Arne kjem frå Vinje i Telemark. Han er 70 år, eller som han påstår sjølv: «gamal som alle haugar, heng i eit horn på veggen og gjev stundom lyd frå seg derifrå».
I 1979 overtok han slektsgarden, melde seg inn i NBS etter oppmoding frå Helge Bergo og fekk vera med på den sterkaste framgangen i småbrukarrørsla etter krigen. I Vinje blei NBS snart det største faglaget. Dei var stolte av organisasjonen, som stod fram som ein uavhengig og tydeleg kritikar av bruksnedlegging, avfolking og sentralisering, med visjonar om ein matproduksjon tufta på våre eigne ressursar i inn- og utmark.
På garden var det sauehald og skogsdrift som passa best. Det var dette familien levde av. Men det blei stadig vanskelegare å leva av ein typisk fjellgard i Vest-Telemark – noko som i seg sjølv motiverte for å arbeide i NBS. Og det gjorde han: På 20 år var Arne innom dei fleste verva ein kan få i organisasjonen, bortsett frå leiar i lokallaget.
Telemarkingane er nokså tradisjonsmedvitne, men i jola viste det seg at det er nordfjordingane òg. I Vinje er koka aure, fiskesuppe og kling (lefse) joleftasmat, men Kari som ættar frå Nordfjord var vane med pinnekjøt. Ho vann forhandlingane. Auren frå Vinjevatn blei forvist til joledagen; på joleftan samlar dei seg om urøykt pinnekjøt frå eigne sauer.
I nokre år no har Arne vore med i utmarksutvalet i NBS. Utmark er eit omfattande felt, bokstaveleg talt. 3 % av arealet vårt er dyrka; 90 % er utmark, av det er halvparten tilgjengeleg for matproduksjon gjennom beiting. Det norske samfunnet har heilt fram til moderne tid hatt utmarksbruk som ein del av eksistensgrunnlaget, og beitebruken må i framtida bli ein mykje viktigare del av matforsyninga vår enn i dag. Men konfliktane står i kø: bruk eller vern, rovdyr, energiproduksjon, hyttebygging, fritidsaktivitetar og mykje meir.
Utmarksutvalet kjempar framfor alt for beiteinteressene. For tida førebur dei ein stor konferanse med særleg vekt på konsekvensane av hyttebygging i mange fjellkommunar.
Tidspunktet er avhengig av pandemiutviklinga. I Nord-Troms er det ei sak som er prinsipielt viktig for å avklare beiterettane mot allemannsretten i friluftslova: Det dreiar seg om organisert hundekøyring i eit beiteområde for sau.
Korleis kan unge engasjere seg i NBS? Arne pip fylgjande frå hornet sitt: Våg å vera radikal! Tenk utanfor boksen! Skal me få ei endring i landbrukspolitikken, så må den innretninga som har ført oss dit me er i dag, endrast: forhandlingsinstituttet. No vil regjeringa auke sjølvforsyninga og stoppe bruksnedlegginga, akkurat som NBS har sagt i ei årrekkje. Viss me er samde om det, kvifor skal me då møtast som motpartar? Kvifor skal staten gå inn i eit jordbruksoppgjer med eit uærleg tilbod, slik som i vår, i staden for å drøfte med faglaga kva som faktisk skal til for å nå dei jordbrukspolitiske måla? Ungdom i NBS: Krev at staten ikkje lyg om situasjonen i jordbruket, men er ærleg i skildringa av situasjonen! Krev respekt for dei som er nøydde til å hente inntekter i andre yrke for å finansiere drifta av garden! Ver tydlege på at dette ikkje held! Minn Stortinget og regjeringa på at det er dei som har ansvaret for at de og etterkomarane dykkar får nok å eta, ikkje kvar enkelt bonde!
Arnes spørsmål i premiekonkurransen vår: Kor mange fôreiningar blir kvart år henta ut frå utmarka, og kor stort er potensialet? Meir informasjon om korleis du kan svare og kva du kan vinne lenger ned.