Foto: Leonid Rødsten

NORSK BONDE- OG SMÅBRUKARLAG KREV RETTVIS ERSTATNING BASERT PÅ REELLE GARDSTAKSTAR!

Etter at kompensasjonsordninga til pelsdyrbøndene har vorte sterkt kritisert, kom regjeringa denne veka med eit nytt framlegg der dei har to alternativ til kompensasjon. I det nye framlegget reknar ein med ei utbetaling på 800-850 millionar, medan den reelle kostnaden med å dekke tap for pelsdyrbøndene er rekna til 2 milliardar.

Dette er ei svært alvorleg sak der ei lovleg næring blir ilagd næringsforbod. Bøndene det gjeld, fortener i det minste ei skikkeleg handsaming der dei ikkje blir utsette for hastverksvedtak og vilkårleg handsaming. I det nye utkastet har regjeringa gløymt revebøndene, det ligg inne kompensasjon berre for minktisper. Dette tyder på eit dårleg gjennomarbeidd forslag.

Dei økonomiske tapa for pelsdyrbøndene kan bli svært høge. Folk som har investert mykje og arbeidd hardt for ein akseptabel leveveg, kan risikere å bli gjeldsslavar resten av livet. Dette kan umogeleg ha vore Stortinget sin intensjon med avviklingsvedtaket.

Grunnleggjande verdiar som eigedomsvern, menneskerettskonvensjonen og Grunnlova blir brotne slik kompensasjonsordninga vert handsama av regjeringa Solberg.

Norsk Bonde- og Småbrukarlag krev at pelsdyrbøndene skal få ei rettvis handsaming og at dei får kompensasjon for reelle kostnader.


Velg ditt fylkeslag
Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Nr 9 - 15 november side 2
(landsmoteapning.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Nr 9 - 15 november side 6
(kombiku-middag.pdf, 2MB)

/share/mime/48/pdf.png Nr 9 - 15 november side 7
(fransk-dyreparkulv.pdf, 2MB)

/share/mime/48/pdf.png Nr 9 - 15 november side 10
(gardsreportasje-vigdenes.pdf, 2MB)

/share/mime/48/pdf.png Nr 9 - 15 november side 24
(laviacampesina.pdf, 9MB)

/share/mime/48/pdf.png Politisk plattform
(politisk-plattform-endelig.pdf, 551kB)

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2019
(moteplan-nbs-2019.pdf, 96kB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41
    0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970 16 7943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vipps nummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as