Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

Likviditetskrise i norsk landbruk.

Korleis går det med norsk matvaresikkerheit når bøndene ikkje orkar meir?

Korleis går det med norsk matvaresikkerheit når bøndene ikkje orkar meir?

Det går mot likviditetskrise i jordbruket.

Få utanfor næringa ser ut til å vere klar over kor alvorleg tilstanden er for norsk matproduksjon. Mange vil nok tenkje at dette har me høyrt før.  

Likevel: No er det grunn til å uroe seg for framtida til norsk matproduksjon. Det er dramatisk svak lønsemd og dårleg likviditet grunna ekstrem kostnadsauke på handelsgjødsel, bygningsmaterialar, elektrisk kraft, gass, diesel og plast. Berekningar viser ein kostnadsvekst som overstig den foreløpige kompensasjonen som vart avtalt i tilleggsforhandlingane i haust (754 mill.) med nærare 3 mrd. kr. Hordaland Bonde- og Småbrukarlag er svært usikre på om norske gardsbruk har evne til å bere desse kostnadane fram til dei blir kompensert for i 2023 (avtalen gjeld for kommande år, ikkje for inneverande år).

I Vestland fylke har ca. 120 bruk lagt ned mjølkeproduksjonen frå 2020-2021. Frå 2034 gjeld kravet om lausdriftsfjøs for alle mjølkebruk. I fylket vårt er det i dag berre 33% av bruka som har lausdrift. Situasjonen i landbruket gjer at ombyggingane frå båsfjøs til lausdrift har stoppa opp. No hastar det om ein skal greie å behalde mjølkeproduksjonen i fylket vårt, berebjelken for vestlandsjordbruket.

Norsk Bonde- og Småbrukarlag ynskjer primært tilleggsforhandlingar med Staten, men det har vist seg vanskeleg å få eit samla jordbruk med på eit slikt krav.   

I den ekstraordinære situasjonen norsk jordbruk er i, treng vi raskt å få på plass omforente anslag på auka kostnadar. Norsk Bonde- og Småbrukarlag har bede Budsjettnemnda om nye kostnadsanslag på sentrale innsatsfaktorar i jordbruket, men nemnda ynskjer å utarbeide desse tala til dei ordinære jordbruksforhandlingane. Dette er Budsjettnemnda si oppgåve, men vi meiner likevel at ein må kunne gjere unntak i ein så kritisk situasjon som me er i no.

Forventningane til vårens jordbruksforhandlingar er høge. Kostnadar må kompenserast og inntekta må opp. Ein vesentleg tetting av inntektsgapet må til, som første trinn i den 4-årige jamnstillingsplanen. Men sjølv om me oppnår dette i forhandlingane til våren, er me redde for at det er for seint for mange bønder. Derfor må det leggjast til rette for ein kompensasjonsutbetaling i juni, om ein skal berge likviditet og unngå konkursar.

 


Velg ditt fylkeslag

Jordbruksforhandlingene 2022

Les mer om jordbruksoppgjøret og last ned studieheftet til årets forhandlinger.

Jordbruksforhandlingene 2022 - les hele saken

/share/mime/48/pdf.png Studiehefte 2022
(studiehefte-jf2022.v2.pdf, 3MB)

Kontakt med sekretariat

Tlf sentralbord: 22 00 59 10

E-post:
medlem@smabrukarlaget.no  post@smabrukarlaget.no

 

/share/mime/48/pdf.png Årsmelding 2020-21
(arsmelding-2020-2021-korrekt-lav-opplosning.pdf, 3MB)

/share/mime/48/pdf.png Årsmelding 2019-20
(arsmelding-2019-2020-siste.pdf, 2MB)

Artikler fra siste utgave av medlemsbladet

Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Bonde og Småbruker utgivelsesplan 2021
(bs_medieplan_2021.pdf, 304kB)

/share/mime/48/pdf.png Utgivelsesplan Bonde og Småbruker 2022
(bs_medieplan_2022.pdf, 145kB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og Småbruker nr.8/21
(bonde-og-smabruker-nr.8-lav-opplosning.pdf, 16MB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41, 0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970167943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vippsnummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as