Kva verdi har jorda?

I landet vårt har vi 3% dyrka mark. Det er ikkje mykje. Nyleg var to saker om arealbruk oppe til handsaming i Stortinget. Forbod mot nydyrking av myr, og saka om styrka jordvernmål.

Har koronakrisa gjort at politikarane er opptekne av korleis vi kan nytte arealet vi har, spør Eli Berge Ness, politisk nestleiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, i denne kronikken.

Forbodet mot nydyrking av myr er omstridd.  Vedtaket er alvorlegast for Vestlandet og Nord-Norge, her utgjer myr potensielt nydyrkingsareal. Samstundes er dette område der styresmaktene stadig vurderer  kva tiltak som kan setjast inn for å styrke jordbruket for å unngå meir nedlegging, då utviklinga her når det gjeld tal gardsbruk er alvorleg.

Forskarar knytte til NIBIO meiner det er faglege grunnar for at eit generelt forbod mot dyrking av myr må nyanserast og erstattast av ei vurdering av kva kategoriar myr som kan dyrkast og korleis. Norsk Bonde- og Småbrukarlag meiner ein må sjå på saka på nytt.

Regjeringspartia og FRP gjekk inn for å utsetje arbeidet om styrka jordvernmål, og vil vidareføre målet om ei grense på 4000 daa årleg. Med 3% areal dyrka mark, er dette ei dramatisk utvikling. Matjorda som blir omdisponert, har tyngda i dei gode klimaområda. Skal ein omdisponere jord, bør det  vere den dårlegaste matjorda. Slik er det ikkje.

Samstundes går nedbygginga av dyrkbar mark opp. Dyrkbar mark er mark som er mogeleg å bruke  til matproduksjon, men ikkje er i drift i dag. Nedbygging av denne typen jord er ikkje regulert på same måte som dyrka mark. Denne utviklinga, saman med forbod mot nydyrking av myr, gjer at vi øydelegg moglegheitene for å auke arealet for matproduksjon i framtida.

Mykje areal går i dag ut av drift. Teigar som er små og tungdrivne passar dårleg inn i ein kvardag der samfunnet krev at bønder må bli meir effektive for å prøve å halde oppe eit inntektsnivå til å leve av. Då blir det beste og mest lettstelte arealet attraktivt. Areal der ein kan bruke store og tunge maskiner som arbeider effektivt. Norsk Bonde- og Småbrukarlag meiner dette er ei uheldig utvikling. Vi treng fleire, ikkje færre bønder om vi skal klare å nytte areala våre, og vi må gjere det verdt innsatsen å nytte dei tungdrivne areala.

Norsk Bonde- og Småbrukarlag ønskjer arealtilskot på teignivå.  Til no har vi ikkje fått med Bondelaget. Argumenta våre er mange og gode, så vi håpar dei kjem etter. Med dagens teknologi er det  mogeleg å gje tilskot til areal ut frå kor tungdrive det er, og korleis jorda blir nytta. Dette vil bli ei mykje meir rettferdig ordning, og styrke arealbruken.

Denne våren har vi opplevd krisetilstand i Norge. Bønder var ei av gruppene  definert til å ha kritiske samfunnsfunksjonar. Vi har sett at sjølvforsyning og matproduksjon er viktig. Vi må legge til rette for at dei 3 % matjord som finst, ikkje blir redusert. Vi må sikre jord som i framtida vil kunne vere matjord, og stimulere til at meir enn det mest lettdrivne arealet blir brukt.

Matjorda er lite verd utan folk med kompetanse til å produsere noko på den. Vi må sikre eit inntekstnivå i jordbruket som gjer at vi har bønder i framtida og kan produsere mat i heile landet. Verdien av jorda vi har til disposisjon må verdsetjast.


Eli Berge Ness
Politisk nestleiar
Norsk Bonde-og Småbrukarlag

 

Kronikken stod først på trykk i Klassekampen 16.06.20


Velg ditt fylkeslag

Kontakt med sekretariat

Kontoret  til Norsk Bonde- og Småbrukarlag er nå stort sett daglig bemannet.

Dersom det ikke lykkes å komme igjennom til kontoret, kontakt: 

Kjersti Hoff, tlf 971 20 960, kjersti@smabrukarlaget.no

Olaf Godli, tlf 975 46 142, olaf@smabrukarlaget.no

Vilde Haarsaker, tlf 476 68 984, vilde@smabrukarlaget.no

Artikler fra siste utgave av medlemsbladet nr 5 - 2020

Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Anna Blix kronikk
(anna-blix-kronikk.pdf, 113kB)

/share/mime/48/pdf.png Strategiarbeid
(strategiarbeid.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og Småbruker utgivelsesplan 2020
(bs-plan-2020.pdf, 402kB)

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2020
(moteplan-for-2020.pdf, 103kB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41, 0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970167943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vipps nummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as