Vest-Agder Bonde- og Småbrukarlag

Kontakt oss    Facebook    Om oss    Lokallag    Styret    Årsmelding    Arkiv    Hjem

Foto: Eli Smedsland

Haustmarknad på Byremo

Audnedal Bonde- og Småbrukarlag skipa til sin årlege haustmarknad laurdag 22. september.

 

Audnedal Bonde- og Småbrukarlag skipa til sin årlege haustmarknad laurdag 22. september.

Trass kraftige regnbyger og hissige vindkuler, stilte medlemmene opp med varene sine.

Kasseraren i laget, TK Grindheim, dro til Lyngdal tidleg laurdagsmorgonen for å kjøpa eit telt utbydarane kunne stå under. Og det fungerte bra.

Vi hadde eit godt utval av grønnsaker og frukt. Dessutan honning, egg, pyntegrønt og trearbeid.

Vi har alltid ein liten cafe i samband med haustmarknaden. Turid Almedal solgte kaffe og nysteika lapper.
I tillegg solgte ho gomme og heimebaka brød. 

Det var god stemning i og rundt marknadsteltet. Men uværet var nok årsak til at ikkje så mange som tidlegare år tok seg tid til å setja seg med i cafeen.


Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Akersgata 41
0158 Oslo

Telefon sentralbord: 22 00 59 10
E-post: post@smabrukarlaget.no

Organisasjonsnummer: 970 16 7943

Kontonummer: 8101.05.36928

Vipps nummer: 55 89 91

Utviklet av Imaker as