LANDBRUKET MED NYE MOGELEGHEITER, LANDBRUKS- OG MATMINISTER?

I kronikken din datert 28. juli fyrste gong på regjeringa sine nettsider, og omatt 8.august på Aktuelt frå Landbruks- og matdepartementet, gjer du eit poeng av at ansvarlegheit hjå Norges Bondelag gjer viktige grep for å møta nokre av dei største utfordringane i norsk landbrukspolitikk. Utfordringane i den norske landbrukspolitikken blir vel nokså ulikt oppfatta alt etter kven som uttalar seg. Nokre, som du og dine meiningsfeller, meiner landbruket skal omstrukturerast enno meir og fortare, medan mange av oss andre meiner denne utviklinga skadar framtidig norsk landbruk.

Du skriv at me vil produsera mest mogeleg av maten vår sjølv i Noreg. Korleis skal dette gå til når du frå talarstolen på landsmøtet til Norges Bondelag minner alle om at du er liberalist, og at dette vil avspegla den komande Stortingsmeldinga om matproduksjon dei næraste åra? Skal færre, men større bønder løysa framtidig matproduksjon til ei aukande folkemengd, samstundes som mykje areal vil gå ut av produksjon når mange mindre bønder vert skvisa ut pga svekka økonomi? Utfordringane er ikkje auka matproduksjon i dag, men evnen til å kunna produsera nok mat i framtida. Ei av dei største utfordringane blir å takla klimapåverkingar i jordbruket. Har den regjeringa du er del av ein plan for dette?

Vil det du seier om at bønder som private næringsdrivande i framtida skal ta det fulle ansvar om produksjonen slår feil, bety at jordbruket er overlete til seg sjølv uansett skadeomfang eller skadegjerar? Det er temmeleg provoserande for bønder å måtta lesa og høyra at dei til nå ikkje har teke ansvar. Sjølv om du er oppvaksen på gardsbruk og har ei fortid i kjøtbransjen, kan det verka som om din kjennskap til bønder sin kvardag er overflateprega.
Du skriv at avtalen mellom Norges Bondelag og staten tek omsyn til små og mellomstore gardsbruk. Korleis gjer den det all den tid budsjettstøtta justert for kroneverdi går ned, og me dermed får nominell reduksjon av overføringane? I 2014 var det ingen budsjettauke, i 2015 var den på 45 mill kroner, og i 2016 på 100 mill kroner. Tvert om er «subsidiane» som du omtalar jordbruksstøtta, dei siste 3 åra meir og meir retta mot dei størra gardsbruka. Di regjering sin politikk går med andre ord ut på å støtta dei største -og ut frå normal oppfatning- dei som skal vera dei sterkasta i jordbruket vårt. Når alle avgrensingar i produksjons- og arealtilskot er oppheva, vil ein minkande del av pengar over jordbruksoppgjeret gå til dei mindre gardsbruka, dei som ikkje når opp i stor produksjon pga avgrensa areal. Partiprogramma til Høgre og Frp er også klare på minkande overføringar til jordbruket.
Samla er denne gruppa av dei små og mellomstore dei viktigaste bøndene for å oppfylla måla frå Stortinget om auke i matproduksjonen i tråd med folketalsauken. Desse bøndene er og avgjerande for å oppfylla andre viktige mål som Stortinget har sett for jordbruk i heile landet.

I kronikken din skriv du at staten og bondelaget tek investeringsutfordringane på alvor. Mjølkeproduksjonen har fått eit betre grunnlag for god utvikling. Når «Partnerskapet» i Rogaland freista ta styring med korleis dei ville at Innovasjon Norge skulle bruka investeringskapitalen i sitt fylke innad i mjølkeproduksjonen, sette staten ved landbruks- og matdepartementet foten ned.

Det verkar for mange av oss at den «gode utviklinga i mjølkeproduksjonen» er framleis stø kurs for færre og mykje større mjølkebruk. Utsettinga av lausdriftkravet hadde ingen føringar med seg vedkomande investeringar som fortel oss at små og mellomstore mjølkebruk også skal vera del av framtidig mjølkeproduksjon. Uansett produksjon i jordbruket vårt, er det vår meining at staten aktivt må ha tanke for at også mindre gardsbruk skal vera del av framtidsjordbruket. Dersom jordbruket skal oppfylla Stortinget sine mål om framtidig matvareproduksjon og gje landet tilgang til mat i høve til folkeauken, er dette den einaste vegen å gå. Stortinget burde her vore vakne og sett føringar for korleis investeringane i jordbruket skal vera for å stetta Stortinget sine eigne målsetjingar. Og investeringane må tilpassast for å møta dei miljø- og klimautfordringane landet vårt vil oppleva.

Å stikka kjeppar i hjula for dei store bøndene hjelper ikkje dei små, skriv du. I motsett fall hjelper det heller ikkje det norske jordbruket å spenna bein for dei små ved å gjera deira jordbrukskvardag vanskelegare økonomisk. Det er vist i analysar og rapportar at jordbruket i mange småbruks-fylke taper terreng når det gjeld verdiskaping og produksjon. Matproduksjonen vert sentralisert, og dette er ikkje god måloppnåing ut frå Stortinget sine ynskje.
At inngåtte avtalar dei 3 siste åra har auka inntekta til snittbonden med 18,75 % pr årsverk fortel svært lite om «tetting av det store inntektsgapet» som var eit hovudkrav i jordbrukstingingane dette året. Dette gapet er framleis stort- og større enn ved inngangen til jordbrukstingingane. Korleis ser du for deg at inntektsskilnaden mellom matprodusentar og andre grupper i samfunnet kan opphevast?

Det er veldig mykje betre at betre måloppnåing kjem frå auka, og meir effektiv produksjon, enn frå auka subsidiering, skriv du. Ute i Europa slit mange bønder no økonomisk med produksjon ute av kontroll, og i uballanse med marknaden. I land som har langt betre tilhøve for matproduksjon enn oss her i Noreg, er vekstfilosofien i ferd med å kvela jordbruket. Di regjering sitt store fokus på stor produksjon hjå dei «mest effektive», og som i tillegg er subsidiert heilt opp til siste liter og kilo og alt areal, er berre ei norsk utgåve av denne politikken.

I kronikken din skriv du ingen ting om tollvern eller marknadsregulering. Dette passar kanskje bra med regjeringa sitt syn på korleis stor og effektiv matproduksjon skal tilpassa seg og bli konkurransedyktig. Desse to bærebjelkane i norsk matproduksjon er likevel svært viktige for alle norske bønder, og for næringsmiddelindustrien. Det er med stor spenning- og ein del uro- at me ser fram til om desse to hovudstolpane i vårt norske jordbruk får ein sentral plass i meldinga.

Arne Lofthus
fungerande leiar
Norsk Bonde- og Småbrukarlag

Kronikk: Nye muligheiter i landbruket v/ landbruks- og matminister Jon Georg Dale


Velg ditt fylkeslag

Kontakt med sekretariat

Kontoret  til Norsk Bonde- og Småbrukarlag er uten daglig bemanning slik situasjonen er.

For henvendelser som gjelder medlemskap/medlemsregisteret; ring medlemssekretær Cathrine Engelstad, tlf 904 13 376, e-post medlem@smabrukarlaget.no på dagtid.

Ellers, kontakt: 

Kjersti Hoff, tlf 971 20 960, kjersti@smabrukarlaget.no

Olaf Godli, tlf 975 46 142, olaf@smabrukarlaget.no

John P Løvstad, tlf 450 25 212, john.petter@smabrukarlaget.no

Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Foran jordbruksforhandlingene 2020
(foran-jordbruksforhandlingene-2020.pdf, 848kB)

/share/mime/48/pdf.png Klimakur
(klimakur-medl.avis.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Vilde Haarsaker
(vildehaarsaker-ny-ass-gen-sekr.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Ole Jacob Christensen kronikk
(o-j-christensen-kronikk.pdf, 107kB)

/share/mime/48/pdf.png Medlemsverving
(medlemsverving.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og Småbruker utgivelsesplan 2020
(bs-plan-2020.pdf, 402kB)

/share/mime/48/pdf.png Studieheftet 2020 – Foran jordbruksforhandlingene
(studieheftet-2020.pdf, 817kB)

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2020
(moteplan-for-2020.pdf, 103kB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41, 0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970167943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vipps nummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as