Norsk Mat- og kulturpris 2015

Årets prisvinnarar er Kjersti og Per Idar Vingebakken, Skreia Østre-Toten. Prisen er på kr. 100.000,-.

Med utgangspunkt i eit nedlagt bureisingsbruk har prisvinnarane bygd opp ei omfangsrik og mangfaldig drift der både maten- og kulturen har sin plass idag.
Steg for steg har dei utvikla garden med eit allsidig husdyrhald, i dag med mjølkekyr, ammekyr, sau og lama.

Vinnarane hadde tidleg eit ynskje om å bli mjølkebønder med lokal foredling av råvara. Midt på 90-talet var slike tankar langt frå stovereine. Forsøket blei av mange oppfatta som ein provokasjon og ein utidig motreaksjon på trenden med sentralisering og lange transportavstandar. Saka blei etterkvart rikspolitisk. 3 år greidde dei å halde meieridrifta i gang, trass i den store motstanden. Trulegvis var desse grunderane rett og slett altfor for tidleg ute.
Meieriutstyr blei erstatta med kjøtforedling. I løpet av kort tid blei kalvekjøt eit produkt å få tak i for forbrukarar. Eit produkt som hadde vore burte frå marknaden i årtier. På Nordås Gårdskjøtt blir idag kalv, storfe og og sauekjøtt frå garden foredla, men ikkje minst elg, hjort og rein. Produksjonsmåten og kvaliteten står i høgsetet.
I nærleiken av garden Nordås ligg skysstasjonen Grøna. Ein stad med lang og ærerik soge og som i si tid var stoppestad for farande folk på den Vestre Trondhjemske Kongevei over Totenåsen. Etter skysstasjontida tok slutt i 1880-åra blei det seterdrift på Grøna. Setringa opphøyrde på 60–talet og etter den tida har forfallet rådd staden. Takka vera prisvinnarane reiser no Grøna seg att, både dei mange husa og kulturlandskapet. Ein formidabel jobb blir no gjort med respekt og kvalitet. Staden er iferd med å bli ein arena med vekt på formidling av kulturhistorie, natur og mat.
Djupe røtar og sterke venger karakteriserar årets prisvinnarar!

Bakom prisen står Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Yara

Juryen:
Leder, Svein Kostveit, tidligere leder NBS
medlem, Ellen Horn, Teaterdirektør Riksteatret
medlem, Wenche Andersen, TV2 kokk
medlem, Håvard Valved, Yara

For mer info:
Svein Kostveit, leder av juryen: 48037560

 


Velg ditt fylkeslag

Kontakt med sekretariat

Kontoret  til Norsk Bonde- og Småbrukarlag er nå stort sett daglig bemannet.

Dersom det ikke lykkes å komme igjennom til kontoret, kontakt: 

Kjersti Hoff, tlf 971 20 960, kjersti@smabrukarlaget.no

Olaf Godli, tlf 975 46 142, olaf@smabrukarlaget.no

Vilde Haarsaker, tlf 476 68 984, vilde@smabrukarlaget.no

Artikler fra siste utgave av medlemsbladet nr 5 - 2020

Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Anna Blix kronikk
(anna-blix-kronikk.pdf, 113kB)

/share/mime/48/pdf.png Strategiarbeid
(strategiarbeid.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og Småbruker utgivelsesplan 2020
(bs-plan-2020.pdf, 402kB)

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2020
(moteplan-for-2020.pdf, 103kB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41, 0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970167943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vipps nummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as