangerte tur til Bulandet og Værlandet første helga i juli.

Hordaland Bonde- og Småbrukarlag hadde ein flott tur til Bulandet og Værlandet helga 30.juni – 2.juli.

20 stk hadde meldt seg på  - både frå Hordaland og Sogn og Fjordane. Det var både småbrukarlagsmedlemmer og andre som deltok, og me vart ein fin gjeng.

Fredag ettermiddag tok me ferja frå Askvoll til Værlandet i eit strålande flott sommarver.  På ferjekaien vart me møtt av Hilde Buer som viste veg til Værlandet Gjesteheim, ein overnattingsplass som var midt i blinken for oss, med gode soverom og stort kjøken og opphaldsrom.

Laurdag morgon vart me henta og fekk vera med ut i beiteområdet til Hilde Buer og Anders Braanaas. Me gjekk i flott terreng og fekk helsa på beitande villsau. Om ettermiddagen var me heime hos Hilde og Anders, det var veldig spennande å sjå korleis dei hadde bygd sitt utradisjonelle hus. Ein nydeleg plass og eit fantastisk hus med gjestfrie folk.

Etter ein god middag på kroa var det bygdadans på det lokale samfunnshuset, og me fekk svinga oss til god dansemusikk.

Sundag stod Bulandet for tur, og me fekk oppleva litt regn og rusk, friskt og flott det og. Til lunchen på ”Havsalaten” fekk me smaka ulike produkt med tang og tare i, nye og gode smakar som skal prøvast heime. Til slutt drakk me kaffi i ”Floren” kafe og galleri, ein koseleg plass med masse detaljar og gamle ting å sjå på.

Det var ei oppleving å koma til dette fascinerande øyriket. Ein stor takk til Hilde Buer og Anders Braanaas som tok så godt i mot oss og la opp programmet vårt.


Velg ditt fylkeslag
Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Regjeringserklæringa og beitenæringa
(regjeringserklaringa-og-beitenaringa.pdf, 214kB)

/share/mime/48/pdf.png Hamskifte for norsk landbruk
(hamskifte-for-norsk-landbruk.pdf, 153kB)

/share/mime/48/pdf.png Finnmark vil ha ny regler for mjølkekvotesalg
(finnmark-vil-ha-nye-rgler-for-mjolkekvotesalg.pdf, 209kB)

/share/mime/48/pdf.png Studieheftet 2019
(studieheftet-2019-.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Politisk plattform
(politisk-plattform-endelig.pdf, 551kB)

/share/mime/48/pdf.png Møteplan for NBS 2019
(moteplan-for-2019.pdf, 234kB)

    /share/mime/48/pdf.png Organisasjonshåndboka NBS
    (organisasjonshandbok-nbs.pdf, 1MB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41
    0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970 16 7943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Utviklet av Imaker as