Påminning om ope brev til statsminister Erna Solberg

Påminning om ope brev. dato: 07.07.2016

Gode Statsminister Erna Solberg.

Det er no gått ei relativt lang tid sidan du mottok dette opne brevet under. Situasjonen i ulike beiteområde i landet er høgst uakseptabel i høve beitedyr og skade/angrep frå rovvilt. Politikarane på Stortinget har vedteke bestandsmål for dei ulike rovviltartane, og prioriterte beiteområde er godkjent av dei same politikarane.

Det kan ikkje vera rett at husdyrbønder/ beitebrukarar i mange område i landet dagleg skal leva med redsla for rovviltdrap og skade på buskap. Når politiske vedtak er gjorde , skal forvaltinga på alle plan syta for at dei rette tiltaka vert sett iverk når skade og drap oppstår.
Dessutan må det reint folkerettsleg vera slik at forvaltingsorgana i alle fylke reagerer likt i høve meldingar om skade og drap frå rovvilt. Beitesommaren er den viktigaste tida for bønder som driv med småfe på beite. Då legg ein det siste grunnlaget for ein sunn økonomi i drifta. Difor må det og vera rett at Fylkesmenn og direktorat har kyndige personar tilstades i beitesesongen, som raskt kan reagera på meldingar om skade og drap. Noko anna er uakseptabelt.
Dei helsemessige påkjenningar som oppstår når husdyrbønder vert råka av rovviltskade/drap er enorme. Den stadige redsla som folk lever med i beitesesongen gjer at mange av desse husdyrbøndene vert sjuke både psykisk og fysisk. At storsamfunnet skal påføra slike lidingar på ei lita gruppe av folket er uverdig og uakseptabelt. Smertelidingar på husdyra som vert råka av rovviltangrep er openberre.
Skal storsamfunnet blunda for dette? Nord-Fron kommune har helsepersonell og hjelpeapparat som automatisk trør til ved varsel om skade/drap. Når situasjonen er slik i ein kommune, bør dette vera eit varsel om at situasjonen er komen ut av kontroll.
Husdyrnæringa i mange deler av landet føler seg tilsidesett, utsett for trenering frå forvaltarsida, og under sterkt økonomisk press i tillegg til sjukdomsaspektet. Vil det ikkje vera på sin plass at du som landet sin øvste politisk valde talsperson kjem med uttale på dette opne brevet som er vedlagt under. Situasjonen er så konfliktfyllt mellom beitebrukarane og styrande / utøvande organ, at eit svar frå landet sin Statsminister vil vera viktig alle dei som er råka av rovviltproblema.

Med helsing
Arne Lofthus
Fungerande leiar Norsk Bonde- og
Småbrukarlag.

/share/mime/48/pdf.png Åpent brev til statsminister Erna Solberg fra Merete Furuberg
(apent-brev-til-statsminister-erna-solberg-fra-merete-furuberg.pdf, 205kB)


Velg ditt fylkeslag

Kontakt med sekretariat

Kontoret  til Norsk Bonde- og Småbrukarlag er uten daglig bemanning slik situasjonen er.

For henvendelser som gjelder medlemskap/medlemsregisteret; ring medlemssekretær Cathrine Engelstad, tlf 904 13 376, e-post medlem@smabrukarlaget.no på dagtid.

Ellers, kontakt: 

Kjersti Hoff, tlf 971 20 960, kjersti@smabrukarlaget.no

Olaf Godli, tlf 975 46 142, olaf@smabrukarlaget.no

John P Løvstad, tlf 450 25 212, john.petter@smabrukarlaget.no

Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Foran jordbruksforhandlingene 2020
(foran-jordbruksforhandlingene-2020.pdf, 848kB)

/share/mime/48/pdf.png Klimakur
(klimakur-medl.avis.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Vilde Haarsaker
(vildehaarsaker-ny-ass-gen-sekr.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Ole Jacob Christensen kronikk
(o-j-christensen-kronikk.pdf, 107kB)

/share/mime/48/pdf.png Medlemsverving
(medlemsverving.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og Småbruker utgivelsesplan 2020
(bs-plan-2020.pdf, 402kB)

/share/mime/48/pdf.png Studieheftet 2020 – Foran jordbruksforhandlingene
(studieheftet-2020.pdf, 817kB)

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2020
(moteplan-for-2020.pdf, 103kB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41, 0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970167943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vipps nummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as