Om oss

Medlem

Prosjekter

Norsk Mat- og Kulturpris

Tema

Nyhetsarkiv

Lenker

Presse

Fylkeslag

Velg ditt fylkeslag









.


 


Styrk bygdekvinnene verda over

Publisert: 28.02.2012 av Einar Meisfjord
Dette var rådet frå FN når den 56. kvinnekommisjonen i New York starta mandag 27.februar. NBS har utsending til konferansen, Ingeborg Tangerås, i regi av kompetanse- og ressurssenteret FOKUS, forum for kvinner og utviklingsspørsmål.

Kvinner si deltaking og likestilling er eit tverrgåande fokusområde i Bonde- og Småbrukarlaget sitt arbeid, både nasjonalt og internasjonalt. Dette året har FN styrking av bygdekvinner si stilling og deira rolle i kampen mot svolt og fattigdom som hovudtema på den årlege kvinnekonferansen i New York. Mellom 3000-5000 deltar på konferansen. Dette er representantar frå regjeringar, det sivile samfunn, privat sektor og media. NBS har utsending til konferansen, i regi av vårt kompetanse- og ressurssenter FOKUS, forum for kvinner og utviklingsspørsmål.

Landbruket og matprodusentar er eit av hovudtema på konferansen. Me veit at 70 prosent av maten blir produsert av småbrukarar verda over, og minst halvparten av desse er kvinner. Samtidig veit vi at 70 prosent av dei som lever i ekstrem fattigdom bur på landbygda, og dei fleste av desse er kvinner og barn. Ut frå desse tala er det svært viktig å styrka desse kvinnene si stilling og komme fram til konkrete resultat om korleis dette skal gjerast.

Tiltak for unge kvinner, støtte til landbrukssektoren, fordeling av naturressursar, trening og opplæring, tilgang til jordbrukseigedommar, marknad, eigedom og lån og ikkje minst jenter og kvinner si deltaking i organisasjonar, styrer og råd er berre nokon av tema i dei utallige debattane som står på programmet i FN-bygningen. Kvinner på landbygda blir råka hardt av klimaendringar, børsbasert matkrise og brot på menneskerettane i kampen om naturressursane. Kven som skal produsere maten i framtida, korleis den skal produserast, og av kven, blir derfor viktige spørsmål når verdssamfunnet skal oppsummere situasjonen i dag og korleis bygdekvinner kan styrkast for å betre utviklinga. FN sine tusenårsmål er langt frå å bli oppfylte, men kvinner har ei særdeles viktig oppgåve innan matproduksjon og utvikling av bygdene i alle land.

FNs Kvinnekommisjon (CSW)
FN sin kvinnekommisjon blir arrangert kvart år og er ein dei viktigaste internasjonale møteplassane for å diskutere kvinner sine rettar og likestilling. Kvinnekommisjonen sitt mandat er å følgje opp handlingsplanen frå FN sin kvinnekonferanse i Beijing i 1995. I tillegg til offisielle delegasjonar frå FN sine medlemsland, tar eI rekkje representantar frå ulike organisasjonar verda over del i kommisjonen.

CSW 2012
I 2012 finn kvinnekommisjonen stad i FNs sitt hovudkvarter i New York frå måndag 27. februar til fredag 9. mars 2012. Hovudtema er "The empowerment of rural women and their role in poverty and hunger eradication, development and current challenges". ?Som eit ledd i førebuingane til Kvinnekommisjonen 2012 arrangerte UN Women i samarbeid med FAO (Food and Agriculture Organization), FAD International Fund for Agricultural Development og World Food Programme (WFP) et ekspertgruppemøte kalla "Enabling rural women's economic empowerment: institutions, opportunities and participation" i Ghana.

Les om FN sin kvinnekommisjon her: http://www.un.org/womenwatch/daw/csw/
Les FOKUS sitt grundige bakgrunnsdokument her: http://www.fokuskvinner.no/





 
 























 


 







 






 


Kalender

september
onsdag 03. september
- Styremøte

oktober
torsdag 16. oktober
- Styremøte

fredag 31. oktober
- Styremøte, fylkesledersamling og representantskapsmøte

november
lørdag 01. november
- Landsmøte

Nyhetsbrev