Alle skal med!

Norsk Bonde- og Småbrukarlag har i styremøte diskutert norsk matproduksjon i lys av fleire mediaoppslag som går på dyrehelse, folkehelse og produksjonsmåtar.

Norskprodusert mat skal alltid vera av ein slik kvalitet at forbrukarane kjenner seg trygge. Det er avgjerande for folk sin tillit til norske bønder, og at dyrehelse og produksjonsmåtar er slik som norske forbrukarar forventar at det skal vera. Medisinering gjennom dyrefôr, husdyr med liggesår og dyretettleik som fritek husdyr naturleg åtferd er uakseptabelt.

Politisk vil Norsk Bonde- og Småbrukarlag gjennom dagleg politikk og i årlege jordbrukstingingar arbeida for at bønder oppnår gode økonomiske og sosiale vilkår som gjev rom for bærekraftig og sunn matproduksjon. Ansvaret for ein slik politikk ligg i Stortinget. Dette medfører at alle gardsbruk skal få del i dei økonomiske verkemidlane som samfunnet tildeler landbruket. Alle skal med. Det sterke bandet mellom matproduksjon, distriktspolitikk og aktivt stell av landskapet skal framleis vera bærebjelke i norsk landbrukspolitikk.

Styret i Norsk Bonde- og Småbrukarlag


Velg ditt fylkeslag

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2018
(moteplan-for-nbs.pdf, 384kB)

/share/mime/48/pdf.png Årsmelding NBS 2017-18
(arsmelding-2017-2018.pdf, 2MB)

SE POLITIKKUTVIKLINGSMØTET MED PER OLAF LUNDTEIGEN FRA 19. SEPT! TRYKK UNDER PÅ:

Klikk på lenken

    /share/mime/48/pdf.png Organisasjonshåndboka NBS
    (organisasjonshandbok-nbs.pdf, 1MB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41
    0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970 16 7943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Utviklet av Imaker as