Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

God jul til alle medlemmer

Styret i Hordaland Bode- og Småbrukarlag ynskjer alle medlemmene våre ei god jul og eit godt nytt år!

 

Gode medlemmer i Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

I desember er det tid for å sjå litt attende på året som er gått, og tenkja litt framover på nye småbrukaraktivitetar. I Hordaland Bonde- og Småbrukarlag har me stort sett drive etter velkjend oppskrift med mellom anna studieringar og innspel til jordbruksforhandlingane, fylkesårsmøte, sommartur og landsmøte. Ulvik Bonde- og Småbrukarlag feira 100-årsjubileum dette året, og inviterte fylkesårsmøtet til Ulvik. Etter 12 år som fylkesleiar fekk Jarle Helland avløysing av Leif Grutle frå Sveio. Leif er også ein veteran i Småbrukarlaget, Jarle er framleis med i fylkesstyret og saman med resten av styret er dei ein solid gjeng med mykje kunnskap om landbruk og land-brukspolitikk. Fylkesårsmøte 2020 vert 14.-15.mars. Plass er ikkje endeleg bestemt, men me skal til Sogn og Fjordane. Når den tid kjem er me jo alle i Vestland fylke, men me i Småbrukarlaget har valt å halda fram som to fylkeslag slik som i dag. Korleis Fylkesmannen og Fylkeskommunen vil forhalda seg når dei kallar inn til møte ol. er enno ikkje avklart, men me har eit godt samarbeid med Sogn og Fjordane BS, så me reknar med at det vil gå fint.    

Sommarturen vår gjekk denne gongen til Florø. Me mønstra på galeasen  «Svanhild» der me fekk tildelt kvar vår køye under dekk. Laurdagen hadde me ein flott seilas til Svanøy, der me fekk omvising på Svanøy Hovedgård og Hjortefarmen.

Dei siste par åra har me lagt ein del arbeid i strategien som me meiner Småbrukarlaget må ha framover. Jordbruksforhandlingane og ikkje minst saka om nedskalering av mjølkeproduksjonen, har vist at me no må verta endå tydelegare på politikken vår og synleggjera forskjellen mellom Bondelag og Småbrukarlag. Framover mot jordbruksforhandlingane vil me jobba med dette, og håpar at me greier å løfta landbruksdebatten ut til resten av samfunnet slik at dette som er så viktig for oss alle, får meir merksemd og skapar engasjement.

Som vanleg vil me minna om verving.  Send inn namn på personar som kan vera aktuelle medlemmer til: hordaland@smabrukarlaget.no, så formidlar me vidare.  

 

Me i fylkesstyret vil til slutt ynskja alle medlemmene ei god jul og eit godt nytt år!

 

Beste helsing Leif Grutle, Arne Lofthus, Jarle Helland, Jon Korff Lofthus, Øystein Hole, Birte Larsen, Svein Trygve Larsen, Dag Kyrre Lygre og Åse-Marie Reisæter.

 

 

 HORDALAND BONDE- OG SMÅBRUKARLAG

  www.smabrukarlaget.no                 hordaland@smabrukarlaget.no         tlf.48021004


Velg ditt fylkeslag

Kontakt med sekretariat

Kontoret  til Norsk Bonde- og Småbrukarlag er uten daglig bemanning slik situasjonen er.

For henvendelser som gjelder medlemskap/medlemsregisteret; ring medlemssekretær Cathrine Engelstad, tlf 904 13 376, e-post medlem@smabrukarlaget.no på dagtid.

Ellers, kontakt: 

Kjersti Hoff, tlf 971 20 960, kjersti@smabrukarlaget.no

Olaf Godli, tlf 975 46 142, olaf@smabrukarlaget.no

Vilde Haarsaker, tlf 476 68 984, vilde@smabrukarlaget.no

Artikler fra siste utgave av medlemsbladet

Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Enighet jordbr avtale
(enighet-jordbr-avtale.pdf, 600kB)

/share/mime/48/pdf.png Oppnådd ved jordbruksforhandlingene
(oppnadd-ved-jf.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Inntektsnivå på 2015-nivå
(inntektsniva-pa-2015-niva.pdf, 779kB)

/share/mime/48/pdf.png Innspill koronapakkene
(innspill-koronapakkene.pdf, 930kB)

/share/mime/48/pdf.png Reko oppsving
(reko-oppsving.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Landbrukets klimaplan
(landbrukets-klimaplan.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og Småbruker utgivelsesplan 2020
(bs-plan-2020.pdf, 402kB)

/share/mime/48/pdf.png Studieheftet 2020 – Foran jordbruksforhandlingene
(studieheftet-2020.pdf, 817kB)

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2020
(moteplan-for-2020.pdf, 103kB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41, 0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970167943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vipps nummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as