Varsko! Landbruket er i krise

Landsmøtet i Norsk Bonde og Småbrukarlag krev ei tidfesta inntektsutjamning i løpet av inneverande stortingsperiode. For å nå dette målet vil vårt krav til forhandlingane 2022 vera eit reelt inntektsløft på minimum det som skal til for å vera i rute til full inntektsutjamning innan 4 år, pluss full dekning av auka kostnader. Vi må frå no av kreva det som er realøkonomisk naudsynt og ikkje det som er realpolitisk mogleg!

Dette er en uttalelse fra landsmøtet i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. 

Norsk Bonde og Småbrukarlag har over lang tid peika på den alvorlege situasjonen i norsk landbruk. I så og sei alle sektorar av næringa var, og er, situasjonen prega av svært dårleg økonomi. Norske bønder arbeider for under halve timelønna av det norske arbeidarar har.

Seinare har me fått «bondeopprøret» som har tydeleggjort og understreka vår beskriving av den økonomiske situasjonen for enkeltbonden. Bondeopprøret har gjort det mogleg for bønder, som elles ikkje kjem til orde, å beskriva situasjonen på deira eige bruk. Og, mange av desse historiane er sterke beskrivingar av ein kvardag som ikkje er verdig ein velferdsstat.

Pandemi og stadig aukande bekymring for klimaendringar har ført til ei sjeldan stor interesse for landbruk i media, men berre unntaksvis ser me forpliktande lovnader frå politikerane våre. 

Me kan difor ikkje konkludera på annan måte enn at me ikkje, tydeleg nok, har klart å formidla den ekstremt vanskelege økonomiske situasjonen som pregar kvardagen for norske bønder.

Me vil difor løfta fram det same kravet som i fjor.

Me krev inntektsutjamning i løpet av inneverande Stortingsperiode. Talmaterialet det vert forhandla ut frå må gåast gjennom og kvalitetssikrast. I framtida må det verta slik at me forhandlar for inneverande år. For å nå desse måla vert vårt krav til forhandlingane eit reellt inntektsløft for alle bønder som inneber at næringa kan oppnå inntektsutjamning innan 4 år pluss full dekning av auka kostnader.

Samstundes vil me ropa eit tydeleg varsko! Den svake økonomien i landbruket kombinert med nye krav til drifta som krev store investeringar kan, dersom det ikkje skjer store endringar, føra til at svært mange gardsbruk vert lagde ned i åra som kjem. Svært mange arbeidsplasser knytta til næringa kan gå tapt, kompetanse bygd opp over generasjonar vil forsvinna, beredskapen vert svekka og viktig kulturlandskap vil gå tapt. Vidare vil sjølforsyningsgraden bli ytterlegare svekka, stikk i strid med politikerane sine ønske.

Ein del politikerar trur at auka tilgang på investeringsmiddel kan redda landbruket ut av krisa. Landsmøtet i Norsk Bonde- og Småbrukarlag vil åtvara mot å tilføra meir investeringskapital inn i det systemet som er no. Uten inntektsutjamning er auka kapitaltilgang ei dødsline for næringa!

Me må vera ærlege og innsjå at det kostar å halda oppe ein matproduksjon tufta på nasjonale ressursar. Mange års underfinansiering av landbruket betyr at me har eit etterslep på 18-20 milliardar kroner som må koma på plass i denne stortingsperioden. Avtalesystemet må gjennomgåast og riggast for å tena den norske bonden og slik kan ein ny kurs stakast ut.

Fine festtaleformuleringar om verdien av landbruket kan ingen bønder betala rekningar med. Me krev inntektsutjamning no!

 

 

Kontakt:

Stig Arild Helgesen

Leder av redaksjonskomitéen, landsmøtet til Norsk Bonde- og Småbrukarlag

E-post: sahelgesen@gmail.com

Tlf: 481 56 697

 

Kjersti Hoff

Leder i Norsk Bonde- og Småbrukarlag

E-post: kjersti@smabrukarlaget.no

Tlf: 971 20 960


Velg ditt fylkeslag

Kontakt med sekretariat

Tlf sentralbord: 22 00 59 10

E-post:
medlem@smabrukarlaget.no  post@smabrukarlaget.no

/share/mime/48/pdf.png Årsmelding 2020-21
(arsmelding-2020-2021-korrekt-lav-opplosning.pdf, 3MB)

/share/mime/48/pdf.png Årsmelding 2019-20
(arsmelding-2019-2020-siste.pdf, 2MB)

Artikler fra siste utgave av medlemsbladet

Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Bonde og Småbruker utgivelsesplan 2021
(bs_medieplan_2021.pdf, 304kB)

/share/mime/48/pdf.png Utgivelsesplan Bonde og Småbruker 2022
(bs_medieplan_2022.pdf, 145kB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og Småbruker nr.8/21
(bonde-og-smabruker-nr.8-lav-opplosning.pdf, 16MB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41, 0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970167943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vippsnummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as