JORDKLODEN BRENN! KORLEIS SKAFFA NOK MAT TIL ALLE FOLK I ALLE LAND?

Uttalelse fra landsmøtet i Norsk Bonde- og Småbrukarlag 11. november

Klimaendringane utfordrar og trugar vår evne til stabil matproduksjon. Tek samfunnet vårt dette verkeleg på alvor?

Globale klimautfordringar slår også inn over det norske jordbruket, og set vår nasjonale matvareberedskap i fare. Likevel , våre klimaplager i jordbruket er berre krusningar på overflata i høve til det me er førespegla om kort tid.

I fylgje Verdas Meteorologiske Organisasjon er 2018 det varmaste året som er registrert på kloden med moderne målingar, og det blir førespegla oss varmare år i nær framtid.

I den norske debatten , prega av fåkunne og ansvarsfråskriving, blir norske bønders kyr og sauer omtala som klimaverstingar, medan samfunnet crusar vidare med klimakvotekjøp og større fokus på statsinntekter gjennom fortsatt høg gass- og oljeutvinning. Og vårt store overforbruk er skjerma avdi økonomisk vekst er kravet frå veljarane. Slik kan det ikkje halda fram!

Klimaforskarar verda over fortel oss at den rike verda kveler oss med uendelege mengder skadelege klimagassar, medan fattigare land rundt ekvator blir påført enno større utslag av ekstrem tørke og mindre grunnlag for eigen matproduksjon. Denne utviklinga blir forsterka dei neste 80 åra, medan folketalet stig dramatisk i mange land. Dei som idag forureinar minst vil i framtida få dei største negative verknadane av global temperaturauke!

Arbeidet for betring av klodens helsetilstand kan berre løysast gjennom internasjonalt forpliktande arbeid. Dette arbeidet må prioritera bønder- og småbrukarar i alle land sine rettar til nasjonal matproduksjon der målet må vera å avskaffa urettvis fordeling av jord, innføra forpliktande rettstryggleik for småbrukarar, avskaffa fattigdom og syta for rettvis fordeling av nok mat. I dette arbeidet har dei store syndarane i klimaskadelege utslepp størst ansvar. Noreg er eitt del av desse landa, og må ta reelt ansvar for sine synder.

Norske politikarar kan ikkje lenger sleppa unna med at klimakutt skal takast andre stader i verda, og våre «reine» oljeprodukt skal vera freda. Reelt ansvar tyder å bruka oljerikdomen vår til å snu fort om til meir klimavenleg energiproduksjon, samt påleggja befolkinga å redusera forbruket.

Noreg startar sitt forpliktande arbeid med å støtta opp om erklæringa om rettar til småskala og mellomstore matprodusentar i verda som no ligg i FN's menneskerettsråd i Geneve.

Arbeidet i FN med å godkjenne Peasants Rights Declaration skal ha Noreg si fulle støtte når endeleg vedtak skal gjerast i Hovudforsamlinga i FN i New York om kort tid!

 


Velg ditt fylkeslag

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2018
(moteplan-for-nbs.pdf, 384kB)

/share/mime/48/pdf.png Årsmelding NBS 2017-18
(arsmelding-2017-2018.pdf, 2MB)

SE POLITIKKUTVIKLINGSMØTET MED PER OLAF LUNDTEIGEN FRA 19. SEPT! TRYKK UNDER PÅ:

Klikk på lenken

    /share/mime/48/pdf.png Organisasjonshåndboka NBS
    (organisasjonshandbok-nbs.pdf, 1MB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41
    0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970 16 7943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Utviklet av Imaker as