Kontakt oss facebook Om oss Lokallag Styret Årsmelding Siste Nytt
Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

Kvotar i sauenæringa
Treng me kvotar i sauenæringa?
Treng sauenæringa kvotar for å berga økonomien?
Framlegget om kvotar i sauehaldet var ei av sakene som skapte engasjert debatt på landsmøtet til Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Meiningane var til dels svært sterke, og i dagane etter landsmøtet har debatten gått friskt i sosiale media.
Mange ser på kvotar i sauehaldet som einaste måte å få bukt med overproduksjonen som held prisane nede. Styret i Hordaland Bonde- og Småbrukarlag er redd for at innføring av kvotar kan få uheldige og utilsikta konsekvensar.
Me stiller oss ei rekkje spørsmål om kva kvotesystem me ville få:
- Kva påverknad vil NBS ha på å få til eit kvotesystem basert på grunnpillarane til vår politikk «Norsk mat på norske ressursar» og «Lønnsom bruk av norsk jord»?
- Vil me klara å få til eit kvotesystem utan kjøp og sal av kvotar?
- Vil me klara å få til eit kvotesystem basert på arealressursar og bruk av utmark?
- Blir eit kvotesystem også ei fastfrysing av ein uheldig bruksstruktur med store besetningar på lite areal?
- Vil det finnast opning for nyetablering?
Dersom kvotar på sau vert innført, er det liten grunn til å tru at det er me som vil setja premissa for korleis reglane skal utformast, det viser erfaringar frå andre næringar. Me har t.d. ingen garanti for at kvotane ikkje vil verta gjort omsettelege. Innføring av kvotar vil og gjera det vanskeleg eller umogleg for ungdom å starta opp i ei næring som utnyttar utmarksareala og er basert på lokale ressursar, utan store investesteringar.
Er marknadssituasjonen så ille at me treng kvotar?
- Denne hausten har det vore underdekning på sau.
- Importen er framleis stor, mellom anna til norsk sokkel (1 tonn kjøt pr. dag).
- Butikkane sin iver etter å selja lammekjøt ser ut til å vera bortimot fråverande, trass i at kundar etterspør produkta. Utvalet er lite, dersom det er å finne i det heile.
- Lite utvikling av nye produkt.
Finnest det andre moglegheiter?
Kva andre tiltak kan takast i bruk for å få kontroll over produksjonen? For noko må gjerast, det er dei fleste samde om.
- Tak på tilskot.
- Meir tilskot over på areal og beiting.
- Lammetilskotet fungerer dårleg. Dette tilskotet er produksjonsdrivande og bør fjernast.
- Dyretilskotet til sau bør få ein sterkare struktur, t.d. mest til dei første 50 sauene, deretter lågare.
- Alle tilskot og kvalitetskrav må stimulera til mest mogleg utnytting av norske ressursar.
- Arealkrav ved nyetablering og nybygg.
- Prisforholdet mellom gras og kraftfor må heile tida vurderast (sjå politisk plattform).
- Kvotar på kraftfor må også vurderast.
- Sal av sau/lammekjøt har hatt ein svak nedgang dei siste åra, medan f.eks kylling har nær seksdobla produksjonen sidan 1980. Tyder dette på ein rett politikk i beitelandet vårt?
Hordaland Bonde- og Småbrukarlag
16.nov. 2020
Kontakt med sekretariat
Tlf sentralbord: 22 00 59 10
E-post: medlem@smabrukarlaget.no post@smabrukarlaget.no
Kontoret til Norsk Bonde- og Småbrukarlag er nå bemannet hver mandag, onsdag og fredag innenfor kontortid kl 08-16.
Henvendelser ellers kan gjøres til:
Generalsekretær
Anders Nordstad
tlf 482 04 755
anders@smabrukarlaget.no
Styreleder
Kjersti Hoff
tlf 971 20 960
kjersti@smabrukarlaget.no
Assisterende generalsekretær
Vilde Haarsaker
tlf 476 68 984
vilde@smabrukarlaget.no
Studieheftet 2021
(studieheftet-2021.pdf, 647kB)
Håndbok for Reko-ringen
(handbok-for-reko-ringen.pdf, 661kB)
Årsmelding 2019-20
(arsmelding-2019-2020-siste.pdf, 2MB)
Strategidokument til landsmøtet
(strategidokument-til-landsmotet.pdf, 110kB)
Artikler fra siste utgave av medlemsbladet

Melkekvoteordningen
(kvotetak-reduksjon.pdf, 101kB)
Trefjøs
(trefjos.pdf, 262kB)
Klima kan velte jordbruksoppgjøret
(klima.pdf, 119kB)
Bonde og Småbruker utgivelsesplan 2021
(bonde-og-smabruker-utgivelsesplan-2021.pdf, 756kB)