Haldningar som hindrar eit likestilt landbruk

Som eneste landbruksorganisasjon, støttet Norsk Bonde- og Småbrukarlag endringen av odelsloven i 1974 der kvinner og menn fikk like rettigheter juridisk. Styremedlem Sander Solheim (22) skriver om likestilling i landbruket i anledning kvinnedagen.

Som ein snart 22 år gamal gut, og relativt fersk styremedlem i NBS og der oppnemnd som mannleg representant i NBS sitt kvinneutval, so kan eg fyrst som sist innrømme at eg har hatt oppgåver der eg har hatt betre føreseiing og bakrunn for å skrive eit innlegg enn det eg no skriv. Samstundes var det starten på eit lite djup-dukk i ei side av norsk landbruk eg ikkje heilt var klar over eksisterte i året 2021. Det skal handle om likestilling og rolle i landbruket.

Frå min eigen oppvekst og kjøkenbordsamtalar har det aldri vore noko snakk om at det er noko forskjell på om du er mann eller kvinne i landbruket, bonde var bonde. Eg gjekk 3 år på agronomstudie, vi var både gutar og jenter i klassen, alle med eit felles brennande engasjement for landbruket, løyste dei same oppgåvene, og alle var ein del av den same gjengen.

Slik er det dessverre ikkje for alle. Gjennom dei undersøkingar eg har gjort, og dei spørsmål eg har stilt før eg skriv dette har eg fått sjå mange eksempel på at likestilling i landbruket framleis har ein lang veg å gå på mange område. Det handlar om haldningar til kvinner i landbruket, frå seljarar, rådgjevarar, kollegar og samfunn.

Mange kvinnelege bønder fortel at dei føler på at dei ikkje blir tekne seriøst då dei vende seg til rådgjevingsapparatet for å få svar på relevante driftsspørsmål eller skal gjere investeringar i garden. Og kjem det fyrst eit svar høyre ein fleire eksempel på at desse kjem direkte til mannen, ikkje til ho som stilte spørsmålet. Kvar er logikken i slikt?

Eit anna spørsmål mange kvinner som arbeide på garden på heiltid fortel dei har fått, og som eg som ung bondegut også har fått sjølv har fått «Er du berre bonde?», «Kan ein leve av det då?» Eg trur dei fleste som har prøvd å være «berre bonde» kan seie litt om kva arbeidsmengde og kva kvardag som ligg i dette. Som bonde må ein og same person til tillegg til å stelle dyr/grønt og jord også gjerne være litt mekanikar, snekkar og økonom for å nemne nokon eksempel. I tillegg til å være ein arbeidsplass er eit gardsbruk også ein heim for minst ein person, med dei tinga som følgje med det. Hadde dei som stiller bønder desse spørsmåla også stilt dei til ein banksjef eller ein jurist? «So du sitt berre på kontor du?, kan ein brødfø ei familie på da?» Den store skilnaden her er at til dømes ein banksjef tenar langt meir en ein bonde, og han har heller ikkje driftskostnadar på arbeidsplassen som skal dekkast av inntekta.
Mange kvinner i landbruket påpeikar også at dei går med ein følelse av å stadig måtte bevise kva dei kan, spesielt då det kjem til traktorar, maskiner eller handtering av store dyr blir det nærast stilt tvil om ein kan det, berre fordi ein ikkje er mann. Det er klart det gjer noko med sjølvtilliten i negativ forstand at nokon heile tida bevisst eller ubevisst signalisera at dei ikkje trur du får det til.

Kva som står at du er i fødselsatesten din har ingen ting å seie for om du blir god på å køyre traktor, kan skifte motorolje eller handtere storfe. Det handlar om kva interesser du har, og ikkje minst kva opplæring du får. Det siste leda inn på eit anna viktig tema i denne diskusjonen. Korleis er haldningane til å la ei jente overta garden, over 40 år etter at dei fekk rett til dette gjennom odelslova? Ei lovendring som NBS i si tid sto aleine som faglag om å fronte. Er det framleis slik at enkelte føretrekkjer at ein gut skal overta fram for ei jente? Eg trur dessverre svaret her er ja.

Eg har set alt, alt for mange eksempel på gardsbruk som i dag står utan drift pga plikt-overtakingar der interessa for å drive landbruk ikkje har vore til stades. Dei fleste av desse eigedommane mistenke eg er eigde av menn som overtok fordi det var forventa av den tidlegare generasjon. Kor mange av desse kunne vore i drift i dag om ikkje desse forventningane og haldningane hadde veie so tungt?

Det eg no har trekt fram her er små utdrag og eksempel på noko ein kunne ha skrive heile bøker om. Det manglar ikkje på historiene, og gjer ein ikkje noko med haldningane so kjem det til å komme nye slike historie. Haldningar er ikkje naturlover, det er noko vi sjølv skapar, både dei gode og dei dårlege. Dei vert til ved kjøkenbordet, på butikken, på skulen, og overalt der menneske møtast og utvekslar dei. Tenk over dette kvar og ein, å prøv å skape dei gode. Då gjer ein samfunnet, næringa vår og enkelt menneske ei stor teneste.


Velg ditt fylkeslag

Kontakt med sekretariat

Tlf sentralbord: 22 00 59 10

E-post:
medlem@smabrukarlaget.no  post@smabrukarlaget.no

/share/mime/48/pdf.png Studieheftet 2021
(studieheftet-2021.pdf, 647kB)

/share/mime/48/pdf.png Håndbok for Reko-ringen
(handbok-for-reko-ringen.pdf, 661kB)

/share/mime/48/pdf.png Årsmelding 2019-20
(arsmelding-2019-2020-siste.pdf, 2MB)

/share/mime/48/pdf.png Strategidokument til landsmøtet
(strategidokument-til-landsmotet.pdf, 110kB)

Artikler fra siste utgave av medlemsbladet

Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Bonde og Småbruker utgivelsesplan 2021
(bonde-og-smabruker-utgivelsesplan-2021.pdf, 756kB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og småbruker, nr.3 2021_Forside
(bogsnr321s1.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og småbruker, nr.3 2021_Leder, kronikk
(bogsnr321s2.pdf, 114kB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og småbruker, nr.3 2021_Salmonella i norsk dagligvarehandel
(bogsnr321s3.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og småbruker, nr.3 2021_Tre av fire bruk borte på 50 år
(bogsnr321s4.pdf, 297kB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og småbruker, nr.3 2021_- Endelig satt på plass
(bogsnr321s8.pdf, 1MB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41, 0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970167943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vippsnummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as