Mat først

Overskrifta på dette innlegget har me lånt frå den amerikanske tankesmia Food first. 16. oktober er Verdas matdag. Bakgrunnen for markeringa er at FAO, FN-organisasjonen for mat og landbruk, vart oppretta for 75 år sidan, i oktober 1945. I fjor var det markeringar på dagen i minst 150 land. I år med korona-pandemi blir arrangementa annleis, men kanskje endå meir omfattande.

Maten først altså. FNs menneskerettsfråsegn, artikkel 25, seier at alle menneske har rett til akseptabel levestandard når det gjeld mat, klede, bustad, helsevern og personleg tryggleik. Eit av FNs berekraftmål er å utrydde svolt, oppnå mattryggleik for alle, betre ernæring og berekraftig landbruk innan 2030. Tildelinga av Nobels fredspris 2020 til Verdas matprogram viser at dette er ei hovudsak også for Nobelkomiteen.

Millionar familiar i mange land er i daglege konfliktar om korleis knapp mat skal fordelast. Skal barna som skal på skole eller i barnearbeid, få først og mest mat, eller dei mindre barna som må unngå veksthemming og synsskadar av vitamin- og jodmangel, eller mannen som skal prøve å selje eiga arbeidskraft og difor må vise seg frisk og uthaldande, eller kona som skal bere fram eit barn til? Mat og vatn fører til konfliktar mellom samfunn og land, som mellom Sudan, Etiopia og Egypt om vatnet i Nilen.

Om verdssamfunnet lykkast i å utrydde svolten, vil me få ei verd med friskare innbyggjarar, innbyggjarar med meir overskot til læring og arbeid og med lengre liv, og me har fjerna ei hovudårsak til krigar og konfliktar. For første gong i historia er det i vår tid også mogeleg å nå dette målet. Me har naturressursar, kunnskapar og metodar for å produsere nok mat, og me har infrastruktur for å fordele maten. Då FN vedtok å utrydde svolten innan 2030, var det ut frå ein tanke om at det er råd å få det til.

Men det går feil veg. FAOs reviderte og meir presise 2020-tal viser at nesten 690 millionar menneske lever under sveltegrensa heile tida og endå langt fleire i periodar. Dei viser at talet på menneske som svelt, har auka år for år etter at berekraftmålet kom i 2015, i fjor såleis med 10 millionar. FAO spår at Covid-19-pandemien vil føre til auke i talet på svoltoffer med mellom 83 og 132 millionar dette året. Noko av grunnlaget for denne vurderinga er at meir enn to milliardar menneske er utan stabil tilgang til nok, næringsrik og trygg mat.

Tiltak handlar om verdssamfunnet, og det handlar i vårt land om kva me kan bidra med. Mange forskingsarbeid har vist at støtte til småbruk og familiebruk ofte er den mest effektive forma for bistand til fattige land, og at mange små bidrag er til betre hjelp enn få store. Småbondefamiliar treng solcellepanel for leselys og lading av mobiltelefonar, slik at dei kan utrydde analfabetisme og følgje vêrmeldingar, dei treng gnagarsikre kornlager, tilgang til vatn og sykkel for å kome seg til marknaden. Skulemat gjer at barna går til skulen, at dei får iallfall eitt godt måltid om dagen og at færre jenter i skulealder blir gifta bort. På 1970-talet gjekk 25-30 prosent av norske bistandsmidlar til landbruk, så har det gått nedover og nedover. No blir berre eit par prosentar av bistanden nytta slik.

I vårt land verkar svolt som eit problem for dei andre og ikkje for oss. Men også Norge har ein sårbar matproduksjon. Me er avhengige av importert fôr, av kunstgjødsel, fossilt brensel, maskindelar, dyremedisinar, sprøytemiddel til planter, og me får stadig færre gardsbruk i drift. Liksom korona dette året har ramma menneske, kan sjukdomsmikrobar ramme både husdyr og planter, både i vårt land og i land me importerer frå. Når kloden blir varmare og vêret villare og våtare, artsmangfaldet blir mindre og matjord eroderer, vil ikkje matvarer lenger vere kjøpars marknad.

Det gode svaret på desse utfordringane er ikkje meir importmat, ikkje færre gardsbruk og ikkje monokulturell drift. Det gode svaret er fleire matprodusentar, fleire gardar i drift, eit større mangfald av matplanter og husdyr, grasplenar gjorde om til grønsak- og potethagar, barneskular med grønsakhagar, noko matkorn lagra i felles kornmagasin og meir i spiskammer i tusentals bustadhus, nye bustadhus bygde med matkjellar og framtidige innbyggjarar med kunnskapar om matproduksjon av ulike slag.

Kjem me dit i vårt land at me har ein god mattryggleik, vil det også gjere oss betre rusta til å gå i spissen for at alle land skal nå det same målet.

Politiske parti som før 2021-valet forpliktar seg til å arbeide for å realisere desse måla, får ei stjerne i boka hos oss i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Parti som i tillegg forpliktar seg til å arbeide for at Norge no skal slutte seg til FN-fråsegna om rettane til bønder og andre arbeidsfolk i bygder, får to stjerner. Fråsegna vart vedteken hausten 2018, men Norge var blant dei 49 landa som avstod frå å stemme og har enno ikkje diskutert om me skal slutte oss til ho.


Velg ditt fylkeslag

LANDSMØTET VIA TEAMS 31. OKTOBER. FOR PÅMELDING TRYKK HER!

Det blir siste generalprøve 26.10. kl. 19.00–20.00. Meld deg på og få en e-post med link til å koble deg opp.

/share/mime/48/pdf.png Landsmøtehefte
(landsmotehefte-2020.pdf, 580kB)

/share/mime/48/pdf.png Strategidokument til landsmøtet
(strategidokument-til-landsmotet.pdf, 110kB)

Kontakt med sekretariat

Kontoret  til Norsk Bonde- og Småbrukarlag er nå daglig bemannet.

Dersom det ikke lykkes å komme igjennom til kontoret, kontakt: 

Olaf Godli, tlf 975 46 142, olaf@smabrukarlaget.no

Vilde Haarsaker, tlf 476 68 984, vilde@smabrukarlaget.no

Artikler fra siste utgave av medlemsbladet

Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Strategiarbeid
(strategiarbeid.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og Småbruker utgivelsesplan 2020
(bonde-og-smabruker-utgivelsesplan2020.pdf, 440kB)

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2020
(moteplan-for-2020.pdf, 103kB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41, 0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970167943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vippsnummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as