Open høyring om pelsdyrnæringa i Stortinget sin næringskomite

Gode medlemer av Næringskomiteen!

Det er eit stort  fokus på krav til dyrevelferd i pelsdyrnæringa. Det er samstundes sett store krav til næringa gjennom sertifiseringssystem som regulerer kven som kan produsera skinn  for sal. Ingen andre dyrehald i Noreg har dei same rutinane for kontroll der KSL- revisorar, 3 årlege veterinærbesøk, mattilsynskontrollar og  fleire uanmeldte vitjingar er del av det næringa må leva etter. Etter slike kontrollar  no sist oktober vart det observert at over 99,9% av kontrollerte dyr var friske og  utan skadar. Samanlikna med nokre andre næringar i matproduksjonen på land og i vatn er dette særdeles høgt.

Dersom Stortinget gjennom Regjeringa og Landbruks- og Matdepartementet ynskjer å fjerna pelsdyrnæringa som lovleg inntektsgjevande næring , knytt til mange gardsbruk i Noreg gjennom tilleggsnæring, meiner Norsk Bonde- og Småbrukarlag at samfunnet skal seia nettopp det gjennom eit lovforbod. Då skal og samfunnet ta sitt heilt klare ansvar og tilby erstatning til dei oppdrettarane som vert råka.
Hugs at mange av desse har investert fleire millionar kroner i anlegg som er tilpassa forskrifta frå 2011, og som er heimla i dyrevelferdslova frå 2009. Kravet om 75% større burareal og tilgang til liggjehylle for avlsdyr av mink fekk som resultat fleksible burløysingar. Næringa godtok dette fordi forsking viste at gruppehald let seg gjennomføra.
I Grunnlova § 5, bokmålsversjon står det: «Fordrer statens tarv at noen må avgi sin rørlige eller urørlige eiendom til offentlig bruk så bør han eller hun ha full erstatning av statskassen». Norsk Bonde- og Småbrukarlag er fullt klar over at ei oppegåande lovavdeling har passivisert denne paragrafen, men spørsmålet om erstatning bør ha med redelegheit å gjera. Samstundes ville det då vore på sin plass å forby import , sal og bruk av pels til kledeindustrien.

Når denne meldinga frå landbruks- og matdepartementet til Stortinget set så harde krav til tal mink i bura, der gruppehald av mink vert ulovleg,  vert det økonomiske utkomet frå denne delen av pelsdyrnæringa svært vanskeleg. Dette veit myndigheitene svært godt. Store investeringar er gjort ut frå siste krava til dyrehald. Ei halvering av dyretalet medfører også auka kostnader gjennom produksjon av fòr og transportkostnader av fòret, gjerne opp til 40% auke.  Dette vil svekka inntektsgrunnlaget for dei som har dette som næring.  Pelsdyrnæringa vil  med dette  på sikt opphøyra i Noreg. Når rammevilkåra med auka kostnader blir så endra i høve konkurrerande naboland som Danmark og Finnland, bør regjeringa spørja seg sjølv om denne næringa er bærekraftig over tid? Dersom svaret er nei, bør næringa kompenserast.

Det er vidare lagt inn eit forbod mot fiksering av rev under inseminering. Kva andre dyreslag i jordbruket opplever ikkje fiksering under inseminering? Det er ein del av kvardagen under dette arbeidet.

Pelsdyrnæringa tek unna slakteavfall i storleiksorden ca 48000 tonn, omlag 4000 lastebillass som slakteria idag får betalt for. Alternativ bruk av dette slakteavfallet kan vera destruering eller til biogassanlegg til ein kostnad som slakteria må ta att på andre måtar.

For våre medlemer er pelsdyrhald tilleggsnæring til anna jordbruksdrift. Alle her veit at denne tilleggsnæringa er plassert i det som vert sett på som distriktsjordbruket. Ei innstramming av regelverk råkar dermed dei frå før mest marginale områda av jordbruket.

Pelsdyrnæringa(NPA) har  innført sjølvjustis med eiga sertifiseringsordning til kven som  får driva med gruppehald av mink ut frå krav til høge standardar til dyrevelferd. Evt. brot på reglar medfører opphøyr av medlemskap.


Velg ditt fylkeslag

Kontakt med sekretariat

Kontoret  til Norsk Bonde- og Småbrukarlag er uten daglig bemanning slik situasjonen er.

For henvendelser som gjelder medlemskap/medlemsregisteret; ring medlemssekretær Cathrine Engelstad, tlf 904 13 376, e-post medlem@smabrukarlaget.no på dagtid.

Ellers, kontakt: 

Kjersti Hoff, tlf 971 20 960, kjersti@smabrukarlaget.no

Olaf Godli, tlf 975 46 142, olaf@smabrukarlaget.no

John P Løvstad, tlf 450 25 212, john.petter@smabrukarlaget.no

Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Foran jordbruksforhandlingene 2020
(foran-jordbruksforhandlingene-2020.pdf, 848kB)

/share/mime/48/pdf.png Klimakur
(klimakur-medl.avis.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Vilde Haarsaker
(vildehaarsaker-ny-ass-gen-sekr.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Ole Jacob Christensen kronikk
(o-j-christensen-kronikk.pdf, 107kB)

/share/mime/48/pdf.png Medlemsverving
(medlemsverving.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og Småbruker utgivelsesplan 2020
(bs-plan-2020.pdf, 402kB)

/share/mime/48/pdf.png Studieheftet 2020 – Foran jordbruksforhandlingene
(studieheftet-2020.pdf, 817kB)

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2020
(moteplan-for-2020.pdf, 103kB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41, 0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970167943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vipps nummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as