Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

No er det opp til Stortinget

Etter brotet i jordbrukstingingane er forhandlingane flytta til der dei eigentleg høyrer heime.

Innlegg av Leif Grutle, leiar i Hordaland Bonde- og Småbrukarlag.

Etter brotet  i jordbrukstingingane er forhandlingane flytta til der dei eigentleg høyrer heime.

Det er Stortinget som set rammer og lagar målsettingar for norsk jord- og matpolitikk.

Då er det også på tide at dei legg rammene og lagar eit virkemiddelsystem som kan bidra til å oppfylle sine eigne målsettingar. Om matvaretryggleik, landbruk over heile landet, bærekraft og verdiskaping. Og ikkje berre utvikle kreativiteten i flotte formuleringar, og halde fast på eit talmateriale som ikkje stemmer med verkelegheita.

Litt fakta frå mitt fylke.

Siste tilgjenglege tal frå Driftsgranskingane (haust 2020) syner at vestlandsbonden i snitt hadde ei årsverksinntekt på kr. 276.300, ein nedgang på 23.300 frå året før.

Nibio sine tal viser at 22 % av jordbruksarealet er ute av drift. Og utmarksressursane blir dårleg nytta.

70% av mjølkebruka på Vestlandet har enno ikkje våga å investere i statleg krav om lausdrift. Dårlig lønsemd og stor gjeld, høyrer ikkje saman, tenkjer dei nok.

Nedgangen i antal bønder og tal bruk held fram.

I jaget etter meir og meir effektiv produksjon, har me fullstendig mista perspektiv.

Jordbruk er uløyseleg knytt til bruk av jord. Norsk jordbrukspolitikk handlar om bruk av jord i Norge. For å få det til må det bli lønsamt å bruke dei knappe jordressursane me har i landet (i underkant av 3% av landarealet). Og ikkje slik me har blitt stimulert til, å bruke meir og meir jordareal i andre land.

Bondeopprøret, som til no har samla over 40.000 underskrifter, er eit krav om likeverd med andre grupper i samfunnet. I tillegg handlar det om eit talmateriale som ingen kjenner seg igjen i. Det handlar også om svik  - etter å ha blitt oppfordra til å satse, sit ein att med stor gjeld, fallande prisar, auka kostnadar og eit enormt arbeidspress året rundt.

Men for samfunnet og Stortinget bør det også handle om kva retning jordbruket utviklar seg i. I ei uroleg verd blir det enda viktigare for alle med sikkerheit for nok og trygg mat, mest mogleg basert på norske ressursar.

Slik blir det ikkje om denne utviklinga får halde fram.

Stortingspolitikarar må ta stilling til det saka handlar om, å nå sine eigne målsettingar om  norsk jord- og matproduksjon. Ikkje om å skape fleirtall og ro i Regjeringa.

 

Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

Leif Grutle


Velg ditt fylkeslag

Velkommen til Landsmøte 2021!

NBS inviterer til Landsmøte 2021 ved Gardermoen utenfor Oslo 30.-31.oktober. Her kan du lese mer og melde deg på.

Velkommen til Landsmøte 2021! - les hele saken

Kontakt med sekretariat

Tlf sentralbord: 22 00 59 10

E-post:
medlem@smabrukarlaget.no  post@smabrukarlaget.no

/share/mime/48/pdf.png Studieheftet 2021
(studieheftet-2021.pdf, 647kB)

/share/mime/48/pdf.png Håndbok for Reko-ringen
(handbok-for-reko-ringen.pdf, 661kB)

/share/mime/48/pdf.png Årsmelding 2019-20
(arsmelding-2019-2020-siste.pdf, 2MB)

/share/mime/48/pdf.png Strategidokument til landsmøtet
(strategidokument-til-landsmotet.pdf, 110kB)

Artikler fra siste utgave av medlemsbladet

Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Bonde og Småbruker utgivelsesplan 2021
(bs_medieplan_2021.pdf, 304kB)

/share/mime/48/pdf.png Aksjonerte for norsk mat og levende bygder s.3
(bosm6-0207-03.pdf, 2MB)

/share/mime/48/pdf.png Arrangerer kulturdugnad for norsk mat s.4
(bosm6-0207-04.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Norsk Bonde- og Småbrukarlag gir ikke opp inntektskravet s.5
(bosm6-0207-05.pdf, 2MB)

/share/mime/48/pdf.png Opprop for norsk mat og levende bygder s.7
(bosm6-0207-07.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Til kamp mot jordbrukspolitikken s.8-9 (8)
(bosm6-0207-08.pdf, 2MB)

/share/mime/48/pdf.png Til kamp mot jordbrukspolitikken s.8-9 (9)
(bosm6-0207-09.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png 128 ungdommer klare for Grønt Spatak s.14
(bosm6-0207-14.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Unik alliansebygging siden 1993 s.15
(bosm6-0207-15.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Norsk Bonde- og Småbrukarlag har fått støtte til nytt REKO-prosjekt s.19
(bosm6-0207-19.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Om makt s.23
(bosm6-0207-23.pdf, 522kB)

/share/mime/48/pdf.png Krossensilering av korn s.24
(bosm6-0207-24.pdf, 1MB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41, 0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970167943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vippsnummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as