Jordbærsesongen i Sør-Noreg, eit oftare og vanlegare scenario?

Ope brev til jordbærdyrkarar, faglag, Landbruks- og Matdepartement og landbrukspolitiske talspersonar frå alle parti.

Jordbær og sommar heng nøye saman i mange folk si positive oppleving av ein god og etterlengta sommar. Dei fyrste jordbæra er  teiknet på at nye og friske produkt.

I aviser og andre media har det vore stort fokus på korleis jordbærsesongen i sørlege deler av landet vårt har svikta, og mange jordbærdyrkarar har fått avlingane sine øydelagde av regn og rote. Den store mediainteressa avspeglar kor viktig denne produksjonen er. Det faglege arbeidet, og gråskimmelproblema let me liggja i dette brevet, andre og kanskje meir framtidige problem får merksemda.

Dersom me ser for oss at me er inne i ei klimaendring, menneskepåført eller som del av ein syklus, der  regn og fuktig ver vert meir vanleg hjå oss i sommarhalvåret, bør ikkje då jordbruket og myndigheiter på alvor gå inn i ein slik problemstilling?  Det endra sommarklimaet vil ikkje berre skapa vanskar for frukt- og grøntprodusentar, men også påføra jordbruket store vanskar i det stadig meir mekaniserte jordbruket vårt.

Norsk Bonde- og Småbrukarlag vil med dette opne brevet føreslå at tapet som mange jordbærprodusentar i Sør-Noreg har opplevd dette året, blir sett på som ein klimaskade. Dersom det er vilje til å handsama  den øydelagde jordbærsesongen som skade etter ekstraordinære nedbørsmengder over lang tid, vil myndigheiter og jordbruksorganisasjonar ha høvet til å tildela midlar til skadelidne jordbærprodusentar etter ordninga «Erstatning ved avlingsskade «.

Denne ordninga er omskriven på side 12 i jordbruksavtaledokumentet for 2016/ 2017. For ordninga er det utbetaling med grunnlag i eigenrisikoandel på 30 % pr vekstgruppe. Det står vidare at maksimal utbetaling er kr 750,000 pr vekstgruppe. (definisjonen vekstgruppe er som for tilskot til produksjonstilskot.)

Vidare er det i vedlegg til avtaledokumentet, «Budsjettoversikt for jordbruksoppgjeret», side 39, busjettert med  ei overslagsløyving på 43 millionar kroner for erstatningsordninga. Overslagsløyving er vel ein tenkt sum ut frå røynsle med denne ordninga. Det er etter kvart mange ting som peikar på at samfunnet vårt, der jordbruket sitt samfunnsansvar mellom anna er å produsera mat,  bør auka denne budsjettposten til erstatningar.

Klimarapporten som vart framlagd 19. februar sist år frå ei partssamansett gruppe, på oppdrag frå regjeringa etter jordbruksoppgjeret 2014, peikar mellom anna på korleis eit endra klima vil innverka på vårt jordbruk, negativt- og positivt. Klimarapporten seier og ein del om at samfunnet vårt må ta inn over seg klimaendringar i ein matvaresituasjon.

Jordbær er ikkje basismatvarer som korn, kjøt, mjølk mm..., men at landet vårt har produsentar innan ulike produksjonar som har som oppgåve å forsyna landet med jordbruksprodukt er overmåte viktig. Når risikoen for nokre vert for stor, vil me på sikt missa eit produksjonspotensiale som kun blir erstatta med importvarer innanfor same gruppe. At produksjonsmåten vil endra seg ein del som fylgje av klimaskadane jordbærprodusentane opplevde i sommar, er nokså sikkert. Men i lang tid framover vil  jordbær på friland framleis vera det mest vanlege.

Etter frukthausten 2015 var det for mange fruktprodusentar på Vestlandet bruk for ordninga «Erstatning ved avlingssvikt». Utbetalingar kom til ein del av dei som søkte. Gjennomgåande for ordninga er at kravet til dokumentasjon frå søkjarane er svært stor. Sakshandsaminga i forvaltinga kan for nokre synast å vera i «hardaste»  laget. Ordninga er til for dei som opplever avlingssvikt ut over 30 %, og hovudmålet til sakshandsamar er truleg ikkje å verka avskrekkande på søkjar, slik ein del opplevde det.

I framtidige samtalar om utviding/ tidstilpassing av ordninga må ei erstatningsordning vera ei reell hjelp for dei bønder som opplever avlingssvikt- og skade. Dette brevet omhandlar i hovudsak situasjonen for jordbærprodusentar i sørlege deler av landet vårt sesongen 2016. Norsk Bonde- og Småbrukarlag oppmodar med dette avtalepartane i jordbruket til å sjå på deira situasjon med  eit klimablikk som tek inn over seg ein situasjon som vil oppstå oftare i framtida.

At deler av det landbrukspolitiske Noreg meiner dei store strukturendringane som skjer i landbruket er positive, kan vel ikkje for fullt tolkast slik at kvar jordbrukar er sin eigen «lukkesmed», og på den måten alltid må stå ansvarleg når matproduksjonen slå feil på grunn av klimatiske endringar, om det er for mykje regn til feil tid, storm eller unormale temperaturar i ein viktig fase i produksjonen. I eit slikt jordbruk vil fallhøgden vera stor. Faren for at samla matproduksjon går ned er og større dersom samfunnet ikkje lagar til ordningar som er klimatilpassa, og der bonden alltid må bera det økonomiske ansvaret etter klimaskadar.

Norsk Bonde- og Småbrukarlag ,                                              Norsk Bonde- og Småbrukarlag,

Hagebruksutvalet                                                                     fungerande leiar,

v/ Øystein Pugerud, leiar                                                           Arne Lofthus

 


Velg ditt fylkeslag

Kontakt med sekretariat

Kontoret  til Norsk Bonde- og Småbrukarlag er uten daglig bemanning slik situasjonen er.

For henvendelser som gjelder medlemskap/medlemsregisteret; ring medlemssekretær Cathrine Engelstad, tlf 904 13 376, e-post medlem@smabrukarlaget.no på dagtid.

Ellers, kontakt: 

Kjersti Hoff, tlf 971 20 960, kjersti@smabrukarlaget.no

Olaf Godli, tlf 975 46 142, olaf@smabrukarlaget.no

John P Løvstad, tlf 450 25 212, john.petter@smabrukarlaget.no

Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Koronasmitte
(folg-faglige-rad-om-koronasmitte.pdf, 143kB)

/share/mime/48/pdf.png Jordbruksforhandlingene på vent
(jordbruksforhandlingene-pa-vent.pdf, 481kB)

/share/mime/48/pdf.png Styrk kornbonden!
(styrk-kornbonden.pdf, 96kB)

/share/mime/48/pdf.png Fraktkostnader rundballer
(fraktkostnader-rundballer.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Landbrukets klimaplan
(landbrukets-klimaplan.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Foran jordbruksforhandlingene 2020
(foran-jordbruksforhandlingene-2020.pdf, 848kB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og Småbruker utgivelsesplan 2020
(bs-plan-2020.pdf, 402kB)

/share/mime/48/pdf.png Studieheftet 2020 – Foran jordbruksforhandlingene
(studieheftet-2020.pdf, 817kB)

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2020
(moteplan-for-2020.pdf, 103kB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41, 0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970167943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vipps nummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as