Foto: Rod Long/Unsplash

Hardangersaumen

Regionalt miljøprogram (RMP) bind jordbruk, kultur, landskap og miljø saman med mange, små sting.

ELI BERGE NESS, politisk nestleiar Norsk bonde- og småbrukarlag

Då Listhaug var landbruksminister, innførte ho grep som pregar norsk jordbruk i ettertid. Bøndene skal springe fortare, produsere meir, og satsingsvilje skal lønast. Og alt skal forenklast.

Vi fekk ei strukturrasjonalisering. Større gardsbruk, men færre. Målet var likevel auka produksjon. Vi fekk meir kjøt og mjølk enn vi hadde bruk for, og prisen på varene bøndene leverer, gjekk ned.

På Vestlandet har vi mange små gardar som er arbeidskrevjande på grunn av bratte bakkar, mykje stein og ofte mykje regn. Arbeid og tidsbruk står ikkje i forhold til inntektene. 

At ein tok vekk ordningar som styrka dei mindre bruka, og endra det til at støtte vart utbetalt i forhold til storleik og tal dyr, gjekk ut over økonomien på mange vestlandsbruk. Forenklingane tok vekk verkemidla ein hadde for gjere at det skulle løne seg å drive slike bruk.

Eit heiderleg unntak stod att. Regionalt miljøprogram (RMP) som fylka bestemmer over. Medan andre tilskotsordningar er knytte til produksjon, er RMP hardangersaumen som bind jordbruk, kultur, landskap og miljø saman med små sting. Det dannar ei viktig ramme for økonomiske tilskot som byggjer på driftsform, naturgrunnlag og kulturhistorie i dei ulike delane av landet vårt. Her er midlar til skjøtsel av truga naturtypar og automatisk freda kulturminne. Arbeid som ikkje aukar inntekta til bøndene som eig det, men som er viktige for samfunnet. Dei fortel ei historie om livberging, og om korleis drift med respekt for ressursane har vore med på å utvikle kulturlandskapet.

For Vestlandet har tilskotet til bratt areal vore særleg viktig. Det er arbeidskrevjande å hauste slike areal. Det er ikkje kvart år ein kan våge seg i bakkane med traktor. Er det mykje nedbør, blir det risikabelt å køyre der. Utan tilskot for ekstraarbeidet ein gjer, vil mange velje vekk slik drift. Ein får ikkje ekstra inntekt på verken mjølk eller kjøt med å legge arbeid i tungdrivne areal.

RMP er eit klapp på skuldra til dei som vidarefører tradisjonar og spelar på lag med klima og miljø. Slåtteeng og beitebruk gjev livsgrunnlag for raudlista artar.

Turistnæringa som er viktig i mange distriktskommunar, kan vise fram velstelte bygder med særprega landskap og natur. Dette blir meir og meir attraktivt.

Organisert beitebruk ligg inne i RMP. Midlar til å styrke beitelag og setje i verk fellestiltak for å få beitedyr til fjells og gjere at meir område kan nyttast til beiting. Dette er i tråd med politiske mål om at ein skal produsere meir mat på norske ressursar og prioritere beiting.

«Ein ny fordelingsnøkkel vil slå dramatisk ut for Vestlandet»

RMP er betaling for ekstra arbeid som bonden utfører. Arbeid lagt ned i verdiar, for kulturhistoria, miljøet og samfunnet elles. RMP er ei ordning som finansierer arbeid bønder gjer som ikkje viser att i driftsrekneskapen. Det er betaling for dei mange små stinga som utgjer ein viktig heilskap i eit samla bilete.

Statsforvaltarane og faglaga har utarbeidd gode planar for bruk av RMP- midlar i dei enkelte fylka. For Vestlandet har dette fungert som ei motvekt til grepa Listhaug gjorde.

No skal ein sjå nærare på fordelingsnøkkel for RMP. Landbruksdirektoratet går inn for at den bør utformast slik at den gjev ei fordeling mellom fylka som gjev størst mogeleg samla miljø- og klimaeffekt. Dei vil at fordelingsnøkkelen tek utgangspunkt i aktiviteten og areala knytt til jordbruksdrift. Det er ei sentralisering av midlar.

Ein flyttar midlar frå område der ein har teke vare på miljøgode i samspel med klima og miljø, over til å bruke dei til å reparere ein feilslått jordbrukspolitikk som premierer intensiv drift.

I framlegget er det lagt opp til lik fordeling mellom miljøgode og forureining. Dette vil slå dramatisk ut for Vestlandet.

Landbruksdirektoratet legg opp til at ein skal fordeler midlane ut frå kva som er lett å telje. Jo fleire dyr det er i eit område, jo meir pengar skal dei få. Jo meir jordbruksareal som er i drift, jo meir pengar skal dei få. Utmark vil dei ikkje telje med, ikkje innmarksbeite heller. Berre det ein kan telje. Vi får eit fattig samfunn om berre det som kan teljast, skal ha verdi.

Me ser det som viktig at ein har med seg historia som låg til grunn då ein innførte dei regionale miljøprogramma. Det er feil utvikling å sentralisere desse midlane og la dei følje same mønsteret som vi har sett med premiering av områda med store bruk, lettstelt jord og mykje dyr. Dette står i kontrast til mål om auka sjølvforsyning, beitebruk og jordbruk i heile landet.

Det er ikkje lett å forenkle ein hardangersaum utan at det går ut over kvaliteten. Ei slik forenkling kan fort føre til at det ikkje lenger er eit verdifullt arbeid, men at det misser verdien sin. Ein har gløymt mange viktige moment som til no har vore med i tildeling til fylka.

Forenklinga gjer at det blir lettare for byråkratane å rekne, men kva misser vi?

 


Velg ditt fylkeslag

Kontakt med sekretariat

Tlf sentralbord: 22 00 59 10

E-post:
medlem@smabrukarlaget.no  post@smabrukarlaget.no

/share/mime/48/pdf.png Studieheftet 2021
(studieheftet-2021.pdf, 647kB)

/share/mime/48/pdf.png Håndbok for Reko-ringen
(handbok-for-reko-ringen.pdf, 661kB)

/share/mime/48/pdf.png Årsmelding 2019-20
(arsmelding-2019-2020-siste.pdf, 2MB)

/share/mime/48/pdf.png Strategidokument til landsmøtet
(strategidokument-til-landsmotet.pdf, 110kB)

Artikler fra siste utgave av medlemsbladet

Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Bonde og Småbruker utgivelsesplan 2021
(bonde-og-smabruker-utgivelsesplan-2021.pdf, 756kB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og småbruker, nr.3 2021_Forside
(bogsnr321s1.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og småbruker, nr.3 2021_Leder, kronikk
(bogsnr321s2.pdf, 114kB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og småbruker, nr.3 2021_Salmonella i norsk dagligvarehandel
(bogsnr321s3.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og småbruker, nr.3 2021_Tre av fire bruk borte på 50 år
(bogsnr321s4.pdf, 297kB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og småbruker, nr.3 2021_- Endelig satt på plass
(bogsnr321s8.pdf, 1MB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41, 0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970167943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vippsnummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as