Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag

JF19 - ÅRETS RESULTAT FOR OSS I VEST

Jordbruksforhandlingane 2019 er over. Det har vore ein del diskusjonar om dette oppgjeret, og dette vonar eg vi kan ta fram att til neste års jordbruksforhandlingar.

Kva var våre krav?

- struktur/pyramidetilskot i alle produksjonar

- styrking av utmarksbeitetilskot

- styrking av grovforsproduksjon

- styrking av kornproduksjon

- driftsvansketilskot

- styrking av frukt/grønt-sektoren, med satsing på små bruk

Mange blei litt overraska, då staten i år kom med auke på sau. Dette pga den overproduksjonen vi idag har på sau. Ein gjekk ut frå at styrking på sau, ikkje ville føre fram.

Oppgjeret er som alltid bra for nokon og dårleg for andre. Likevel har landbruket fått ein inntektsvekst på kr 20600,- pr årsverk. Dette tilsvarer litt meir enn kronemessig lik inntektsvekst som andre grupper. Landbruket sitt krav var på 1920 millionar kroner i auke, og vi fekk 1360 millionar kroner.

Så korleis gjekk det med oss i Sogn og Fjordane?

Grønsaker og frukt opp 3,7%. Matkornet opp med 14 øre. Med prisnedskriving kraftfor får vi ein auke på kraftfor på 2 øre kiloen. 3 øre meir pr. l mjølk. Vi har fått styrka pyramidetilskotet på mjølkekyr med kr 440,- pr ku, opptil ei besetning på 50 kyr. Over 50 kyr er satsen uforandra på kr 770,- pr dyr. Har du over 40 ammekyr blir det ein auke på kr 12640,- pr besetning.

Når det gjeld sau, så er det no same satsen pr dyr frå 1 til 150 sauer, på kr 880,- pr dyr. I besetningar på over 150 dyr er satsen kr 194,-. Dette betyr styrking av bruk som har mellom 127 - 150 sau, som tidlegare hadde kr 194,- pr sau.

Dette oppgjeret ga ingenting til gris og verpehøner.

Elles er utmarksbeitetilskotet auka med kr 114,- pr dyr for storfe og kr 10,- for småfe, mens innmarksbeitetilskotet auka med kr 50,- for storfe og kr 10,- for småfe.

I utgangspunktet eit bra oppgjer, som gagnar oss i vest. Sjølvsagt skulle vi ynskje eit endå betre resultat, og her må vi ta opp tråden til hausten.


Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Akersgata 41
0158 Oslo

Telefon sentralbord: 22 00 59 10
E-post: post@smabrukarlaget.no

Organisasjonsnummer: 970 16 7943

Kontonummer: 8101.05.36928

Vipps nummer: 55 89 91

Utviklet av Imaker as