Framtidsbonden Jon Korff Lofthus, Hardanger

Kari og eg tok over garden i 2013. Eg er utdanna kokk, og hadde arbeidd i hotell og reiseliv i ein del år, då bror min fann ut at han ikkje kunne vere kunstnar og gardbrukar samstundes utan at noko måtte vike.
Som yngste av to gutar, måtte eg plutseleg ta eit val eg aldri hadde teke stilling til før. Eg er ikkje like sikker på avgjerda mi kvar dag , men den gong tok det berre ein dag før eg hadde bestemt meg for å ta over garden.

 

Lofthus Gard er ein fruktgard med litt under 60 daa. frukttre. Hovudkulturen er eple, men plommer er ein viktig del av produksjonen òg. Pærer har ikkje vore noko suksess for oss så langt, så det vert gradvis fasa ut og bytt ut med epleplantingar. Sidan me tok over har det vorte planta omlag 5000 nye tre, i hovudsak eple, då det er det som gjev jamnast avling frå år til år. Me prøver å bytte ut minst 5 % av plantingane kvart år, slik at ein gjerne har eit omløp på omlag 20 år på trea før dei bør bytast ut. Etter at me tok over har det vorte planta betydeleg meir enn denne regelen, men me ser på det som investering i framtida.  Å skaffe friskt norsk plantemateriell vert vanskelegare kvart år, no som import av utanlandske tre vert regel i staden for unnataket. For meg er det enormt viktig med ein sunn norsk produksjon av frukttre, men eg ser mørkt på framtida for dei som driv med dette her i landet. 

Å vere fruktbonde er arbeidsintensivt. Det er beskjæring av tre heile vinteren, grasslått, ugrasbekjemping og sprøyting heile våren, tynning av fruktkart og hausting heile sommaren og hausten, før alt gjentek seg att året etter. Eg er heldig med at far min arbeider som kårkall ( ubetalt sådan) på garden, som " seniorkonsulent". Sjølv kallar han seg polakk.

Arealet her på garden er bratt, men det fins mange gardar her i Hardanger med endå meir ulendt terreng. Eg er ein sterk tilhengar av tanken om få tilskotsordningane over på areal framfor produksjon. Slik eg ser det vil det då verte heilt naturleg å nytte arealet ein har på best mogleg måte, i staden for berre det beste arealet. "Dekk og Diesel"- jordbruket kan ikkje overleve i det lange løp, og det er ein større og større andel av befolkninga som er opptekne av kva dei èt, kor maten kjem frå, og ikkje minst korleis den vert laga. Dette kan me takke Norsk Bonde og Småbrukarlag for, som har hatt ei langsiktig satsing på norsk mat, og lokale produkter i fleire tiår.

I den tida me lev i er mantraet; " Heiltidsbonden", som om alt anna er mindre verd. I eit land der under 3 % av arealet er dyrkbar mark, er " deltidsbonden", det me treng fleire av. Begrepet "deltidsbonde" skal sikkert virke negativt lada i følge politikarar og departementer, men eg kaller det "kombi-bonden". Det er eit faktum at 70 % av maten i verda vert produsert på små/ mellomstore og familiegardar.  Mitt bruk åleine er over to årsverk, men eg må alikevel snikre litt på vinteren, og leige meg ut der det trengs, for å få det til å gå rundt.

I tillegg til frukta, har me 14 vinterfôra villsau som beiter på Hardangervidda heile sommarsesongen. Me sèl mykje av kjøtet privat, men har leigeslakt hjå Fatland. Med utviklinga på kjøtprisane er det eit lett val å selje så mykje som mogleg lokalt. All frukta vert levert på Ullensvang fruktlager, som sèl den vidare for alle dei omlag hundre eigarane/bøndene.

Det er med tida eit sterkt ynskje om å lage eit grovkjøken, der me kan foredle og utvikle diverse produkt av kjøt, og eventuelt frukt, men inntil vidare er det korkje tid eller pengar til slike ting. Draumen må alikevel få leve vidare.

Eg ser ljost på framtida som fruktdyrkar, men som ein som er engasjert i landbrukspolitikk, ser eg at me er på ville vegar med fordelingspørsmål, prioriteringar og mål for framtida.

Småbrukarlaget kom inn med morsmjølka hjå meg, og det er like lærerikt som det er engasjerande å treffe andre kvart år på Landstinget. Eg gler meg til november allereie.

Jon


Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Akersgata 41
0158 Oslo

Telefon sentralbord: 22 00 59 10
E-post: post@smabrukarlaget.no

Organisasjonsnummer: 970 16 7943

Kontonummer: 8101.05.36928

Utviklet av Imaker as