MATJORDA, AGRØOKOLOGI OG NORSK LANDBRUKSPOLITIKK.

Kronikk av Arne Lofthus gjengitt i Nationen

Enno ein gong treffer Kari Gåsvatn meg midt i hjarta med sine landbrukstilknytte kommentarar.
I nationen måndag 16. november skriv ho innlevande om matjorda. Til opplysing, i Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS) diskuterer me matjord, dyrevelferd, bondevelferd , landbruksøkonomi og framtidsretta matproduksjon mest heile tida. Matjorda er etterkvart heldigvis vorte eit av dei store,
grunnleggjande diskusjonstema, og erkjenninga av at kvaliteten på matjorda i framtida er avgjerande for å oppretthalda matproduksjon på kloden , sig sakte inn hjå mange.

At matjord er full av liv- og at dette livet er avgjerande for at me alle kan eta nok mat ,og sunn mat, veit dei fleste bønder. Diverre finnst det svært mange folk som ikkje kan noko om dette, bryr seg om temaet,eller ikkje er i stand til å sjå konsekvensar av ei sjuk matjord. Enno verre, å mishandla matjorda med rovdrift, utarming og forgifting med den kunnskapen me innehar idag er umoralsk og forkasteleg.
I Noreg er matjorda knapp, men av svært god kvalitet. Samanlikna med mange land har me høgt organisk innhald i jorda, og mineralinnhaldet er høgt og variert. Grovt sagt kan me seia at kun i kornproduksjonen er den gode ballansen mellom humus og mineral litt ute å køyra på grunn av einsidig produksjon. Dette kan rettast på , slepp forskinga til.
Noreg har diverre svært lite matjord pr innbyggjar samanlikna med dei fleste land. I eit fornuftsperspektiv skulle dette tilseia at matjordarealet , matproduksjonen og folketalet var tettare knytt saman. Slik verkar det diverre ikkje å vera. Vår landbrukspolitikk fjernar seg meir og meir frå den gode måten å produsera mat på, og den gode, viktige måten å handsama matjorda på.

Kari Gåsvatn nemner ordet agroøkologi, og det set me i Norsk Bonde- og Småbrukarlag pris på.
Eg trur nok likevel at hennar- og mange sin definisjon av ordet, er noko mangelfull. Agroøkologi er langt meir enn økologisk jordbruk. Konvensjonelt jordbruk kan godt finna seg til rette innanfor omgrepet agroøkologi, det er trass alt stor skilnad på god og dårleg agronomi. Heilskapen er viktig, korleis du dyrkar jorda, om bonden forbetrar jorda eller utarmar ho, korleis vatn og næringstoff får verka ilag med organismar og mikrolivet i jorda. Om maskinar øydelegg jordstruktur eller ikkje?
I agroøkologien har mennesket ein sentral plass, ikkje berre som jordarbeidande bonde. Sosiale og økonomiske vilkår for familiane som driv og eig jorda er sentrale moment, stor grad av råderett over matjorda og ressursar som er knytt til matproduksjon er og sett på som viktig.

I Noreg har drivarane av matjorda i 1000 år vore eigarane av jorda. Den knappe matjorda måtte forvaltast av folk med kjærleik til- og kunnskap om jorda, for at folket skulle få nok mat. I moderne tid har dette gjeve som resultat at bønder og småbrukarar har hatt ein sentral plass når politikk vedkomande landbruket skulle utformast. Norsk Bonde- og Småbruarlag har lenge meint at den gode ballansen mellom politikkpåverknad, råderett over matproduksjonen, rettvis fordeling av budsjettstøtte og dei minste bøndene sin rettmessige plass i matproduksjonen likevel er sterkt svekka.
Mat- og landbrukspolitikken har på mange måtar feila, og viljen til å retta opp den uheldige utviklinga har ikkje vore til stades. Den sitjande regjeringa er berre ein forsterkande faktor i denne utviklinga. Landbrukspolitikken har vore på feilspor i fleire tiår, men råskapen og kynismen i landbrukspolitikken frå sitjande regjering no er eit alvorleg trugsmål mot norsk matproduksjon og eigen mattryggleik.
Dei årlege jordbrukstingingane er ikkje gode nok verkty for å betra på denne politikken. Jordbrukstingingane er heller ikkje gode verkty for å ivareta matjorda og dei folka som skal forvalta denne jorda i 1000 nye år. Landsmøtet i Norsk Bonde- og Småbrukarlag 7. og 8. november hadde fokus på alle desse spørsmåla. For å forma ein betre landbrukspolitikk, der agroøkologien er sentral, trengst det meir enn hardbarka bønder og småbrukarar. Stortinget og politikarane som sit der er avgjerande for eit norsk landbruk med framtidstru og evne til berekraftig nasjonal matproduksjon.
Dei urovekkjende alternativa i våre nærområde ,som Kari Gåsvatn let oss få konturane av i sin kommentar, bør opna augo på mange. Matjorda er heilag, og må handsamast deretter! Ein endra landbrukspolitikk følgjer som resultat av dette. Matjorda og mennesket må i sentrum!


Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Akersgata 41
0158 Oslo

Telefon sentralbord: 22 00 59 10
E-post: post@smabrukarlaget.no

Organisasjonsnummer: 970 16 7943

Kontonummer: 8101.05.36928

Utviklet av Imaker as