Til minne om Berge Furre

Berge Furre er død, og alle som har stått i nærleiken av denne politiske og intellektuelle kjempa og stridsmannen frå Ryfylke er no gripne av sorg, vemod og takksemd.

Til minne om Berge Furre

Berge Furre er død, og alle som har stått i nærleiken av denne politiske og intellektuelle kjempa og stridsmannen frå Ryfylke er no gripne av sorg, vemod og takksemd.

Få andre har sett så djupe spor etter seg på så mange teigar i samfunnslivet, frå utanrikspolitikk til norsk historie og kyrkjelege spørsmål. Minneorda i desse dagar vitnar alle om korleis innsatsen hans over alt har vori prega av sterkt engasjement, brei kunnskap, imponerande analytisk evne og solid verdiforankring, og framfor alt ei eineståande evne til å kombinere alt dette.

For Norsk Bonde- og Småbrukarlag er det særleg viktig å peike på korleis Berge Furre i store delar av  livet sitt engasjerte seg med kløkt, kraft og gjennomføringsevne for ein framtidsretta og solidarisk landbrukspolitikk. Då historikaren som i 1971 gav ut boka Mjølk, bønder og tingmenn kom inn på Stortinget etter SVs brakval i 1973, blei han leiar i landbrukskomiteen. I den posisjonen sytte han for at Stortinget i 1975 vedtok at inntektene for eit vanleg årsverk i jordbruket gjennom 3 avtaleperiodar (6 år) skulle lyftast opp på nivå med industrien. I bokverket Norsk historie 1914 – 2000 slår han sjølv fast at inntektsgarantien i jamstillingsvedtaket er særmerkt i europeisk samanheng.

Alt på denne tida, då Stortinget debatterte måla i ei ny melding om ernærings- og matforsyningspolitikken, heldt Berge Furre eit innlegg som er like presist og aktuelt i dag. Han konstaterte at framtidsutsiktene for matforsyninga i verda ikkje er gode: «Alt i dag lever om lag 500 mill. menneske på jorda på eller under grensa for hungersnaud, og nærare halvdelen av menneskeslekta er i tillegg feilernært […] Kvar står Noreg i dette biletet? Vi står på den tærande sida. Vi nyt fordelane av proteinimperialismen. Den straumen av mat som går til Europa frå oversjøiske land, når også vår kyst. Europa nyttar eit areal i andre land som tilsvarar 40 prosent av Europas jordbruksareal til å brødfø seg.»

Dette førti år gamle internasjonale perspektivet på landbruk og matforsyning stod Berge Furre fast på sidan. Landbruket er ei tradisjonsrik og langsiktig næring; slik som språket er det mange felles drag med store geografiske variasjonar. Det økonomiske og det kulturelle heng saman i heilskaplege lokalsamfunn. Derfor var han kritisk til å styre den norske politikken etter reine produksjonsmål, og åtvara mot bondekannibalisme. Berge Furre stod i den same tradisjonen som Arne Garborg (den fyrste æresmedlemen i NBS) og Lars Oftedal, med røter i ein bygdekultur som legg vekt på nøysemd og likeverd; og som desse var han open, internasjonalt orientert, kritisk og djerv. Jamt stod historikaren saman med politikaren, slik han uttrykte det i ei helsing: «Å ta med seg fortida når ein ser framover er avgjerande – i strid for bygder, for kultur, for internasjonalitet – for verdiane vi står for». 

Det var framfor alt denne forståinga av tilhøvet mellom det lokale og det globale som førte Berge Furre og Norsk Bonde- og Småbrukarlag saman. I 1993 blei NBS medlem av den verdsomspennande rørsla av småbønder og landarbeidarar som fekk namnet La Via Campesina, ei massiv mobilisering av krefter i Asia, Afrika, Latin-Amerika og Europa mot dei nye reglane for verdshandelen med mat gjennom GATT og WTO. På slutten av 1990-talet gjennomførte Berge Furre, som då var blitt professor i teologi, eit forskingsprosjekt hjå fattige bønder i Brasil, der han blei kjend med organisasjonen Movimento dos Trabaljadores Sem Terra – også medlem i La Via Campesina. Med denne kunnskapen frå ein annan røyndom enn vår, kombinert med ein brei kjennskap til norsk landbrukspolitikk, blei han i mange år ein svært viktig ressurs for Norsk Bonde- og Småbrukarlag som medlem av  det internasjonale utvalet vårt. 

Og som den folketalaren og forkynnaren han var, på line med dei aller største, kunne han gjennom ei landsmøtetale lyfte og inspirere heile organisasjonen, setje arbeidet vårt inn i den historiske og globale samanhengen der det høyrer heime, og styrkje trua på at det nyttar å engasjere seg. Berge Furre var ei kjelde til byrgskap og sjølvrespekt hjå småbønder og utkantbygder. I 2010 blei han æresmedlem i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Det er tungt å innsjå at han ikkje skal vera med oss lenger, men det er med tilsvarande stor takksemd vi lyser fred over Berge Furres minne.

 «Og det er det stora, og det er det glupa, at Merket det stend, um Mannen han stupa.» (Per Sivle)


Merete Furuberg, leder Norsk Bonde- og Småbrukarlag

 

2 sitat:

- Trur du at sentraliseringa kjem til å halda fram, med færre bønder og større byar?

- Det går i den leia no, men eg vil ikkje overlata meg sjølv til pessimismen. Det finst motkrefter, og eg trur at ein har investert så mykje økonomisk og mentalt i distrikta at dei har berekraft. Men det trengst nytenking, og på det feltet skjer det ein god del, ikkje minst i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Ein del av dei berande verdiane i det norske samfunnet står under press i dag, men me har trass alt ein likeverd- og jamstellingstradisjon som går langt tilbake i tida. Tanken om at det korkje skal vera stor rikdom eller stor fattigdom har prega det norske samfunnet lenge. Likeverdsideen har stått sterkare i vårt samfunn i dei fleste andre. Hans Nielsen Hauge syntest ikkje det var gale å tena pengar, men ein skulle tena pengane for Gud, det vil seia at ein skulle skapa arbeid og velferd for menneska. Levekåra skulle vera jamne. Og det ligg bak heile distriktspolitikken og utjamninga mellom landsdelane. Dette er tankar som står under press på grunn av internasjonaliseringa og globaliseringa av økonomien. Likevel trur eg at dei tradisjonelle verdiane stikk svært djupt i den norske folkesjela. Dei er ikkje til å spøkja med. Det gamle idealet eksisterer framleis; det som seier at me verken ser ned eller opp på kvarandre; i staden har me kvarandre i augehøgd. Det er det tradisjonelle norske menneskesynet.

       Intervju av Ottar Fyllingsnes i  Dag og Tid nr. 51-52, 23. desember 1999

 

 «Småbrukarinternasjonalen Via Campesina – med hovudtyngda av medlemer i den tredje verda – står krystallklårt på retten for eit lands bønder til å tryggja maten for sitt folk – matsuverenitet. Det er ikkje sant at dei ynskjer å driva norske småbrukarar frå gard og grunn. Heller enn å overlata jorda til storprodusentar for eksport vil dei bli på si jord og produsere for marknaden lokalt – i solidaritet. Vi har lært ei lekse i vinter – at formannen i Småbrukarlaget har rett når han sa: Det er best med kortreist mat!»

Frå appell halden på ATTACs stiftingsmøte i Folkets hus i Oslo 31. mai 2001.


Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Akersgata 41
0158 Oslo

Telefon sentralbord: 22 00 59 10
E-post: post@smabrukarlaget.no

Organisasjonsnummer: 970 16 7943

Kontonummer: 8101.05.36928

Utviklet av Imaker as