Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag

Det nye styret i Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag blei også vald: Leiar Brit Inger Skaar (attval), Margaret Skåre, Rune Nydal, Marco Neven (ny) og Håvard Larsen (ny) - ikkje til stades då bildet blei teke. Foto: Marit Milde

FYLKESÅRSMØTET 2019

ULVIK I HARDANGER, Helga 30-31.03.19 – Brakanes Hotel, Ulvik i Hardanger.

Tradisjonen tru var det i år Hordaland BS sin tur til å arrangere fylkesårsmøtet. Sogn og Fjordane stod for arrangementet i fjor, då på Kviknes Hotel i Balestrand.

Ulvik BS feira 50 års jubileum, og om lag 50 deltakarar og utsendingar frå begge fylka møtte opp.

Temaet for møtet var Klimavenleg landbruk – kva er berekraftig og klimavenleg?

Den nye leiaren i NBS Kjersti Hoff snakka m.a. om matsikkerheit og sjølvforsyning og viktigheita av at dette var på plass i ei politisk ustabil verd.

Ho tok opp utfordringane med overproduksjon, import og den stadig aukande trenden der jord går ut av drift. Det er eit stort behov for ein endring i den eksisterande landbrukspolitikken.

Mari Gjengedal, organisasjonsrådgjevar i Norsk Bygdekvinnelag var òg innleiar. Ho tok føre seg polariseringsdebatten kring raudt kjøt, og meinte ein her måtte sjå på produksjonsmåten og heile biletet.

Så kom Arnfinn Gjeråker, bonde og engasjert i karbonfangstprosjektet på Voss. Han heldt eit innlegg om prosjektet som m.a. skal utforske regenerative dyrkingsmetodar til gode for klima og produktivitet.

Spørsmålet om samanslåing av dei to fylkeslaga blei og teke opp på fellesmøtet laurdagen. Konklusjonen blei at Hordaland BS og SFBS held fram som to lag, og at det blir oppretta eit arbeidsutval beståande av begge fylkesleiarane og sekretærane frå kvart lag. Arbeidsutvalet skal arbeide opp mot fylkesmann og fylkeskommunen.

Årsmøtet i SFBS gav gjenval til leiar Brit Inger Skaar frå Hyllestad. Det blir 3. året ho sit som leiar i Sogn og Fjordane.

Ut av styret gjekk Atle Løvland og Ivar Slinde. Inn kom Marco Neven, Aurland BS, og Håvard Larsen, Førde BS. Lenke til årsmøtereferatet her.

Uttalen frå årsmøtet til SFBS kan du sjå her


Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Akersgata 41
0158 Oslo

Telefon sentralbord: 22 00 59 10
E-post: post@smabrukarlaget.no

Organisasjonsnummer: 970 16 7943

Kontonummer: 8101.05.36928

Vipps nummer: 55 89 91

Utviklet av Imaker as