Høring i Stortingets næringskomite

Norsk Bonde- og Småbrukarlag takkar for høvet til å leggja fram vårt syn på viktige saker knytt til landbruksnæringa i statsbudsjettet for 2017.

Generelt saknar me meir konkret kva regjeringa meiner med bioøkonomien og omleggjinga til ein grøn økonomi. Mediabiletet den seinare tida viser at andre også etterspør det same. Det er prisverdig med auka midlar til forsking på desse områda, men me etterspør ein overordna plan for regjeringa sine mål med omlegginga, og eit meir konkret innhald i omlegginga. Det bør, ut frå internasjonale forpliktingar på klimautfordringane/klimatrugsmålet, vera mogeleg å kunna lesa at me ser ei begynnande omlegging bort frå oljeøkonomien.

Regjeringa burde etter vår oppfatning ta ein mykje meir aktiv rolle i å finansiera prosjekt som byggjer på kunnskap som allereide er utvikla, men der det manglar kapital til å omsetja kunnskapen i praktisk næringsutvikling. Denne kapitalen vil ofte vera risikokapital, og burde vore tilgjengeleg i ein periode, for deretter å la næringane sjølve overta ansvaret. Utan slik risikokapital vil det vera langt vanskelegare å få til den omstillinga som krevst for å føra Noreg ut av oljealderen.

Norsk Bonde- og Småbrukarlag støttar framlegget i statsbudsjettet om auke i midlar til skogsvegar og tømmerkaiar. Spesielt i kystområda med mykje hogstmogen skog, er det fornuftig å stimulera til auka avverking. Me set og pris på at regjeringa vil halda fram klimatiltak i skogsektoren, og vil nemna skogplanteforedling som eit godt tiltak. Me finn det uheldig at den same regjeringa vil leggja ned det «Trebaserte innovasjonsprogrammet» som har betydd mykje for auka bruk av tre i Noreg. Parallellen til verdiskapingsprogrammet for lokalmat er nærliggjande. Dette lokalmatprogrammet har vore i drift sidan 2001, og har bidrege til eit stort løft for lokalmatprodusentar over heile landet.

Regjeringa må ta inn over seg at det også er trong for offentlege verkemidlar for å få fram ein naudsynt vekst av nye arbeidsplassar. Difor meiner me at Treprogrammet må vidareførast.

I budsjettet til Landbruks- og Matdept. er det føreslege auka midlar til arbeidet mot antibiotikaresistens i norsk husdyrhald/ norske jordbruksprodukt. Dette er tiltak som me støttar. At regjeringa tek dette på alvor er bra. Situasjonen i nokre av våre naboland, og i Europa elles er til stor bekymring.

Regjeringa føreslår ei endring i jordbruksfrådraget, slik at det, som no, kun gjeld einmannsføretak, også skal gjelda for aksjeselskap. Dette vil gjera det meir int