Pressemelding - Ny kurs i klimapolitikken er nødvendig

Norsk Bonde- og Småbrukarlag meiner at småskala norsk jordbruk er et viktig norsk bidrag til løysing av klimautfordringane.

I dag, 19. februar, overleveres rapporten omkring norsk landbruk sine klimaavtrykk, og korleis det same landbruket kan bidra til reduksjon i utsleppa av skadelege klimagassar til oppdragsgjevar landbruks- og matminister Dale.

Den same ministeren er representant i ei regjering som på ingen måte erkjenner at moderne storskala- og industrilandbruk er svært øydeleggjande for klima og miljø. Forståinga i regjeringa omkring utfordringane, som ei samla verd møter med auke i temperatur på kloden, er at drøvtyggjarane er den store stygge ulven. Det er von om at denne rapporten, med mange faglege bakgrunnsnotat, kan auka kunnskapen hjå styresmaktene, slik at rett tiltak kan iverksetjast.

Internasjonale klimaavtalar, som forpliktar, vil tvinga fram ein annan landbrukspolitikk der norsk jord- og skogbruk vil syne seg som viktige element i løysinga på klimautfordringane.

Norsk Bonde- og Småbrukarlag har mange framlegg til konstruktive tiltak i dette arbeidet. Endring av landbrukspolitikken med meir fokus på areal, beiteland og der energibruken i produksjonen må sjåast på med kritiske auger. Regjeringa sit «grøne skifte» må få eit innhald som er meir enn vakre ord. Forsking og utvikling på meir bruk av fornybare energikjelder frå skogbruket er sentrale verkemiddel.

Produksjonsmåten i jordbruket er avgjerande for om jordbruket skal vera del av løysinga på klimautfordringane, eller framleis vera ein negativ faktor for framtidig klima i Noreg og på kloden. Den store bruken av areal i andre verdsdeler til produksjon av innsatsvarer i kraftfôrindustrien er døme på elendig forståing av klimaproblema som verdssamfunnet møter. Utarming av jorda i Brasil og Argentina, og miljøskadar på folk, vatn og dyr er diverre tilleggseffektar som mest aldri vert omtala i Noreg.

Norsk Bonde- og Småbrukarlag vil meir enn berre produsera nok mat. Me vil at maten skal produserast på ein slik måte at matjorda og beitelandet i all framtid skal vera istand til å produsera maten. Me vil at forbrukaren skal kjenna samhald med bondefamilien, og kjenna seg trygge på at maten alltid er trygg og sunn.

Denne klimarapporten understrekar alvoret i situasjonen, og alvoret er at klimavtrykka på kloden no er så store at det vil vera påfallande om ikkje norske landbruksmyndigheiter også ser at norsk landbruk er på veg i gal retning.

Arne Lofthus, 99355590
Politisk nestleiar
Norsk Bonde- og Småbrukarlag.