"Øyrekviskraren takkar av"

Etter 42 år som tilsett i Norsk Bonde- og Småbrukarlag går John Petter Løvstad av med pensjon 26. februar.

John Petter Løvstad vart tilsett i Oppland Bonde- og Småbrukarlag 15. oktober 1978. Han arbeidde i det som då heitte forsøksringen om sommaren, og i OBS om vinteren. I 1981 vart han tilsett som konsulent på hovudkontoret i Oslo, og frå 1989 har han vore assisterande generalsekretær.

Mange har fått glede av dei politiske analysane hans, den allsidige kunnskapen og hukommelsen for kva som blir sagt av kven når, og i kva slag situasjonar.

Kor mange arbeidstimar han har lagt ned for jordbrukarar i heile landet og for organisasjonen Norsk Bonde- og Småbrukarlag, er det nok ikkje mogeleg å rekne på.

Lokalmaten, og å kunne drive vidareforedling for å auke verdien av produksjonen ein har på garden, er nok det han brenn mest for. Sjølv trekk han gjerne fram Norsk Bonde- og Småbrukarlag si avgjerande rolle som pådrivar for lokalmatsatsinga for rundt 20 år sidan. På den tida var det berre ein handfull produsentar som dreiv med lokalmat. Etter initiativ frå NBS, gjekk eit einstemmig Stortinget i 2000 inn for å etablere eit verdiskapingsprogram for lokalmat under Innovasjon Norge. I 2003 fekk NBS gjennomslag for at det skulle vere lov å produsere meir mjølk enn du har kvote til, om denne mjølka blei brukt til å lage eigne produkt for sal. Desse to grepa har vore heilt avgjerande for at norsk lokalmatproduksjon, og særleg mjølkeforedling, skaut fart.

I organisasjonar som NBS er det slik at tillitsvalde kjem og går. Kunnskap og erfaring blir opparbeidd, men folk blir skifta ut. 14 leiarar har det vore i Norsk Bonde- og Småbrukarlag i tida John Petter har vore tilsett. Det har vore ein styrke for organisasjonen å ha «generalane»; John Petter og seinare Olaf, som faste haldepunkt og kunnskapsbase.

John Petter har arbeidd strategisk med å byggje relasjonar til stortingspolitikarar og media gjennom innspel og god kommunikasjon. Med mykje som skal prioriterast i organisasjonen, kan det vere godt å ha ein som minner om at ein må sortere ut dei viktigaste tinga, dei som betyr noko for resultatet ein vil oppnå.

I mars 2020 gjekk han frå stillinga som assisterande generalsekretær og over til å vere «øyrekviskrar». Denne tittelen gav han seg sjølv, og det er ei rolle han fyller godt.

Denne månaden var John Petter med på siste styremøtet sitt i NBS. Det var styremøte nummer 320 han deltok på. «Det er når meninger brytes man kommer framover. Men det må være kunnskap i bånn», minte han oss på.

No håpar vi han får meir tid på hytta med bikkjene, og på jakt.

Takk for innsatsen for norsk matproduksjon, bønder, bruk av jord og for Norsk Bonde- og Småbrukarlag.


Velg ditt fylkeslag

Kontakt med sekretariat

Tlf sentralbord: 22 00 59 10

E-post:
medlem@smabrukarlaget.no  post@smabrukarlaget.no

/share/mime/48/pdf.png Studieheftet 2021
(studieheftet-2021.pdf, 647kB)

/share/mime/48/pdf.png Håndbok for Reko-ringen
(handbok-for-reko-ringen.pdf, 661kB)

/share/mime/48/pdf.png Årsmelding 2019-20
(arsmelding-2019-2020-siste.pdf, 2MB)

/share/mime/48/pdf.png Strategidokument til landsmøtet
(strategidokument-til-landsmotet.pdf, 110kB)

Artikler fra siste utgave av medlemsbladet

Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Bonde og Småbruker utgivelsesplan 2021
(bonde-og-smabruker-utgivelsesplan-2021.pdf, 756kB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og småbruker, nr.3 2021_Forside
(bogsnr321s1.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og småbruker, nr.3 2021_Leder, kronikk
(bogsnr321s2.pdf, 114kB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og småbruker, nr.3 2021_Salmonella i norsk dagligvarehandel
(bogsnr321s3.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og småbruker, nr.3 2021_Tre av fire bruk borte på 50 år
(bogsnr321s4.pdf, 297kB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og småbruker, nr.3 2021_- Endelig satt på plass
(bogsnr321s8.pdf, 1MB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41, 0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970167943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vippsnummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as