Hvilken landbrukspolitikk vil en eventuell ny regjering føre? Det var spørsmålet da Nils Kristen Sandtrøen (AP), Geir Pollestad (SP) og Torgeir Fylkesnes (SV) deltok i debatt på Kråkeroe-staulen i Telemark 8.august 2021. Foto: Nora May Engeseth

Semje om ny jordbrukspolitikk

Blir det raudgrønt fleirtal etter valet, kjem Noreg til å få ein ny jordbrukspolitikk med sikte på å stoppe nedlegginga av gardsbruk og ta i bruk att areal som er gått ut av drift. Dette var den klåre meldinga frå Ap, SV og Sp i jordbruksdebatten på støylsdagen til Telemark Bonde- og Småbrukarlag på sundag.

Dei som slo fast dette, var leiar i Stortingets næringskomité Geir Pollestad (Sp), nestleiaren i komiteen Torgeir Knag Fylkesnes (SV) og medlem av komiteen, Nils Kristen Sandtrøen (Ap). Dei er alle jordbrukspolitiske talsmenn for sine parti. Den drivne debattleiaren Bjørn Bø greidde ikkje få fram meir enn nyansar som skilde mellom debattantane i ordskiftet som varte ein dryg halvtime.

– Dei stod fram like samde som dei tre musketerane, kommenterer Sonde Aasan, verten på støylen Kråkeroe, leiar i Telemark Bonde- og Småbrukarlag og varaordførar i Seljord. – Noko slikt har me aldri høyrt før. Tre parti som ser ut til å få fleirtal på Stortinget er samde om å laga ein pliktande plan for å tette inntektsgapet mellom bøndene og andre grupper, og vil syte for at alle brukstypar og produksjonar over heile landet får del i inntektsauken. Dei vil tufte meir av matforsyninga på våre eigne ressursar, og hyllar utmarksbruken og støylsdrifta. Denne debatten varsla eit politisk omslag av uvanlege dimensjonar, meiner han.

Aasan legg til at det er på høg tid at bøndene blir verdsette for innsatsen dei gjer for matforsyninga, kulturlandskapet og busetnaden. – Me som driv gard sjølve og kjenner næringa godt, veit at store delar av matproduksjonen kan rakne på stutt tid. Særleg unge bønder vil ikkje lenger finne seg i å leva med eit stort arbeidspress, elendige sosiale ordningar og ein mykje skralare økonomi enn dei kunne hatt i andre yrke. Bondeopprøret gjev eit rett bilete av røyndomen. No er lista lagt, og desse signala forpliktar. Eit nytt fleirtal etter valet må treffe hoppkanten alt i regjeringserklæringa, med så tydelege mål og ambisjonar for norsk matproduksjon at dei gjev framtidstru og gode rammer for matproduksjon på norske ressursar.

 

Bilder fra arrangementet kan lastes ned her. 

 


Velg ditt fylkeslag

Velkommen til Landsmøte 2021!

NBS inviterer til Landsmøte 2021 ved Gardermoen utenfor Oslo 30.-31.oktober. Her kan du lese mer og melde deg på.

Velkommen til Landsmøte 2021! - les hele saken

Kontakt med sekretariat

Tlf sentralbord: 22 00 59 10

E-post:
medlem@smabrukarlaget.no  post@smabrukarlaget.no

/share/mime/48/pdf.png Studieheftet 2021
(studieheftet-2021.pdf, 647kB)

/share/mime/48/pdf.png Håndbok for Reko-ringen
(handbok-for-reko-ringen.pdf, 661kB)

/share/mime/48/pdf.png Årsmelding 2019-20
(arsmelding-2019-2020-siste.pdf, 2MB)

/share/mime/48/pdf.png Strategidokument til landsmøtet
(strategidokument-til-landsmotet.pdf, 110kB)

Artikler fra siste utgave av medlemsbladet

Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Bonde og Småbruker utgivelsesplan 2021
(bs_medieplan_2021.pdf, 304kB)

/share/mime/48/pdf.png Aksjonerte for norsk mat og levende bygder s.3
(bosm6-0207-03.pdf, 2MB)

/share/mime/48/pdf.png Arrangerer kulturdugnad for norsk mat s.4
(bosm6-0207-04.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Norsk Bonde- og Småbrukarlag gir ikke opp inntektskravet s.5
(bosm6-0207-05.pdf, 2MB)

/share/mime/48/pdf.png Opprop for norsk mat og levende bygder s.7
(bosm6-0207-07.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Til kamp mot jordbrukspolitikken s.8-9 (8)
(bosm6-0207-08.pdf, 2MB)

/share/mime/48/pdf.png Til kamp mot jordbrukspolitikken s.8-9 (9)
(bosm6-0207-09.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png 128 ungdommer klare for Grønt Spatak s.14
(bosm6-0207-14.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Unik alliansebygging siden 1993 s.15
(bosm6-0207-15.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Norsk Bonde- og Småbrukarlag har fått støtte til nytt REKO-prosjekt s.19
(bosm6-0207-19.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Om makt s.23
(bosm6-0207-23.pdf, 522kB)

/share/mime/48/pdf.png Krossensilering av korn s.24
(bosm6-0207-24.pdf, 1MB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41, 0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970167943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vippsnummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as