Rogaland Bonde- og Småbrukarlag

Årsmøtetale 2019

Årsmøtetale 2019

Ved vegs ende!

Det må vere lov, etter så mange år og bruke litt tid til reflektering. Det er mange personar som kunne vore nemnde. Mange styremedlemmer i all slags verv, sekretærar og vanlege medlemmer. Takkar alle for innsatsen, for dei alle, ubetalt og pur dugnad. TAKK

RBS vart skipa 17.12. 1938, altså 81 driftsår til no.

Nordfylket var særs sentralt, den gang som no.

Liste over leiarar:

17.12.1938 – 27.03.1940

Torgeir Tveit

Nordre Skjold

Fram til 03.04.1948

Knut C. Rønnevik

Tysvær

Til 21.10. 1951

Sjur Veen

Sandeid

Til 21.03. 1953

Ånen Susort

Tysvær

Til 21.01. 1966

Bjarne Hervik

Tysvær (13 år)

Til 11.03. 1967

Torleif Larsen

Nærbø

Til 04.04. 1970

Karel Vogelfart

Nærbø  (7 år)

Til 26.02. 1977

Bjarne Hervik

Tysvær

Til 10.02. 1979

Ingvald Lundervold

Tysvær

Til 19.03. 1983

Åge Bratthammar

Nord Karmøy

Til 08.03. 1985

Jan Hetland

Hjelmeland

Til 12.03. 1988

Torger Surdal

Lund

Til 08.03. 1991

Amund Birkeland

Bjerkreim

Til 08.03. 1996

Olav Hetland

Hjelmeland

Til 09.03. 1997

Svein Kåre Eggebø

Finnøy

Til 09.03. 2003

Nils S. Melbøe

Sandnes (6 år)

Til 09.03. 2008

Svein Narve Veshovda

Eigersund

Til 09.03. 2009

Gina Osaland

Sandnes

Til 07.03. 2010

Kjell Tysdal

Hjelmeland

Til 09.03. 2019

Nils S. Melbøe

Sandnes (9 år + 6 år)

Frå 09.03.2019

Stig Arild Helgesen

Tysvær og Bokn

 

 

Det første årsmøtet eg var med på var i 1983. Det året fekk vi heile 511 nye medlemmar og 14 nye lag. Rogaland vant vervekonkuransen i NBS det året.

Kravet til jordbrukstingingane i 1983 var om lag som i dag

  1. Høgare sjølvforsyning, minimum 50 %, noko Stortinget og meinte den gong
  2. Auka produksjon på norske ressursar, særskild i dei område av landet som slit med synkande folketal og sysselsetjing.
  3. Få bukt med overproduksjonen, maks 35 % kraftfôr i mjølkeproduksjonen. Gjere kraftfôrbruken over 35% ulønsam. Tak ved 1,6 årsverk.
  4. Stimulere til matkorn og proteinrike vekstar.

Er det nokon som drar kjensel på desse krava, og er dei ikkje gjeldande framleis?

Sentralt i alle åra har vore at innkjøpte driftsmiddel fortreng bondens eigne ressursar, som jord, beite og arbeid. Altså, kapitalen overtek meir og meir av grunnlaget for produksjonen.

Så er det fordelinga av midlane og prisane på produkta våre. Kampen for ei rettferdig fordeling, basert på arbeidsinnsats og ikkje volum har alltid vore sentralt i arbeidet. Matproduksjon kan ikkje baserast på dugnad, kort sagt.

Samvirke

Ein anna sak som det har vore strid omkring, er Bonde- og Småbrukarlagets tilknyting til samvirke.

På det siste møte før 2. verdskrigen, vart det protestert på at «meieri, egglag og likande organisasjonar vart innmeldt i Norges Bondelag. Argumenta mot var klassestrid og forskjellbehandling som ikkje tente jordbruket. Lite visste dei då i 1940, at dette var siste årsmøte dei hadde pga. krigen. Dei måtte avslutte verksemda. Norges Bondelag let seg delvis nazifisere, mens NBS vart oppløyst i 1941.

Det var då, Landbrukssamvirkets Felleskontor, blei underlagt Norges Bondelag, og endra namn til «Norsk Landbrukssamvirke», at kløfta verkeleg oppstod. I 1984 utgjorde overføringane til Bondelaget heile 20 millionar kroner, mens NBS blei avspist med kr. 150 000. Det har vore diverse initiativ til å få oss samla igjen, men Rogaland Bonde- og småbrukarlag har ikkje slutta seg til noverande «Norsk Landbrukssamvirke» i Rogaland.

Mitt syn er klart, sa dåverande leier i 1985, Jan Hetland: «Ingen er meir avhengig av samvirket enn småbrukaren».

Men - dei må:

  • Vere uavhengige og nøytrale med omsyn til faglaga
  • Verne om alle medlemmer
  • Ha ein struktur som fremjar solidaritet mellom bønder

Eg synes Jan Hetland sine ord den gong var kloke. Det nye styret må vurdere framtidig tilknyting til samvirke. Men, det vil ikkje vere tvil om at RBS støttar samvirke i kjøp og sal. Spørsmålet er korleis det skal formaliserast i praksis?

Stridsemne

Ein annan leier, Torger Surdal, sa i 1990.: «Vi har ikkje utnytta dei rammevilkåra som politikarane gav oss». Med det meinte han at vi ikkje klarte å realisere politikken vår gjennom forhandlingane, fordi Bondelaget og den dominerande parten, heile tida arbeide for,  «færre, og sterkare bønder».

Kampen mot minstefrådraget, det vi med rette kallar straffeskatt for dei minste, har vore sentralt. Rogaland Bondelag kravde at ingen skulle få tilskot for produksjonar under 0, 35 årsverk, for kvar produksjon. At dette ville slå beina under mange bruk, og ikkje minst dei som driv fleire produksjonar på ein gard, tok dei ikkje omsyn til. Heile tida har det vore strengare krav til dei minste.

Toppen vart nådd av Lars Sponheim, som fekk til momsgrense på kr. 50 000 pr. bruk. Dette gjorde at t d. 1/3 av bruka på Bømlo vart nedlagde i 2001.

Bruksnedlegginga vart av mange framstilt som ein naturlov. I mange år var nedleggingstakten over 10 bruk kvar dag. At dette har utarma norske bygder, kan det ikkje vere tvil om. Høgrentepolitikken i 80/90 åra, med rente på 18 % var knallhard for samfunnet. Dette var og ein viktig sak å kjempe mot. Likeins WTO og GATT forhandlingane.

Men den verkeleg store saka, var EU kampen.

RBS gjekk til innkjøp av ein kampanjebuss som vi reiste fylket rundt med. Vi var høgt og lågt, men mest der folk var, på kjøpesentera, gågater osv., der vi propaganderte.

Trekkplasteret vårt var Aina Edelmann. Ho hadde stor appell blant befolkninga og var ei mektig stemme på Nei-fronten. Mange av  lokallagsleiarane våre var sentrale i lokale nei-organisasjonar. Stolt kunne vi sende ut ein pressemelding 28 nov. 1994  kl. 21.01 som første organisasjon i Norge, med tittel: «FOLKET SA NEI». Det var ein sjans å ta, basert på TV2 si valdagsmåling, men vi fekk rett!

Dette med å aksjonere på ulike vis, har vore viktig for RBS. Anten det er henging av kyr føre Stortinget, rundballar i gatene, sal av varer til innkjøpspris eller vanleg marknadsføring av landbruket, har det hatt verknad, og vi har klart å sette spor etter oss. Vi har heldt oppe presset på politikarane, og oppslutninga om norsk landbruk har auka i befolkninga.

Produksjonstilpassing på mjølkesektoren med to-pris, kvoter, utkjøpsordning, etableringsstopp, samdrifter, regler for desse kunne eg skreve mykje om, men nemner det berre her. Dette er eit evigvarande kapitel for jordbruket, og vi er langt frå kome i mål med dette.

Ein mektig drivar i endring av politikken har vore prisen på kraftfôr. NBS blei i 1913 oppretta for å sikre billeg korn til småbrukarane. Her stod Bondelaget òg på motsett side. Rogaland Bonde- og Småbrukarlag var tidleg ute med  å forlange styring av kraftfôrprisane. Vi har sidan 80-talet arbeidd for at prisnedskrivinga på kraftfôr skal avviklast. Lundteigen si rolle med å skape eit anna fleirtal i Alstadheimutvalet var godt og klargjerande for mange, men til d.d. fånyttes. Den store omlegginga var det Gunnhild Øyangen, AP og Frp, som var arkitektane for. Over natta gjorde ho kraftfôret 1 kr. billigare. Resultatet av dette ser me framleis. Norske ressursar vert bytta ut med billeg import, no mest frå Sør-Amerika.

Sluttord

NBS har verdsrekord i å bryte forhandlingar. Det har vore vår protest mot den forferdelege utviklinga i norsk landbruk. Men, det er klart at denne strategien har sine begrensingar, utan at eg vil gå nærare innpå det her. Men, i dag er nok Bondelaget meir på line med NBS, enn dei nokon gong har vore.

Det vi har lukkast mest med, er kanskje kampen for eit reint norsk landbruk.  Salmonella, antibiotikabruk, skrapesjuke kan vere døme på dette. Beitetilskot og omrekningsfaktor, kamp mot ran av sauehaldet, har vi vore gode på. Og ikkje minst direktesal frå bonden med verdiskapingsprogram og no REKO-ringar som kjem for fullt.

Vi har fortsatt store utfordringar i jordbruket. Eg er særs nøgd med at det no kjem nye krefter inn i leiinga av RBS.  For meg har det vore utruleg interessant og gitt meg mykje glede i kontakten med folk på dei ulike arenaane eg har fått høve til å vere med på. Alt arbeidet som vi saman har lagt ned, har gitt meg inspirasjon i arbeidet som leiar.

Eg ynskjer det nye styret lukke til, og vil fortsatt vere med i arbeidet for eit godt norsk landbruk.

 

TAKK FOR MEG.


Velg ditt fylkeslag
Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Nr 5 side 3
(nr-5-side-3.pdf, 405kB)

/share/mime/48/pdf.png Nr 5 side 4
(nr-5-side-4.pdf, 514kB)

/share/mime/48/pdf.png Nr 5 side 7
(nr-5-side-7.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Nr 5 side 38
(nr-5-side-38.pdf, 755kB)

/share/mime/48/pdf.png Nr 5 side 39
(nr-5-side-39.pdf, 3MB)

/share/mime/48/pdf.png NBS krav ved jordbruksforhandlingene 2019
(nbs-krav-2019-2504-endelig-versjon.pdf, 2MB)

/share/mime/48/pdf.png Kravdokument til jordbruksforhandlingene fra NBS og NB 2019
(jordbrukets-krav-2019.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Jordbruksoppgjøret 2019 - sluttprotokoll
(jordbruksoppgjoret-2019-sluttprotokoll.pdf, 5MB)

/share/mime/48/pdf.png Politisk plattform
(politisk-plattform-endelig.pdf, 551kB)

/share/mime/48/pdf.png Møteplan 2019
(moteplan-for-2019.pdf, 95kB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41
    0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970 16 7943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vipps nummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as