Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

Fylkesårsmøte 2020

Hordaland  Bonde- og Småbrukarlag heldt årsmøte 2.mars. Grunna den spesielle situasjonen med koronasmitte og restriksjonar var møtet nettbasert. 17 medlemmer deltok på «Teams».

Styret i Hordaland Bonde- og Småbrukarlag 2020 ser slik ut:

Leif Grutle (leiar, attval), Arne Lofthus, Birte Larsen, Jarle Helland, Øystein Hole, Tina Bøe Buer (ny), Irene Dalland (ny).  1.vara er Dag Kyrre Lygre.

Årsmøtet vedtok to uttalar:

  1. Korleis står det eigentleg til med mattryggleiken i landet vårt?
  2. Avgrens utbetalingane til dei største, sats meir på små og mellomstore gardsbruk.

 

Les uttalane her.

Uttale 1 fylkesårsmøte 2020. 

 

Korleis står det eigentleg til med mattryggleiken i landet vårt?


Både dagens Regjering og Stortinget held matsikkerheit til eigen befolkning som svært viktige moment nå dei skal forsvara midlane som blir brukt på jordbruket.
Men korleis står det eigentleg til med mattryggleiken, og stimulerer bruken av budsjettmidlar til at me kjem nærare hovudmålet for jordbruket?
Me har idag stor overproduksjon av husdyrprodukt, men det er for lite norskprodusert for. Areala gror igjen, og det blir stadig færre bønder
Dette er ein situasjon som er vanskeleg å forklara, og endå vanskelegare å forsvara.
Korigert for import av forråvarer er sjølvbergingsevna vår mellom 35-40%, alt etter vær og kor gode avlingane blir (tørkesommaren 2018 var sjølvberginga omlag 30%).
Me importerer kring 60% av matkornet vårt. Og har bygd ned kornlagra i landet.
Samtidig treng jordbruket store mengder gjødsel, såvarer, maskiner, reidskapar osv.
Det skal ikkje mykje "rusk" til i forsyningslinjene før me blir sårbare.
Grunna dårleg kornøkonomi går fleire bruk i kornområda over til grasbaserte produksjonar, og konkurrerer ut meir tungdrivne bruk, spesielt på Vestlandet.
Volumtankegangen har vore sterk i jordbruket, både gjennom bruken av budsjettmidlar og gjennom støtte til bygging av store fjøs.
Berre kring 30% av budsjettmidlane blir brukte til aktiv bruk av jordressursane våre.
Jordbruk er bruk av jord. Det er gjennom ein fornuftig forvalting av jordressursane me kan ha tryggleik for matforsyning. 
Bønder tilpassar seg den politikken som blir ført. Og alle enkeltbønders tilpassing fører til den utviklinga me ser idag.
Årsmøtet i Hordaland Bonde- og Småbrukarlag meiner at det er eit stort demokratisk problem når Landbruksminister Bollestad går ut å skjønnmalar situasjonen for norsk sjølforsynings-evne av matvarer (nettutgåva av Nationen 28.mars).
Når me i 2019 importerte ein mill. tonn forråvarer (Landbruksdirektoratet sine eigne tal) til husdyra våre, blir alle produkta rekna som norskproduserte i hennar statistikk.
Sjølv om noko av dette kan tilbakeførast til tørkesommaren (2018) ser det meir og meir ut til at det unormale blir det normale, både gjennom klimaendringar og no virusangrep.
Me treng ein ærleg og opplysande debatt om norsk mattryggleik, og ikkje ein tilslørande debatt, slik Bollestad legg opp til.
Årsmøtet vårt oppfordrar Storting og politikarar om å skaffa seg kunnskap om kva som faktisk skjer, for å leva opp til dei gode målsettingane dei sjølve har sett seg.
Skal me sikra mattryggleiken, slik målsettingane er, kan me ikkje fortsetja i same spor som no.  Budsjettmidlane må i mykje sterkare grad gå til ein fornuftig bruk og forvalting av jordressursane me har.
Me kan ikkje halda fram med å basera produksjonen vår så sterkt på bruken av andre land sine ressursar.

 

Uttale 2 fylkesårsmøte 2020. 

 

Avgrens utbetalingane til dei største, sats meir på små og mellomstore gardsbruk.

 

Årsmøtet i Hordaland Bonde- og Småbrukarlag 2. april 2020 set no eit alvorleg fokus på dei urettvise utbetalingane over jordbruksavtalen til dei største gardsbruka. Avisa Nationen synleggjer tydeleg korleis dei største gardsbruka dreg ifrå i den interne inntektsskilnaden i jordbruket.

Dette var intensjonen frå Solbergregjeringa i 2014 då alle grenser vart oppheva, men har vist oss som er opptekne av eit bærekraftig og solid jordbruk «over heile landet» at denne jordbrukspolitikken har vore svært skadeleg for norsk jordbruk. Norsk jordbruk er ingen sukksesshistorie, og dei som har hevda dette frå ulike talarstolar snakkar kun på vegne av seg sjølv og dei største bøndene.

Ein bærdyrkar eller grønsaksprodusent som mottek fleire millionar kroner over jordbruksavtalen i 2020 representerer ikkje bærekraft i norsk matproduksjon. Det gjer heller ikkje dei største mjølkebøndene som ofte produserer store mengder mjølk på leigd areal. Gardens eigne ressursar greier ikkje skapa slike store volum i norsk jordbruk, og mange mindre gardsbruk har måtta gje tapt for at jordhunger og gigantonomi frå nokre skulle støtta opp om «suksesshistorien. Alle dei største har fått fantastisk drahjelp frå Solbergregjeringane særleg, men også tidlegare regjeringar har støtta opp om ein slik politikk.

Bærekraft, mattryggleik og matsuverenitet må no opp som honnørord dersom det norske samfunnet skal ha sjangse til å koma gjennom alvorlege kriser som den me opplever no, og dei som truleg vil koma i framtida i  ei ustabil verd. Då er det avgjerande at inntektene til dei minste og mellomstore gardsbruka vert løfta slik at desse gardsbruka kan vera solide matprodusentar i tida som kjem. Ti mindre gardsbruk i ei bygd er mykje meir verdt enn den eine store!

Hordaland, og Vestland fylke er det største fruktfylket i landet, men her finn me stort sett berre fruktbruk på under60 dekar. Dei få store representerer truleg ikkje meir enn 3-4 % av gardsbruka, og er allereide langt over det inntektsnivået som samfunnet har sett for arbeid frå jordbruket.

Desse skal ikkje prioriterast når normale jordbrukstingingar blir gjennomførte etter dette Corona-året. Sauenæringa har den svakaste inntekta i jordbruket, og i Hordaland er me mange små og mellomstore sauebruk.  Jordbrukspolitisk og som matvaretryggleik er det svært viktig at alle desse sauebruka finnst i framtida.

Stortingspolitikarane er no starta opp med diskusjonar om ekstreme leiarløningar i staten og andre store verksemder. Kvifor ikkje også ta grep når jordbrukstilskota skal utbetalast. Truleg hadde mange skattebetalarar sett pris på måtehald også innan jordbruket.

Frå bonde- og småbrukarlag i Hordaland er det fremja forslag om nedtrappingsmodell for å regulera ned tilskota til dei største og betra den interne inntektskilnaden i jordbruket mellom små og store. Då må inntektene til dei mindre gardsbruka opp med ei kraftig omfordeling av jordbruksavtalemidlar.

 Det krevst politisk vilje frå faglaga i jordbruket , frå landbruksdirektoratet og politiske myndigheiter for å arbeida med ein slik modell. Modellen er enkel og ubyråkratisk og for Stortingspolitikarar som ser dei store samfunnsproblema med gigantutbetalingar til einskildbønder, og eit vaklande jordbruk med under 40% sjølvforsyningsevne, må dette vera ein gåvepakke. Ingen einskild bærdyrkar, fruktdyrkar, grønsaksprodusent eller husdyrprodusent burde få lov til å ta så grovt til seg av pengemidlane utbetalt over jordbruksavtalane. Det blir ikkje eit solid og mangfaldig jordbruk av dette, og «suksesshistorien « krev heilt andre nye løysingar- om dei som representerer bønder og det politiske Noreg vil. Det er mykje snakk om inntekter til jordbruket, men den interne inntektsskilnaden er det få som torer å røra ved.

 

 


Velg ditt fylkeslag

LANDSMØTET VIA TEAMS 31. OKTOBER. FOR PÅMELDING TRYKK HER!

Det blir siste generalprøve 26.10. kl. 19.00–20.00. Meld deg på og få en e-post med link til å koble deg opp.

/share/mime/48/pdf.png Landsmøtehefte
(landsmotehefte-2020.pdf, 580kB)

/share/mime/48/pdf.png Strategidokument til landsmøtet
(strategidokument-til-landsmotet.pdf, 110kB)

Kontakt med sekretariat

Kontoret  til Norsk Bonde- og Småbrukarlag er nå daglig bemannet.

Dersom det ikke lykkes å komme igjennom til kontoret, kontakt: 

Olaf Godli, tlf 975 46 142, olaf@smabrukarlaget.no

Vilde Haarsaker, tlf 476 68 984, vilde@smabrukarlaget.no

Artikler fra siste utgave av medlemsbladet

Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Strategiarbeid
(strategiarbeid.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og Småbruker utgivelsesplan 2020
(bonde-og-smabruker-utgivelsesplan2020.pdf, 440kB)

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2020
(moteplan-for-2020.pdf, 103kB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41, 0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970167943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vippsnummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as