Om oss

Medlem

Prosjekter

Norsk Mat- og Kulturpris

Tema

Nyhetsarkiv

Nettbutikk

Lenker

Presse

Fylkeslag

Velg ditt fylkeslag











.


 


Celina skal gi nytt løft for norske pærer

Publisert: 01.03.2012 av Einar Meisfjord
Artikkel av Stein Harald Hjeltnes, Graminor
Jens Terje Hammervoll og Gunvor Lidal, Sognefrukt
Knut Byrkjenes Hauso, Hardanger fjordfrukt
Magnus Opedal, Ullensvang fruktlager
Endre Bjotveit, Norsk fruktrådgiving Hardanger. Artikkelen sto på trykk i siste utgave av Norsk Frukt og Bær (1/2012)

Me har sorten som kan gje norsk pæredyrking eit lyft. Den nye sorten Celina frå Graminor vart omtalt i norsk frukt og bær nr. 3 2011. Hausten 2011 vart det etablert eit forprosjekt som er forankra i Sognefrukt og finansiert av Innovasjon Norge Sogn og Fjordane. Det er tanken at dette forprosjektet skal leggja grunnlag for ei større satsing på Celina, som vert samordna med den forventa produksjonsauken av Ingeborg og Clara Frijs. Med i prosjektet er representantar frå Sognefrukt, Hardanger fjordfrukt og Ullensvang fruktlager, i tillegg til Graminor og Norsk fruktrådgiving Hardanger. Så langt har me 20 dyrkarar som er interesserte i å vera med og satsa på denne nye sorten, men me må ha fleire med på laget i løpet av 2012 for å kunna nå målsetjingane. Dei som vil vera med oss på denne satsinga må ha tru på det, og må framsnakka pærer - me treng ikkje dei store skeptikarane i gruppa!
 
Kor sikre er me på at dette vil lukkast?
Me gir ingen garanti, og veit at det er risikabelt. Det er ingenting som er utan risiko, men me trur at dei som har jord og klima for pæredyrking, vil kunna få gode resultat med Celina. Det me veit er at den som dyrkar Celina må vera nøye med haustetid. For seint hausta pærer vil ikkje halda seg i butikk, og det vil fort kunna øydeleggja sorten. For seint hausta pærer vil bli avviste i porten på fruktlageret, og me må ha eit strengt regime på omsetning for å halda oppe kvaliteten. Me har ikkje diskutert ”klubb”-konsept enno, men dette kan vera ei mogeleg løysing. Dette inneber at dei som dyrkar må forplikta seg til å fylgja eit bestemt dyrkingsopplegg og selja pærene på bestemte måtar under eit bestemt merke, og at pærene skal oppfylla visse krav for å kunna seljast under dette merket. Hovudprosjektet må ta opp slike tema. Den største risikoen er at me ikkje får stor nok tonnasje til at det vert interessant for omsetnaden.
 
Mål for satsinga
Målsetjinga vår er at me skal opp i 1200 tonn norske pærer i 2020, inkludert Clara Frijs og Ingeborg. Dette er ein stor og rask auke når ein ser på siste års produksjonar, og skal me nå det, må det plantast store areal om kort tid. I marknaden er det likevel ikkje meir enn 30% av omsetnaden i 8 veker om hausten. Dei fyrste trea på kvede C vert poda no i vinter, og 4-5.000 tre vert klare til utplanting hausten 2013. Store mengder tre kan bli klar til planting hausten 2014 og 2015 dersom det kjem inn store tingingar tidleg i vår. Det er ikkje sett mål om minste-areal eller kor mange produsentar ein vil ha med, men det er ynskjeleg at fleire dyrkarar i ei grend vert med, slik at det blir lettare å organisera markvandringar.
 
Organisering
Ei slik satsing på ein ny sort krev at me arbeider på mange frontar, og at me får med personar med ulik kompetanse og nettverk som kan opna dører for å gjera satsinga vellukka. Difor vil me arbeida parallelt med fleire saker, der finansieringsordningar og organisering av treproduksjon har fyrste prioritet i forprosjektet. Me må også vita at me har so pass mange med oss på laget at det blir nok frukt i marknaden til at det blir verd å omsetja. Satsinga vil ikkje bli retta mot ein særskild grossist, men dyrkarane må organisera seg på ein slik måte at ein får bygd opp og formidla kompetanse til alle ledd i verdikjeda.
 
Bli med!
Me vil oppmoda dei som enno ikkje har meldt si interesse for å vera med på denne nysatsinga til å ta kontakt med fruktlageret so snart som råd. Gje melding om kor stort areal eller kor mange tre du vil tinga, og kva tid du har ledig areal til planting. Ta gjerne kontakt med nokon i prosjektgruppa òg, dersom det er viktige moment du meiner må vera på plass for at du skal bli med.





 
 























 


 







 






 


Kalender

september
onsdag 03. september
- Styremøte

oktober
torsdag 16. oktober
- Styremøte

fredag 31. oktober
- Styremøte, fylkesledersamling og representantskapsmøte

november
lørdag 01. november
- Landsmøte

Nyhetsbrev