Oppland Bonde- og Småbrukarlag

Kyr på beite

Kan vi snu den norske matskuta?

Kronikk av fylkesleiar Trond Klaape: 

Koronaviruset set Noreg som nasjon på prøve. Eit tenkt framtidsscenario kan innehalde handelsblokade, grensestenging og redusert tilgang på importerte mat- og fôrråvarer.

Kvinner og barn samlar seg i krysset mellom Karl Johans gate og Skippergata. I hendene ber dei tomme korger og bulkete spann. Kunstnaren og sosialrealisten Christian Krohg er augevitne til hendinga. Synsinntrykka resulterer i det kjende måleriet «Kampen for tilværelsen», og har sidan 1889 vore utstilt i Nasjonalgalleriet. Måleriet skildrar ein reell krisesituasjon, som var representativ for dei sosiale tilhøva i hovudstaden og landet elles.

12. mars 2020 innførte regjeringa dei strengaste og mest restriktive tiltaka Noreg har hatt i fredstid. Kampen mot koronaviruset er eit felles nasjonalt prosjekt, der kvar enkelt innbyggjar må ta sin del av ansvaret. Heile landet er kalla inn til dugnad med pliktig oppmøte. Samtidig rapporterer media om kaostilstandar og tomme butikkhyller. Hermetikk, ferskvarer og dopapir er gjenstand for hamstring.

Dei tre store matvareaktørane er tydelege i sin tale: Ta det med ro! Det er, og blir, mat og daglegvarer nok til alle!

TINE, Nortura og Felleskjøpet er bondeeigde samvirkeorganisasjonar, med ansvar for marknadsregulering på mjølk, kjøtt, egg og kornvarer. Marknadsregulator har både mottaks- og forsyningsplikt, og bidreg til at råvareprodusenten får levert sine varer til så høg pris som mogleg. Ordninga gjeld for heile landet.

Saman med avtalepunkta frå jordbruksforhandlingane skal marknadsreguleringa bidra til å jamne ut kostnadene ved ein spreidd jordbruksproduksjon. Marknadspris blir regulert, korrigert og utjamna ut frå geografiske, klimatiske og topografiske omsyn.

Ifølgje tal frå mat- og serveringsbransjen (matvett.no) vart det i 2018 kasta 390.000 tonn frå kartlagde verdikjedeledd, inkludert forbrukar. Talmaterialet konkluderer med at norske husstandar står for over halvparten av det totale matsvinnet. Korrigert for importerte fôrråvarer er den norske sjølvforsyningsgraden i underkant av 40 %.

Havbruksnæringa og jordbruket har innretta sin produksjon ut frå ein volummodell som krev tilførsel av soyabaserte proteinkjelder. Norsk matproduksjon bidreg såleis til å okkupere landareal på andre sida av kloden, samtidig som fattige småbønder mistar råderetten over sitt eige jordsmonn.

Den norske utmarka utgjer 95 % av Noregs totale landareal. Nesten halvparten av dette arealet er eigna som husdyrbeite. Ifølgje Norsk Institutt for Bioøkonomi (2016) kan beitebruken meir enn doblast.

Har opplevinga til Christian Krohg blitt eit gløymd kapittel i vår felles nasjonale hukommelse? Eller er vi i stand til å snu den nasjonale skuta over i meir berekraftig farvatn?

Koronaviruset set Noreg som nasjon på prøve. Eit tenkt framtidsscenario kan innehalde handelsblokade, grensestenging og redusert tilgang på importerte mat- og fôrråvarer. Den nasjonale dugnaden kallar norske bønder til å slå ring om sine etablerte samvirkeorganisasjonar. Desse vart til i ei tid der bøndene sjølve måtte forhandle med sine oppkjøparar om høgast mogleg pris. Tilskotsordningane må dreiast over til å styrke dei driftseiningane som innrettar produksjonen ut frå garden og utmarka sitt totale arealgrunnlag. Den jamne norske forbrukar må starte ein mental snuoperasjon, der komande generasjonar lærer forskjellen på matvett og fråtsing.

 


Velg ditt fylkeslag

Kontakt med sekretariat

Kontoret  til Norsk Bonde- og Småbrukarlag er uten daglig bemanning slik situasjonen er.

For henvendelser som gjelder medlemskap/medlemsregisteret; ring medlemssekretær Cathrine Engelstad, tlf 904 13 376, e-post medlem@smabrukarlaget.no på dagtid.

Ellers, kontakt: 

Kjersti Hoff, tlf 971 20 960, kjersti@smabrukarlaget.no

Olaf Godli, tlf 975 46 142, olaf@smabrukarlaget.no

John P Løvstad, tlf 450 25 212, john.petter@smabrukarlaget.no

Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Foran jordbruksforhandlingene 2020
(foran-jordbruksforhandlingene-2020.pdf, 848kB)

/share/mime/48/pdf.png Klimakur
(klimakur-medl.avis.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Vilde Haarsaker
(vildehaarsaker-ny-ass-gen-sekr.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Ole Jacob Christensen kronikk
(o-j-christensen-kronikk.pdf, 107kB)

/share/mime/48/pdf.png Medlemsverving
(medlemsverving.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og Småbruker utgivelsesplan 2020
(bs-plan-2020.pdf, 402kB)

/share/mime/48/pdf.png Studieheftet 2020 – Foran jordbruksforhandlingene
(studieheftet-2020.pdf, 817kB)

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2020
(moteplan-for-2020.pdf, 103kB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41, 0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970167943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vipps nummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as