Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

Oppstart av REKO-ring i Kvinnherad

På ei møte i Rosendal 7.februar vart det bestemt at det skal startast ein REKO-ring i Kvinnherad.

Følg med, følg med  - både produsentar og kundar.

REKO-ringen Kvinnherad

Ca 30 interesserte frå Kvinnherad og Hardanger var samla i Rosendal torsdag 7.februar for å diskutera og evt etablera ein eller fleire REKO-ringar i distriktet.

REKO-ringane er ein del av Norsk Bonde- og Småbrukarlag sitt prosjekt Matnyttig, og Ester Helland i Landbruksrådgivinga hadde teke initiativ til møtet.

Kort fortalt er REKO-ringane eit praktisk og genialt opplegg for sal av matvarer direkte frå bonde til forbrukar utan mellomledd.

Handelen foregår i ei lukka Facebook-gruppe, ein såkalla REKO-ring. Der bestiller kundane varer direkte av det som er lagt ut. Dette skjer på førehand, slik at alt er pakka og klart når utleveringa skal skje. Utleveringa skjer på ein fast stad og til faste tider som også vert annonsert i gruppa.

På møtet vart det bestemt å etablera REKO-ringen Kvinnherad. Utlevering vil vera første torsdag i kvar månad kl.17 utanfor Rådhuset i Rosendal.

Det vil verta eit nytt møte i Hardanger (truleg Odda) for å etablera ein ring der og. Det vil koma meir informasjon om det.

Les meir om REKO-ringane på:

http://www.smabrukarlaget.no/norsk-bonde-…/…/lokalmatringer/

 

  Meir informasjon kjem!


Velg ditt fylkeslag

Kontakt med sekretariat

Kontoret  til Norsk Bonde- og Småbrukarlag er nå stort sett daglig bemannet.

Dersom det ikke lykkes å komme igjennom til kontoret, kontakt: 

Kjersti Hoff, tlf 971 20 960, kjersti@smabrukarlaget.no

Olaf Godli, tlf 975 46 142, olaf@smabrukarlaget.no

Vilde Haarsaker, tlf 476 68 984, vilde@smabrukarlaget.no

Artikler fra siste utgave av medlemsbladet nr 5 - 2020

Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Anna Blix kronikk
(anna-blix-kronikk.pdf, 113kB)

/share/mime/48/pdf.png Strategiarbeid
(strategiarbeid.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og Småbruker utgivelsesplan 2020
(bs-plan-2020.pdf, 402kB)

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2020
(moteplan-for-2020.pdf, 103kB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41, 0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970167943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vipps nummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as