Oppland Bonde- og Småbrukarlag

Fride Gunn Rudi Foto: Annette Jørstad

Støvet har lagt seg på Kjønnås

”Støvet” har lagt seg på gardsplassen, etter at ministerbesøk med tilhøyrande følgje har reist att, frå småbruket vårt der det ikkje er stort anna enn utsikta å skryte av. Den kan ein som sagt ikkje leve av, men det ”gjer monn” brukar eg å seie. Dette skriver Fride Gunn Rudi i sin innledning om Landbruksminister Jon Georg Dale sitt besøk.

”Støvet” har lagt seg på gardsplassen, etter at ministerbesøk med tilhøyrande følgje har reist att, frå småbruket vårt der det ikkje er stort anna enn utsikta å skryte av. Den kan ein som sagt ikkje leve av, men det ”gjer monn” brukar eg å seie, glad for å bu litt ”oppfrå” med luft under vengene.

Det var utruleg moro å få fremond tå sjølvaste landbruksministeren. Det hadde vore stas om han kunne bia litt til, så fleire hadde fått trefft han, men med ein time til rådvelde, var det avgrensa kva han rakk.

Men det var like stor stas å sjå at så mange andre personar frå ”øvrigheita” møtte opp. Ordføraren vår, Arne Fossmo, med helsing og mange gode ord om jordvern, E6-utbyggjing og ikkje minst rovdyrproblematikk. Rovdyr hadde og assisterande fylkesmann Eli Blakstad med ein god del om, i sin tale til ministeren. Det var godt å høre, for den som har mykje av sauen sin midt i slagmarka for Vuludalstispa med familie, som drap eller skada rundt 200 sau sist beitesesong. Ministeren fekk med seg nærbilde av eit av offera, eit lam som hadde gått i fleire dagar med store skadar etter jerveåtak. Vi lyt håpe at han gjekk rett til miljøvernministeren med det.

At nokre lokalpolitikarar frå regjeringspartia og møtte opp, var positivt. Om dei bur midt oppi det, er det ikkje sikkert at dei har nok ”innsidekunnskap” om det vi driv med. Det er slutt på den tida da folk gjekk fjøsmellom og synte fram dyra sine og var stolte av det.

Jon Georg Dale, var som eg sa til han, ein likandes og alminneleg kar. Kvek og positivt lyttande, fekk vi inntrykk av. Oppriktig interessert i sau og saueavl, og sjarmert av Kvithild og dei andre 96 navngjette søyene våre.

Så fekk han overlevert ei oversikt over grenda her vi bur, med sau av fleire raser i ymse buskapsstorleikar, ku i tradisjonelt fjøs og i moderne robotfjøs, ammeku, geit, hest og høner, jordbærproduksjon, korn og skog. For dette handla sjølvsagt ikkje berre om oss, men det var eit gyldent høve til å syne han kva vi driv med, og kvifor. Det var veldig viktig for oss å få fram dette på ein mest mogleg positiv måte. For vi er da verkeleg glade i dyra våre, jorda og miljøet rundt det heile, både for eigen del og andres.

Som vanleg er, ber vi langvegsfarande på ein matbit når dei kjem til gards. Som medlemmar i Gudbrandsdalsmat, var det naturleg å hente godbitar frå dei mange flinke lokalmatprodusentane der. Lammepølse frå Skjåk, geitpølse og ost frå Vågå, ost, rømme og smør frå Lesja, eigne fenalår av villsau, og med godt flatbrød frå nabolaget, vart det mange gode smakar. Som drikke til maten kunne vi by på lokalt øl frå Frya og jordbærsaft frå Kjønås.

Det syner litt av mangfaldet i landbruket her i ”dalenes dal”. I ei tid med stigande arbeidsløyse, skulle ein tru det var viktig for alle politikarar at det held fram. Større og færre er eit slagord som for lengst burde vore lagt på hylla, men som diverre synes å vera bodskapet til mange av rådande politikarar. Heiltidsbønder er vel og bra, men det blir ikkje nevnt at dei ofte må ha mange ”husmenn” med seg for å rekkje over alt.

På Kjønås ville det bli att om lag akkurat ein buskap med sau, om malen til det ”moderne, effektive, heiltidslandbruket” skulle råde. Ein til to brukarar skulle da vorte att åleine istadenfor tretten sauebønder slik det er her i dag. Eg trur det er viktig å setja opp slike ”reknestykke” for å vise konsekvensane av dei ”store” tankane.

Jon Georg Dale drøymer om å reise heim til Vestlandet og ta over heimegarden, der dei hadde om lag 50 vinterfora søyer. Men han vil ikkje sende rekninga over til andre. Med det meiner han vel at han skal drive utan tilskot. Det er ein grei tanke det, men det er berre det, at da må prisen på lammekjøt bli betrakteleg høgare. For slik det er i dag, kostar det meir å produsere eit lammeslakt, enn det ein får betalt for det. Det trur eg gjeld også for dei ”store, moderne og effektive”, som kanskje har fleire millionar i gjeld for nysatsinga si.

Så kva vil forbrukaren seie? Vil han/ho betale mykje meir for produkta, eller synes dei det er greit med subsidiering av ei næring som alle er heilt avhengig av?

Og kven var det som kom best ut i tilskotsordningane etter at FRP og H kom i regjering? Jau, det var dei største det!

Håpet er at dei som var hos oss denne dagen, fekk med seg eit inntrykk av at det er like viktig det vi mindre driv med, som dei større. Eit kilo kjøt veg det same frå alle slags gardsbruk. At ein vel å bruke tida og kreftene sine på noko som tidvis haustar lite respekt, og liten inntjening reint økonomisk, burde imponere politikarane istadenfor å tru at vi er ein utgiftspost for samfunnet. Vi blir fleire, og alle treng både mat og arbeidsplassar framover.

Difor var det så moro at landbruksministeren og dei andre stoppa på Kjønås, og at vi fekk eit høve til å syne dei at vi har ei levande grend som har mykje og allsidig landbruk. Det vil vi gjerne fortsetja med!

 Fride Gunn Rudi.


Velg ditt fylkeslag
Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Innkalling til Landsmøtet
(innkalling-til-landsmotet.pdf, 37kB)

/share/mime/48/pdf.png Kjøreplan Landsmøtet
(kjoreplan-landsmotet-9-10-november-2019.pdf, 80kB)

/share/mime/48/pdf.png Landsmøtehefte
(landsmotehefte-2019-2210-.pdf, 727kB)

/share/mime/48/pdf.png Politisk plattform
(politisk-plattform-endelig.pdf, 551kB)

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2019
(moteplan-nbs-2019.pdf, 96kB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41
    0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970 16 7943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vipps nummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as