Geitehaldet må framleis vera ei bygdenæring og ikkje utviklast til industri!

Forslag fra Vest-Telemark BS vedtatt som uttalelse på landsmøtet i NBS

I 2016 var det 294 føretak med mjølkekvote som dreiv geitemjølkproduksjon i landet vårt. Desse gardane disponerte ein kvote på om lag 22,7 mill. liter. Går me ti år tilbake i tid var talet på geitemjølkprodusentar 508, og for tjuge år sidan var talet 888. Samstundes heiter det på www.tine.no -Trenden over hele verden tilsier at geita er i siget.

Ei vidareføring av nedleggingstakten vil utarme geitehaldet i mange utkantbygder. Konsekvensen er mindre verdiskaping, dårlegare utnytting av lokale fornybare ressursar og redusert pleie av kulturlandskapet.
I dag har alle mjølkeforetak, også geit, eit kvotetak på 900.000 liter. Ein har altså lagt opp til eit regime som gjer at ein faktisk kan fylle det totale volumet på geitemjølk i landet vårt med produksjon frå omlag 25 gardar! Dette bryt fullstendig med landbrukspolitiske mål vedtekne i Stortinget.
Det bør difor snarast innførast eit maks kvotetak som i langt større grad harmonerar med geitehaldet slik det er i dag.
Me krev at det blir innført eit kvotetak på maks 150.000 liter.