Rogaland Bonde- og Småbrukarlag

Høyringssvar om: Kompensasjon for avvikling av pelsdyrhald i Norge

Det er nok kjend frå før, men vi er stekt imot avviklingsvedtaket og meiner det ikkje er for seint å snu. Dette kan gjerast om, oein vil!! I det minste kunne ein fått til ein lengre avviklingsperiode, slik at verdiane betre kunne realiserast og at farmarane kunne tilpassa seg andre alternativ.Høyringssvar om: Kompensasjon for avvikling av pelsdyrhald i Norge

Pelsdyrbøndene må få full erstatning for alle tap og einrimeleg erstatning for tap av inntekter i framtida. Å nytte bokførte verdiar som erstatningsgrunnlag, er heilt urimeleg.

 

Rogaland Bonde- og Småbrukarlag vil:

 

1. Det utførast ein takst for kvart einskilt pelsdyrfarm, uavhengig av bokførde verdiar. Denne taksten må vere grunnlaget for erstatninga. Dette er jo prinsippet for erstatning samfunnet elles.
2. Det må gjevast erstatning for sanering av anlegga, som dekkjer dei reelle kostnadene. Dette må baserast på anbodsrundar. Vi veit det er mykje sokalla spesialavfall i desse anlegga.
3. Gj.snittsalder på norske farmarar er 55 år, i Rogaland 45 år. Tap av inntekter i framtida, må dekkjast. Midlar til omskolering og oppbygging av anna landbruksverksemd må finansierast som ein eigen post på statsbudsjettet.
4. Næringa har bygd opp eit framifrå fôrkjøkken i Sirevåg. Dette må og takast med i erstatningane.
5. For norske bønder har samspelet mellom slakteriavfall og pelsdyrfòr våre viktig. Det har spart landbruket for destruksjonsavgifter på proteinanlegga. Våre berekningartilseier at det utgjer over 2 kr pr. kg slakt for norske bønder. Dette må kompenserast, når Stortinget vel å avvikla ei lovleg og lønsam næring.
6. Spesielt vil vi nemne det spesielle pelsdyrmiljøet i Norangsdalen i Ørsta kommune. Dette er verkeleg ruin for ein utkantgrend. Her må det ikkje stå på pengar, for å behalde bygda.

 

Vi lir saman med pelsdyrnæringa. Det er mange farmarar som slit og er nedbrotne av denne galskapen. I det minste må vi gjere opp for oss som samfunn, då må det ikkje vere smålegheit som gjeld m.o.t. erstatningar


Velg ditt fylkeslag
Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Innkalling til Landsmøtet
(innkalling-til-landsmotet.pdf, 37kB)

/share/mime/48/pdf.png Kjøreplan Landsmøtet
(kjoreplan-landsmotet-9-10-november-2019.pdf, 80kB)

/share/mime/48/pdf.png Landsmøtehefte
(landsmotehefte-2019-2210-.pdf, 727kB)

/share/mime/48/pdf.png Politisk plattform
(politisk-plattform-endelig.pdf, 551kB)

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2019
(moteplan-nbs-2019.pdf, 96kB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41
    0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970 16 7943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vipps nummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as