Telemark Bonde- og Småbrukarlag

 Kontakt oss    facebook   Om oss    Lokallag   Styret  Årsmelding   Hjem

Landbrukspolitikk for folk og fe i fjellet

Debatantar frå venstre: Torunn Hovde Kaasa, Terje Riis-Johansen, Erlend Larsen, Kåre pettersen, Lina Bringsli, Harald Moskvil, Ottar Flatland, Sven Tore Løkslid Foto: Kari Tellefsen

Telemark Bonde- og Småbrukarlag og lokallaget i Vest-Telemark har gjennomført ein vellykka støylsdag på Kråkeroe med hardingfelespil, basar, politisk debatt, appell, god mat og god stemning.

Sundag 28. juli var det meir enn 250 peronar som hadde funni vegen til Kråkeroe for å få med seg eit triveleg og interessant arrangement. Dette var 6. gongen Vest-Telemark Bonde- og Småbrukarlag inviterte til støylsdag, og for fyrste gong fekk me ein politisk debatt om korleis me skal forvalte utmarka. Mange listetoppar som stilller til val i det nye Fylkestinget for Vestfold og Telemark hadde tatt turen til fjells denne dagen. Vår dyktige organisatoriske nestleiar, Kathrine Kinn styrte debatten etter å ha framført ei innleiing ført i pennen av forskar Bjørn Egil Flø. Einaste partiet som ikkje ynskte å delta denne dagen var FrP. Vår politiske nestleiar, Elin Bergerud, heldt ein glitande appell. Sjå meir frå debatten i eigen link.

Mange hadde gjeve gåver til basaren, og den gjævaste gevinsten var ein heimelaga kniv med slir som var gjort av ein ung gut frå Tjønnegrend. 

Spilemannen Lars Erik Øygarden kom rett frå kappleik i Setesdalen, men spila mange gode hardingfeleslåttar, og fortalde segner som var opphav til slåttane. 

Vertskapet, Sondre, Lina og Sondres foreldre, Margit og Trygve Nordstoga hadde lagt alt godt til rette, og selde nydeleg rjomegraut frå eigen rjome.   

Tusen takk for ein flott dag på støylen!

/share/mime/48/pdf.png Politikk for folk og fe i fjellet
(politikk-for-folk-og-fe-i-fjellet.pdf, 1MB)


Velg ditt fylkeslag
Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Innkalling til Landsmøtet
(innkalling-til-landsmotet.pdf, 37kB)

/share/mime/48/pdf.png Kjøreplan Landsmøtet
(kjoreplan-landsmotet-9-10-november-2019.pdf, 80kB)

/share/mime/48/pdf.png Landsmøtehefte
(landsmotehefte-2019-2210-.pdf, 727kB)

/share/mime/48/pdf.png Politisk plattform
(politisk-plattform-endelig.pdf, 551kB)

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2019
(moteplan-nbs-2019.pdf, 96kB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41
    0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970 16 7943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vipps nummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as